Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Vestnes Idrettspark laur., 19. okt. 2019 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
--- Forhånds
Åndalsnes
ÅIF

Forrige kamp
søn., 13. okt. 2019 15:00
Elnesvågen
Elnesv.
2-1 Vestnes Varfjell
Varfjell

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 21 58 46
2 Surnad. 21 16 42
3 Eide 21 17 40
4 Dahle 21 20 37
5 Tomref 21 -8 30
6 KFK 21 7 29
7 Malmefj. 21 4 28
8 Midsund 21 -19 26
9 Varfjell 21 -22 22
10 ÅIF 21 -14 21
11 Elnesv. 21 -40 20
12 AK 21 -19 19

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Snytt for poeng etter keeperdrama på overtid PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
fredag 04. oktober 2019 20:06

Nesten fire minutt på overtid og i kampens siste sekund såg Vestnes Varfjell ut til å ha sikra seg eit viktig poeng heime mot tetlaget Kristiansund BK 2. Målvakt Fredrik Bergslid var sist på ballen etter at han hadde gått fram på den andre av to cornerar Vestnes Varfjell fekk på rappen. Bergslid sette ballen i mål etter at keeper hadde boksa ballen ut i duell med Svein Erik Lange Male. Dommar meinte Male hindra keeper og annulerte til store protestar. Heller ikkje ein prat med linjemannen fekk dommaren til å endre mening, og i neste selkund vart kampen blåst av. Bittert, sidan bilde frå hendinga viser at den kan diskuterast. Male meiner han ikkje gjorde noko gale, keeper til KBK meinte det var klart firspark, og dommar konkluderte med at Male rygga inn i målvakta. SJÅ SITUASJONEN HER (video frå kameraet til Bygdebladet-fotograf Edmund Melkild)

SJÅ HEILE KAMPEN I OPPTAK (foto: Asbjørn Vik)

BILDEGALLERI HER (av litt varierenade resultat :)

Dermed vart det altså null poeng i ein dramatisk kamp i flomlyset heime i Vestnes idrettspark. Det beste laget vann, la det vere sagt, men Vestnes Varfjell kjempa heroisk og nekta å gje opp sjølv om laget kom undet tre gongar.

0-1 kom på eit frispark frå 20 meter ved Sander Lille-Løvø, Bergslid var etter ballen som gjekk over muren og opp i hjørnet etter 20 minutt. Så snudde Vestnes Varfjell kampen til leiing 2-1 ved pause. Først heada Ørjan Tangen i mål etter 29 minutt etter eit perfekt slått frispark frå Amund Stavem før Liam Connor var først på ein retur etter eit Stavem-frispark inn i feltet like  før kvilen.

KBK 2 gjekk hardt ut etter pause, men måtte ha hjelp for å utlikne. Noah Solskjær, son av Ole Gunnar, sendte i veg eit langskot som ein uheldig Bergslid sleppte forbi seg ni minutt ut i omgangen. Synd for Bergslid som eller sto ein praktkamp og varta opp med mange store redningar. 22 minutt ut i andre omgang kom KBK 2 raskt på ei kontring langs kanten og innbyttar Jonas Nordli sendte kristiansunderane i leiinga. Tre minutt etter var det Varfjell sin tur til å ha flaks med ei keepertabbe. Vegard Ellingseters langskot vart somla over streken av KBK 2-målvakt Johannes Grimelid.

Men kampen var ikkje over med dette og ti minutt før slutt var KBK 2 igjen framom med eitt mål. Bergslid redda to gongar, men på det tredje forsøket fekk Lille-Løve sett returen i mål. Varfjell måtte no fram for å få noko ut av kampen anna enn eit hederleg tap. KBK 2 sette innpå trenar Anders Særvold, med erfaring frå MFK, medan ein annan eks-MFK-ar, Magne Hoseth tok over frå sidelinja. Juan Larsen hadde eit godt forsøk aleine med keeper med skot utanfor, men den store sjansen til å sikre poeng kom altså først langt inn i overtida.

To kampar står att av årets 4. divisjon: Borte mot Elnesvågen neste søndag og heime mot Åndalsnes laurdagen etter. Truleg må laget vinne minst ein av desse kampane for å unngå nedrykk.

PS: Elling "8 mål" Olafsen kom innpå mot slutten. Spissen har vore ute med skade sidan første serierunde. Laget måtte greie seg utan kaptein Tommy Kanishi som er på haustferie.

KAMPFAKTA:

Vestnes Varfjell - Kristiansund BK 2 3-4 (2-1)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Fredag 4. oktober 2019 kl 19

Vestnes idrettspark, 50 tilskuarar

Mål:
0-1 (21) Sander Lille-Løvø

1-1 (28) Ørjan Tangen

2-1 (44) Liam Connor

2-2 (54) Noah Solskjær

2-3 (69) Jonas Nordli

3-3 (70) Vegard Ellingseter

3-4 (80) Sander Lille-Løvø

Gult kort: Karl Arne Sokkeland (8), Vegard Ellingseter (60), Vestnes Varfjell; Sander Lille-Løvø (65) og Vegard Gjul (66), KBK 2

Dommar: Arnt Ivar Dale, Elnesvågen

Vestnes Varfjell (4-5-1): Fredrik Bergslid; Ørjan Tangen (k), Svein Erik Lange Male, Liam Connor (Knut Stian Eik 72), Håkon Kjørvik - Juan Rikard Larsen, Sivert Nerheim, Karl Arne Stokkeland (Eirik Tomren 62.), Vegar Skare, Vegard Ellingseter - Amund Stavem (Elling Olafsen 79.)

 

 

Sist oppdatert laurdag 05. oktober 2019 18:33
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Hovedsponsor

salmarlogo.jpg

Våre sponsorar