Avslutta med knallskot på kveld under pari |
![]() |
![]() |
![]() |
onsdag 23. mars 2022 21:10 | |||
 Vestnes Varfjell drog onsdag kveld til Ålesund for å teste seg mot Blindheim, som rykka opp til 4. divisjon på Sunnmøre i fjor. Det vart ein kamp der Vestnes Varfjell aldri kom opp på det nivået laget har vist tidlegare i vinter. Laget sleit med å skape sjansar i første omgang. Då var vertane langt meir effektive. 1-0 kom etter eit kvarter på eit skot som gjekk under keeper. Vestnes Varfjell hadde eit visst overtak etter dette, men dei siste pasningane sat ikkje det næraste laget kom skåring var då Adrian Kosinski avslutta rett på keeper. Blindheim var flinke til å utnytte feil frå bortelaget og like før pause kom 2-0 etter ei kontring med frispel i midten og avslutning forbi keeper.  Andre omgang var det spel mot eitt mål det meste av tida, men då Vestnes Varfjell sleit med å få ballen i mål, var Blindheim igjen effektive og på ei ny kontring sto det 3-0. I andre enden hadde Håvard Nybråten sjansen tre gongar aleine med keeper, før han fann ut at det var meir effektivt å skyte frå langt hald. Klokka bikka 90 minutt då kantspelaren fekk tid til å sikte. Skotet var hardt og velplassert heilt oppe i krysset. Dette var hans første skåring etter overgangen frå Træff.  Neste kamp er mot Norborg/Brattvåg 2 på Vestnes om ei veke.  KAMPFAKTA Blindheim - Vestnes Varfjell 3-1 (2-0) Treningskamp, onsdag 23. mars 2022 kl 19 Blindheim stadion, 30 tilskuarar Mål: 1-0 (16) Sander Vadseth 2-0 (35) Johannes Tjøstheim 3-0 (80) Johannes Tjøstheim 3-1 (90) Håvard Nybråten Vestnes Varfjell (4-3-3): Owen Connor (Lars Håvard Heen Lien 46.): Håkon Kjørvik (Tor Bjarne Løvik Salte 46.), Ørjan Tangen (k) (Håkon Kjørvik 84.), Liam Connor, Lars-Helge Lien (Arjan Sylte 70.) - Jarle Løvik Salte (Dag Maier 68.), Vegard Ellingseter, Amund Stavem - Håvard Nybråten, Knut Stian Eik (Leo Krogset 74.), Adrian Kosinski (Airidas Skirgaila 68.)
|
|||
Sist oppdatert onsdag 23. mars 2022 22:05 |