Vestnes Varfjell stiller B-lag i sjuarserien |
![]() |
![]() |
![]() |
Skrive av administrator | |||
torsdag 24. mars 2022 19:11 | |||
Vestnes Varfjell har meldt på eit seniorlag til. Dette skal spele i 7-arserien og først og fremst vere eit tilbod til spelarar som er første års junior, samt reserver frå A-laget. Klubben var godt i gang med eit andrelag før koronaen slo til, men mange fall frå etter to år utan seriespel. No har laget ein større A-stall enn på mange år samt ein del spelarar som har blitt for gamle for G16. I serien skal dei mellom anna spele mot Vågstranda der fleire gamle Varfjell-heltar har hamna etter karrieren.  Terminlista for Vestnes Varfjell menn 7-er ser slik ut: 26.04.2022   tirsdag   19.20   Bjørset - Vestnes Varfjell
|
|||
Sist oppdatert torsdag 24. mars 2022 19:39 |