Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Malmefjorden stadion fre., 27. mai. 2022 19:00
Malmefjorden
Malmefj.
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark mån., 23. mai. 2022 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
1-5 Træff 2
Træff2

Tabellen

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2022

# Team K Mål P
1 Dahle 5 13 13
2 Sunndal 5 6 13
3 Surnad. 5 4 12
4 KBK 2 5 10 10
5 Eide 5 -2 7
6 Midsund 5 -8 6
7 ÅIF 5 4 5
8 Varfjell 5 -3 5
9 KFK 4 -1 4
10 Tomref 5 -5 4
11 Træff2 5 -6 3
12 Malmefj. 4 -12 0

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Seier i første kamp på treningshelg PDF Skriv ut E-post
fredag 11. mars 2022 19:55

Vestnes Varfjell er i helga på treningshelg i Trondheim. På vegen dit stoppa laget på Kyrksæterøra der dei møtte KIL/Hemne i Sodvinhallen. Det endte til slutt med seier 4-3, etter at vertskapet var i føringa 2-1 ved pause. Målskårar: Adrian Kosinski, Aridas Skirgaila 2 og Oliver Connor Søreng.

 

Laget stilte med to ulike lagoppstillingar i kvar omgang, og med eit par skadeunntak fekk alle i troppen på 23 spele minst ein omgang kvar.

 

Bussturen såg ut til å sitte litt i beina i starten, og KIL/Hemne gjekk opp i 2-0 før omgangen var halvspelt. Først 1-0 på ein corner, der keeper glapp ballen, så eit straffespark som dei fleste med marienblå auge meinte var feildømt.

 

Owen Connor retta opp feilen på 1-0 med ei god redning og hindra 3-0. Etter det var det Vestnes Varfjell som skapte sjansane. Ørjan Tangen hadde tre headingar like utanfor frå kloss hald, to av dei etter corner. Så skaut Knut Stian Eik utenfor på omtrent ope mål, før det var Tor-Bjarne Løvik Salte sin tur til å heade utanfor. Så hadde Adrian Kosinski to store sjansar før reduseringa satt. Kosinski skapte mykje trøbbel når han sette fart, og den nye kantspelaren med aldesbestemte landskampar for Polen kunne sette ballen kontrollert forbi keeper etter eit raid. Like før pause kunne Dag Maier ha utlikna, men skotet gjekk akkurat på feil side av stolpen.

 

Andre omgang starta med ein frekk lobb over frå Elling Olafsen. Så sette Aridas Skirgaila ballen i nettaket då han avslutta eit fint angrep til 2-2. KIL/Hemne svarte med å kontre inn 3-2, før Skirgaila var på farten igjen etter pasning frå Juan Larsen og 3-3. Kvarteret før slutt sørga Oliver Connor Søreng for seier 4-3 med eit godt plassert skot frå 16 meter.

 

Lagoppstilling 1. omgang (4-3-3): Owen Connor: Dag Maier, Håkon Kjørvik, Arjan Sylte, Lars-Helge Lien - Vegard Ellingseter, Ørjan Tangen (k) (Vegar Skare 39.), Tor-Bjarne Løvik Salte - Håvard Nybråten, Knut Stian Eik, Adrian Kosinski

 

Lagoppstilling 2. omgang (3-4-3): Owen Connor: Vegar Skare, Svein Erik Lange Male, Liam Connor - Ole Ragnar Opstad, Amund Stavem, Oliver Connor Søreng, Jarle Løvik Salte - Aridas Skirgaila, Elling Olafsen (Håvard Nybråten 53.), Juan Larsen

 

Ingen kort

 

25 tilskuarar

 

BILDEGALLERI FRÅ KAMPEN (BEKLAGAR DÅRLEG KVALITET)

 

BILDEGALLERI FRÅ TRENINGA LAURDAG FØREMIDDAG

Sist oppdatert onsdag 23. mars 2022 22:06