Kanishi: – Verst å forlate lagkameratene |
![]() |
![]() |
![]() |
Skrive av administrator | |||
tysdag 10. august 2021 21:30 | |||
 Kanishi seier det var ei tung avgjerd å forlate moderklubben og at det verste var å forlate gode lagkameratar. Om korleis det blir å møte gamleklubben seier han: – Det blir veldig spesielt. Eg har mange kompisar der, og det verste er eigentleg at eg ikkje skal spele saman med dei. Vi var ein ganske samansveisa gjeng.  På spørsmål frå programleieren om det har vore pengar involvert, svarer han avvisande: – Dei gir meg ei fantastisk grasbane å spele på. og det er nok. Det var det som var tunga på vektskåla, seier Kanishi.  Det blir også snakka om adelskalenderen til Vestnes Varfjell der Kanishi med sine 249 kampar har eit stykke opp til Ronny Leikarnes med 385 heilt på toppen.  Lyttarane har også svart på spørsmål om overgangar i 4. divisjon. Ikkje overraskande har eit fleirtal kåra Tommy Kanishi til den beste offensive signeringa i 4. divisjon og den som vil bli mest sakna i sin gamle klubb.  I episoden er også KBK 2-trenar Leo Totev gjest. KBK 2 er som kjent vår første motstandar. Totev vil ikkje vere med på at laget hans er så store opprykksfavorittar som mange vil ha det til. Dei stiller eit ungt lag, men trenarer innrømmer stamtidig at dei har hatt eit fortrinn som har kunne trene som normalt og spele kampar i koronaperioden.  Podkasten er laga av Øystein Hjelle Bondhus i Surnadal og har alt komme til episode 3. Eit kjempebra tiltak og vel verdt ein lytt.  PODKASTEN KAN DU HØYRE HER (ligg også på andre plattformer)
|
|||
Sist oppdatert onsdag 11. august 2021 08:21 |