Gav seriefavoritten god kamp, men årets første tap |
![]() |
![]() |
![]() |
fredag 06. mai 2022 20:49 | |||
 SJÅ BILDEGALLERI HER | SJÅ KAMPEN I OPPTAK I VARFJELL-TV  Heimelaget gjekk ut utan respekt mot eliteserie-rekruttane frå Nordmøre, og det var ikkje ufortent at laget fekk det første målet. Amund Stavem lada venstrefoten på frispark like utanfor hjørnet av 16-meteren, og ballen fauk inn i lengste hjørne.  KBK 2 hadde som venta ballen mykje, men greide ikkje skapte mykje mot eit godt Varfjell-forsvar. Først mot slutten av omgangen vart det verkeleg fare på ferde. Først redda Owen Connor eit godt forsøk, før gjestane fekk 2-3 sjanar før siste retur satt i mål. 1-1 ved halv tid.  Det var ei regn- og vindfull avslutning på kampen, og etter pause kom KBK med ein liten storm mot Varfjell-målet. Heimelaget greide ikkje å henge med på 1-2. 1-3 kom på eit frispark og styring inne i feltet, mens Varfjell-forsvaret igjen var utspelt då KBK 2 kom igjennom og auka til 1-4. I mellomtida hadde Vestnes Varfjell eit par gode sjansar på ein corner og der Vegar Skare sklei då han skulle sette ballen i mål etter at KBK-målvakta mista ballen.  Med eit kvarter att å spele, mobiliserte heimelaget til ein sluttspurt, men det vart med den eine reduseringa som kom på eit frekt skot frå rundt 30 meter signert Håvard Nybråten. Venstrekanten oppfatta at keeper sto langt ute og sendte i veg eit skot som endte opp i nettmaskane.  Alt i alt ein OK prestasjon av eit Vestnes-lag mot KBK 2 denne gongen, sjølv om det ikkje heldt til poeng. Neste fredag er det Kristiasund igjen, då er det også klart for årets første bortekamp mot KFK/CFK.  KAMPFAKTA: Vestnes Varfjell - Kristiansund BK 2 2-4 (1-1) 4. divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 6. mai 2022 kl 19 Vestnes idrettspark, 75 tilskuarar Mål: 1-0 (17) Amund Stavem 1-1 (34) Awet Ermias Alemseged 1-2 (51) Leander Næss Alvheim 1-3 (58) Johannes Andreas Schultz Wiig 1-4 (71) Alvheim 2-4 (76) Håvard Nybråten Dommar: Henning Sunde. Molde FK. Assistentdommarar: Per Ivar Skrøvset, Bøfjord og Eirik Stenberg, Elnesvågen Gult kort: Liam Connor (57), Oliver Connor Søreng (84). Leander Alvheim (16), Heine Gikling Bruseth (31), Mathias Knutsen (65), Vegard Dønnem (81), KBK 2 Vestnes Varfjell (4-3-3): Owen Connor: Juan Larsen, Ørjan Tangen (k), Liam Connor, Magnus Nerheim (Svein Erik Lange Male 46.) - Tor-Bjarne Løvik Salte, Amund Stavem, Oliver Connor Søreng - Håvard Nybråten, Elling Olafsen (Vegar Skare 62.), Adrian Kosinski (Knut Stian Eik 75.)
|
|||
Sist oppdatert søndag 08. mai 2022 16:21 |