Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark laur., 19. okt. 2019 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
3-3 Åndalsnes
ÅIF

søn., 13. okt. 2019 15:00
Elnesvågen
Elnesv.
2-1 Vestnes Varfjell
Varfjell

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Berga plassen etter overtidsdrama! PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
laurdag 19. oktober 2019 16:11

18 sekund på overtid heada Vegar Skare inn 3-3 mot Åndalsnes i ein høgdramatisk kamp i Vestnes idrettspark laurdag. HER KAN DU SJÅ VIDEO AV SKÅRINGA SETT FRÅ TRIBUNEPLASS. (Foto: Airidas Skirgaila)

Eitt poeng betyr at Vestnes Varfjell beheld 9.-plassen også på sluttabellen og spelar i 4. divisjon også neste sesong.  Det eine poenget kan også halde for ÅIF som heldt Elnesvågen (direkte nedrykk) pg Averøykamertene bak seg etter at AK vann 3-0 i den andre "nedrykksfinalen". SJÅ SLUTTABELLEN HER

SJÅ BILDEGALLERI HER

SJÅ HEILE KAMPEN I OPPTAK I VARFJELL-TV (Foto: Asbjørn Vik)

Amund Stavem hadde kampens første goda avslutning, men det var ÅIF opna best i skjebnekampen og gjekk tidleg opp i 2-0. Først eit etter innlegg inn i feltet så eit skot frå utanfor 16-meteren. Tommy Kanishi hadde to sjansar til å redusere frå skot på keeper og aleine med keeper som fekk rydda opp. Heldigvis hadde Amund Stavem dagen. Han sørga aleine for at det sto 2-2, Først reduserte han på eit straffespark han sjølv skaffa før pause, før han tråkla seg fri med fleire lekre teknisk detaljar og utlikna frå kloss hald tidleg i andre omgang. 2-2 sto seg lenge, men ti minutt før slutt gjekk ÅIF  opp i leiinga 3-2 etter eit skot i krysset frå første stolpe, og sendte heimelaget ned på den høgst usikre 11.-plassen på tabellen. Dermed måtte Varfjell satse alt framover, og heldigvis kom utlikninga på overtid. Eit langt framspel frå Liam Connor der Vegar Skare vann i lufta og ballen gjekk i boge over ÅIF-forsvaret ein utrusande keeper og i spratt sakte, men sikkert inn i det tomme målet. Skåringa kom etter at laget hadde skapt sjanser på rekke og rad. Også på 2-2 hadde laget mange sjansar, så det var i alle fall fullt fortent då utlikninga kom. Me noterte fleire skot utanfor frå Amund Stavem, heading like utanfor frå Ørjan Tangen på corner og eit skot frå halv volley frå Elling Olfasen som keeper redda. Åif hadde også eit par sjansar i tillegg til skåringa

Kampens gode dommar hadde lagt til over fire minutt, men kampen ebba ut utan meir dramatikk og heimelag og heimepublikummarar kunne sleppe jubelen laus.

Over 150 tilskuarar frå heile sørsida av Romsdalsfjorden hadde tatt turen i det fine haustveret.

KAMPFAKTA:

Vestnes Vafjell - Åndalsnes 3-3 (1-2)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Laurdag 19. oktober 2019 kl 15

Vestnes idrettspark, 150 tilskuarar

Mål:

0-1 (9) Sindre Ramskeid

0-2 (15) Andreas Helle

1-2 (48) Amund Stavem, straffespark

2-2 (48) Stavem

2-3 (78) Sindre Hammervold

3-3 (90 +1) Vegar Skare

Dommar: Magnus Lysø, Rørvik IL

Gult kort: Erlend Bale (51) og Sindre Hammervold (71), begge ÅIF

Laget: Fredrik Bergslid; Ørjan Tangen, Sivert Nerheim, Liam Connor, Håkon Kjørvik (Adrian Liabø 88.) - Vegar Skare, Karl Arne Stokkeland (Elling Olafsen 45.), Vegard Ellingseter - Amund Stavem, Tommy Kanishi Andreassen, Juan Richard Larsen (Knut Stian Eik 85.)

 

 

Sist oppdatert tysdag 22. oktober 2019 10:11
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Hovedsponsor

salmarlogo.jpg

Våre sponsorar