Møter Sunndal heime fredag klokka 19 |
![]() |
![]() |
![]() |
Skrive av administrator | |||
fredag 01. oktober 2021 07:03 | |||
Ny heimekampventar i 4. divisjon fredag kveld når topplaget Sunndal kjem på besøk. Dei kjem frå seier i lokaloppgjer mot Surnadal, medan heimelaget jaktar sin første seier etter to uavgjorte på rad. Sunndal blir trent av Ole Bjørn Sundgot, best kjent som ein av S-ane i MFK på 1990-talet. Oversikt over tidlegare oppgjer finn du her. Møt opp og støtt heimelaget i det som blir ein ny fin fotballkveld under flomlyset i Vestnes idrettspark!  Kampen blir også streama av VarfjellTVs Asbjørn Vik. Denne sendinga finn du her.
|
|||
Sist oppdatert fredag 01. oktober 2021 07:25 |