Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Malmefjorden stadion fre., 27. mai. 2022 19:00
Malmefjorden
Malmefj.
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark mån., 23. mai. 2022 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
1-5 Træff 2
Træff2

Tabellen

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2022

# Team K Mål P
1 Dahle 5 13 13
2 Sunndal 5 6 13
3 Surnad. 5 4 12
4 KBK 2 5 10 10
5 Eide 5 -2 7
6 Midsund 5 -8 6
7 ÅIF 5 4 5
8 Varfjell 5 -3 5
9 KFK 4 -1 4
10 Tomref 5 -5 4
11 Træff2 5 -6 3
12 Malmefj. 4 -12 0

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Null mål, men stor stemning i seriepremieren PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
fredag 22. april 2022 19:51

Som i fjor vart det eitt poeng til begge laga då Vestnes Varfjell tok imot Tomrefjord til lokaloppgjer og første kamp i årets 4. divisjon. Rundt 400 tilskuarar, blå røykbluss ved innmarsj og strålande vårsol skapte ei flott ramme rundt kampen.

SJÅ BILDEGALLERI FRÅ KAMPEN HER

Gjestane kom som regjerande seriemeister i halvsesongen i fjor, men det var det ikkje lett å sjå - i alle fall ikkje før pause. Første omgang var jamn og sjansefattig. Me noterte ein stor sjane til begge lag. Tomrefjord då nykommar Edvin da Silva Sæther kom aleine med keeper etter 18 minutt og heimelaget då Elling Olafsen fekk krangla seg til ei avslutning etter 37 minutt, men ballen trilla akkurat på feil side av stolpen.

 

I andre omgang tok Tomrefjord gradvis meir og meir over med sitt direktespel, og anført av da Silva Sæther og tidlegare Varfjell-kaptein Tommy Kanishi Andreassen skapte dei fleire store sjansar. Skot i stolperota og ei annullering for offside var det næraste dei gulkledde kom. I andre enden sleit Varfjell-angrepet å finne vegen forbi gjestane sitt kompakte forsvar. Adrin Kosinski hadde eit par gode skotforsøk, men aller nærast kom Tor-Bjarne Løvik Salte med eit skot som small i tverrliggaren fem minutt før slutt. Der kunne heimelaget ha snappa med seg alle tre poenga!

Kampen hardna litt til mot slutten og kampens gode dommar, Modolf Holm, måtte opp med gulkorte til slitne spelarar som kom på etterskot i taklingane.

 

Heile laget kjempa godt i dag, med eit ekstra pluss til Amund Stavem på mitbana og Liam Connor i midtforsvaret.

 

Gledeleg innhopp av Magnus Nerheim som har vore ute med skade i heile sesongoppkøyringa.

 

Sidan denne kampen var "snudd", blir det heimekamp også neste fredag for Vestnes Varfjell. Då kjem Åndalsnes på besøk til det som blir nok eit lokalderby.

 

KAMPFAKTA

Vestnes Varfjell - Tomrefjord 0-0

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 22. mai 2022 kl 19

Vestnes idrettspark, 400 tilskuarar

Dommar: Modolf Holm, Isfjorden IL

Assistentdommarar: Henning Sunde, Molde FK og Magnus Smørdal, Molde FK

Gult kort: Lars-Helge Lien (71), Tor-Bjarne Løvik Salte (85) og Knut Stian Eik (90), Vestnes Varfjell. Eirik Leao Tomren, Tomrefjord (86)

Laget: Owen Connor; Ørjan Tangen (k) (Juan Rikard Larsen 77.), Svein Erik Lange Male, Liam Connor, Lars-Helge Lien (Magnus Nerheim 77.) - Tor-Bjarne Løvik Salte, Oliver Connor Søreng, Amund Stavem - Håvard Nybråten (Knut Stian Eik 82.), Elling Olafsen, Adrian Kosinski

Sist oppdatert onsdag 27. april 2022 16:46