Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Malmefjorden stadion fre., 27. mai. 2022 19:00
Malmefjorden
Malmefj.
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark mån., 23. mai. 2022 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
1-5 Træff 2
Træff2

Tabellen

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2022

# Team K Mål P
1 Dahle 5 13 13
2 Sunndal 5 6 13
3 Surnad. 5 4 12
4 KBK 2 5 10 10
5 Eide 5 -2 7
6 Midsund 5 -8 6
7 ÅIF 5 4 5
8 Varfjell 5 -3 5
9 KFK 4 -1 4
10 Tomref 5 -5 4
11 Træff2 5 -6 3
12 Malmefj. 4 -12 0

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Avslutta vellukka treningshelg mot tøff motstand PDF Skriv ut E-post
laurdag 12. mars 2022 17:13

Vestnes Varfjell avslutta ei vellukka treningshelg i Trøndelag med å tape 0-5 mot NTNUI på Salmarbanen på Lerkendal laurdag. Laget opna friskt mot laget som spelte i 3. divisjon så seint som i fjor og har spelarar med erfaring frå både 1. og 2. divisjon. Etter kvart vart det mange slitne og småskadde bein etter to kampar og ei treningsøkt på under 24 timar. Det sto 3-0 ved pause.

 

Keeper redda eit godt skotforsøk frå Tor-Bjarne Løvik Salte og Svein Erik Lange Male var farleg frampå på ein corner tidleg i kampen. Same Male, som var kaptein det meste av kampe etter at Vegar Skare måtte gje seg tidleg, fekk blåst straffe mot seg då ballen traff handa medan han låg nede. Ballen gjekk i mål, men forsøket frå 11 meter vart annullert fordi straffeskyttaren var borti ballen to gongar.

Vertane gjekk likevel opp i leiinga etter 24 minutt på eit skot frå 11 meter, og etter det hadde Vestnes Varfjell nok med å forsvare seg. 2-0 vart curla opp i krysset. 3-0 kom etter eit innlegg og skot frå kloss hald framom mål, like før hadde NTNUI hatt eit tverrliggarskot. Kampen dabba noko av etter pause og det vart med to nye skåringar rundt midtvegs, begge etter skot.

 

Trenar Alexander Connor er fornøgd med opphaldet der laget spelte to kampar mot god motstand frå trøndersk 4. divisjon  og gjennomførte i tillegg ei god treningsøkt. I tillegg er det sosiale viktig på ein slik tur, med felles middag laurdag kveld som høgdepunkt. Heile stallen på 23 spelarar var med, og alle, med unntak av dei som slit med skadar, fekk mykje speletid.

 

Laget: Owen Connor: Lars-Helge Lien (Dag Maier 73.), Svein Erik Lange Male (k), Håkon Kjørvik, Vegar Skare (k) (Dag Maier 15. (Arjan Sylte 63.) - Tor-Bjarne Løvik Salte (Vegard Ellingseter 46.), Oliver Connor Søreng (Knut Stian Eik 78.), Amund Stavem (Airidas Skirgaila 56.) - Håvard Nybråten, Knut Stian Eik (Ole Ragnar Forsland 46.), Adrian Kosinski

 

Gult kort: Dag Maier (37)

15 tilskuarr

Tidlegare Vestnes Varfjell-spelar  Liam Connor (son av trenar Alexander og bror til keeper Owen) kom innpå etter pause for NTNUI og spelte dermed for begge lag denne helga. Etter avtale med NTNUI spelte han for Vestnes Varfjell ein omgang mot KIL/Hemne og blir nok å sjå i marineblått også framover (meir om det seinare)

 

BILDEGALLERI FRÅ KAMPEN HER

Sist oppdatert onsdag 23. mars 2022 22:06