Skrive av administrator
|
søndag 03. mai 2020 17:04 |
Torsdag var A-laget til Vestnes Varfjell tilbake på treningsfeltet, seinare enn mange andre lag grunna strenge koronatiltak frå Vestnes kommune. Bygdebladet har snakka med trenar Alexander Connor som ikkje trur det blir ein vanleg 4. divisjon med opp- og nedrykk i år. – Nei, slik det ser ut no er det ikkje realistisk med dobbel serie som vanleg. Fotball blir det nok, men det blir i alle høve eit redusert produkt. For kvar dag som går uten at vi kjem i gang, ser eg ingen realisme i å gjennomføre normalt seriespel, seier Connor til avisa. Han trur det blir vanskeleg å spele fleire kampar i veka med tanke på at spelarane er opptatt med arbeid og skule. 4. divisjon skulle ha starta 17. april.
|
Sist oppdatert søndag 03. mai 2020 17:23 |