Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Dahle kunstgresspark laur., 23. okt. 2021 14:30
Dahle
Dahle
4-2 Referat
Vestnes Varfjell
Varfjell

Tabellen

# Team K Mål P
1 Tomref 11 16 29
2 KBK 2 11 34 28
3 Sunndal 11 10 22
4 Surnad. 11 29 19
5 ÅIF 11 4 18
6 Dahle 11 -4 16
7 Malmefj. 11 -6 16
8 Eide 11 -4 10
9 Varfjell 11 -14 10
10 KFK 11 -12 9
11 Midsund 11 -28 9
12 Smøla 11 -25 4

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Årets første seier etter dramatisk kamp PDF Skriv ut E-post
tysdag 05. oktober 2021 18:57

(KFK/CFK - Vestnes Varfjell 2-3) Elling Olafsen 2 og Lars-Helge Lien skåra då Varfjell snudde kampen i andre omgang på Kristiansund stadion og sikra årets første seier og svært viktige poeng i kampen for ny kontrakt i 4. divisjon. Kampen var ein hengekamp frå tidlegare i haust som vart utsatt grunna koronasmitte i KFK/CFK-troppen.

 

KFK/CFK, som har slått sterke lag som Sunndal og Åndalsnes i sine siste heimekampar, var best før pause. Laget tok leiinga på ein flott utført lobb frå langt hold frå veteranen Roar Henden. Ballen gjekk akkurat over keeper og sneik seg under tverrliggaren. KFK/CFK var farleg når dei sette fart framover og Vestnes Varfjell-forsvaret var på gyngande grunn fleire gongar. Vestnes Varfjell hadde berre nokre halvsjansar å by i første omgang. Fortent 1-0 ved pause.

 

Kampen jamna seg ut i andre omgang, og etter kvart fekk Vestnes Varfjell-spelarane trua på at det var muleg å få med seg noko frå kampen.

 

Utlikninga kom etter eit fint oppbygd andrep, der Erik Tomren først fann Elling Olfasen som flikka vidare til Lars-Helge Lien. Han plasserte ballen til side for keeper. Vestnes Varfjell fekk no blod på tann og ti minutt seinare var laget i føringa. Elling Olfasen kom plutseleg aleine igjennom etter eit langt utspel frå Owen Connor, tok ei finte på ein KFK-forsvarer og sette ballen til side for keeperl. Same mann heada så inn 3-1 like etter då han dukka opp på første stolpe etter ein corner frå Lars-Helge Lien.

 

Det var dramatisk på slutten med straffe og redusering til heimelaget etter med eit kvarter igjen. Dommar Skrøvset meinte Juan Rikard Larsen hadde handa for langt ut frå kroppen då ein KFK-spelar skaut ballen opp i handa på han frå kloss hald. KFK/CFK pressa på mot slutten, kom ikkje nærare enn nokre skotforsøk frå langt hald. Vestnes Varfjell kjempa som løver og rodde i land seieren etter fem overtidsminutt. I løpet av desse måtte laget også spele med ein mann mindra og etter raudt kort på til Vegard Ellingseter for ei tøff takling midt på bana. Då vart det ampert og også ein KFK-spelar fekk gult kort, medan Henden, som skubba Ellingseter over endre ungjekk sitt andre for kampen.

 

Litt mannefall vart det også utover i kampen, men heldigvis hadde laget med seg ein solid benk. Tre mann delte på kapteinsbindet: først Ørjan Tangen, så Vegar Skare og til slutt Svein Erik Lange Male.

 

Kampen vart strema av Tor Morten Salte og du kan sjå opptaket på Facebook-sida til Vestnes Varfjell Fotball.

 

Nokre bilde frå kampen her

KAMPFAKTA

KFK/CFK - Vestnes Varfjell 2-3 (1-0)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal, tirsdag 5. oktober kl 19

Kristiansund stadion, 50 tilskuarar (7 Vestnes Varfjell)

Mål:

1-0 (6) Roar Kristian Henden

1-1 (59) Lars-Helge Lien

1-2 (69) Elling Olafsen

1-2 (72) Olafsen

2-3 (75) Ali Hamondi, straffespark

Dommar: Per Iver Skrøvset, Bøfjord

Raudt kort: Vegard Ellingseter, Vestnes Varfjell (90 + 2). Gult kort: VV: Ole Ragnar Forsland (68), Tor-Bjaren Salte (78), Amund Stavem (87), og trener Ole Håkon Heen Lien (82=. KFK/CFK: Teodor Kazis Stene (20), Roar Henden (78), Ali Hamondi (90 +2)

Vestnes Varfjell (4-5-1/4-4-1-1): Owen Connor; Juan Rikard Larsen, Håkon Kjørvik, Ørjan Tangen (k) (Svein Erik Lange Male 46.), Magnus Nerheim (Ole-Ragnar Forsland 65.) - Oliver Connor Søreng (Eirik Leano Tomren 46.) Vegar Skare (Lars-Helge Lien 53.), Tor-Bjarne Løvik Salte, Amund Stavem (Lucas Våge 89.) - Elling Olafsen (Airidas Skirgaila 89.)

 

Sist oppdatert onsdag 06. oktober 2021 15:30
 

Våre sponsorar