Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Malmefjorden stadion fre., 27. mai. 2022 19:00
Malmefjorden
Malmefj.
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark mån., 23. mai. 2022 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
1-5 Træff 2
Træff2

Tabellen

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2022

# Team K Mål P
1 Dahle 5 13 13
2 Sunndal 5 6 13
3 Surnad. 5 4 12
4 KBK 2 5 10 10
5 Eide 5 -2 7
6 Midsund 5 -8 6
7 ÅIF 5 4 5
8 Varfjell 5 -3 5
9 KFK 4 -1 4
10 Tomref 5 -5 4
11 Træff2 5 -6 3
12 Malmefj. 4 -12 0

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Seieren glapp i heitt lokaloppjer PDF Skriv ut E-post
fredag 29. april 2022 19:55

(Vestnes Varfjell - Åndalsnes 2-2) Vestnes Varfjell hadde alle tre poenga inne etter skåringar av Håvard Nybråten og Knut Stian Eik, men eit omdiskutert straffespark mot slutten hindra årets første seier. Laget var nærmast seieren i eit tett og til tider ampert lokaloppgjer føre 120 tilskuarar i Vestnes idrettspark fredag.

SJÅ BILDEGALLERI FRÅ KAMPEN HER | VARFJELL-TV: SJÅ KAMPEN I OPPTAK

 

Kampen opna litt tamt og utan dei store sjansane. Etter eit kvarter fekk heimelaget endeleg sving på angprepsspelet sitt anført av servitør Amund Stavem på sentral midtbane. Laget fekk til kombinasjonane og fekk igang dei raske vingane med fine angrep inn i feltet. Eit av desse fann Knut Stian Eik, som heada i mål berre for å oppleve at assistentdommaren hadde reist flagget for offside. Videoen frå kampen viser at det var ei hårfin avgjersle. Så var det Elling Olafsen sin tur til å forsøke, men hodestøtet traff berre tverrliggaren.

Same Olafsen var servitør då heimelaget fortent tok føringa etter 34 minutt. Håvard Nybråten avanserte inn i feltet og plasserte ballen forbi ÅIF-målvakta. Gjestane, som hadde eit tap heime mot Midsund i serieopninga å revansjere, var nærme utlikning på eit skot like over krysset like etterpå. Fem minutt før pause fekk dei likevel 1-1. Varfjell-forsvaret nølte med å klarere og eit skot frå 20 meter lurte seg inn ved stolperota. 1-1 ved pause.

 

Vestnes Varfjell hadde eit overtak i starten av andre omgang og etter eit kvarter tok laget leiinga igjen. Innlegget frå Håvard fann Knut Stian Eik som heada i mål frå kloss hald. Heimelaget kjempa no på for å få eitt mål til som ville ha "punktert" kampen, men ti minutt før slutt peika dommaren på straffemerket for ein hands i feltet. Eit skot etter ein corner traff innbyttar Tor-Bjarne Løvik Salte. Varfjell protesterte og det vart peika på skuldra, sjølvsagt til døve ører. Straffek vart sett kontant ved stolpen og laga sto igjen like langt.  Like etter fall Elling Olafsen overende i andre sekstenmeteren. Også Adrian Kosinski appellerte for straffe noko før, men begge var nok det dommarekspertane kallar "lett berøring". Kampen ebba dermed ut med 2-2.

 

Til forskjell for "vennskapskampen" mot Tomrefjord sist, vart det denne gongen til tider høg temperatur. Dommaren delte ut mange gule kort, og også eit til ein spelar på Varfjell-benken etter straffesituasjonen (trur det var til Eik som var bytta ut). Begge trenarane fekk også kvar sin advarsel.

 

KAMPFAKTA

Vestnes Varfjell - Åndalsnes 2-2 (1-1)

Seriekamp, 4. divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 29. april 2022 kl 19

Vestnes idrettspark, 120 tilskuarar

Mål:

1-0 (34) Håvard Nybråten

1-1 (40) Ronald Dutra Paiva

2-1 (60) Knut Stian Eik

2-2 (80) Sindre Hammervold, straffespark

Dommar: Simon Sandvik, Elnesvågen

Gult kort: Olafsen, Eik, Tangen, Søreng. Bale og Paiva, Åndalsnes

Vestnes Varfjell (4-3-2-1): Owen Connor: Håkon Kjørvik, Ørjan Tangen (k), Liam Connor, Lars-Helge Lien - Amund Stavem, Elling Olafsen, Oliver Connor Søreng - Håvard Nybråten. Adrian Kosinski - Knut Stian Eik (Tor-Bjarne Løvik Salte 74.)

 

Sist oppdatert laurdag 30. april 2022 14:04