Møter Træff 2 heime måndag kl 19 |
![]() |
![]() |
![]() |
Skrive av administrator | |||
måndag 23. mai 2022 08:53 | |||
 Vestnes Varfjell har hatt ei god treningsveke der det også har vore tid til litt sosialt samvær då klubb-kokk Lars Jørgen Skjegstad diska opp med mat etter ei trening.  Fjorårets Vestnes Varfjell-trenar Ole Håkon Heen Lien er i trenarapparatet til Træff 2 som noko overraskande står utan poeng så langt i årets 4. divisjon. Laget rykka opp frå 5. divisjon i fjor og har også tidlegare Vestnes Varfjell-spelar Olav Dalhaug i stallen.  Kanskje blir det også eit gjensyn med årets spelar i Norge i 2009, Makhhar Thioune. Møt opp og hei heimelaget fram til årets første heimeseier!
|
|||
Sist oppdatert måndag 23. mai 2022 09:06 |