Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Vestnes Idrettspark laur., 19. okt. 2019 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
--- Forhånds
Åndalsnes
ÅIF

Forrige kamp
søn., 13. okt. 2019 15:00
Elnesvågen
Elnesv.
2-1 Vestnes Varfjell
Varfjell

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 21 58 46
2 Surnad. 21 16 42
3 Eide 21 17 40
4 Dahle 21 20 37
5 Tomref 21 -8 30
6 KFK 21 7 29
7 Malmefj. 21 4 28
8 Midsund 21 -19 26
9 Varfjell 21 -22 22
10 ÅIF 21 -14 21
11 Elnesv. 21 -40 20
12 AK 21 -19 19

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Sleit med å skape sjansar, då greip AK sjansen PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
fredag 20. september 2019 20:31

Vestnes Varfjell sleit med å skape sjansar mot Averøykameratene i fredagens 4. divisjonskamp i Vestnes idrettspark.  Gjestane skapte fleire, særleg i andre omgang, og vann dermed fortent etter ein flott soloprestasjon og skot til side for keeper ved Sondre Smenes i det 83. minutt.

VARFJELL-TV: SJÅ HEILE KAMPEN I OPPTAK

SJÅ BILDEGALLERI FRÅ KAMPEN

Vestnes Varfjell har hatt ein tendens til å vere "de hjelpeløses hjelper", som dei heiter i salmen. Tidlegare i år var det Elnesvågen som kom som botnlag til Vestnes og reiste heim med tre poeng. I kveld var det Averøykameratene, som kom på desperat poengjakt. Gjestane var akkurat så hardtkjempande og godt organiserte at det vart vanskeleg for heimelaget å skape nok.

Det er sjeldan notatblokka er så tom etter ein kamp som etter denne. I første omgang noterte me ein dobbeltsjanse til ein småsjuk kaptein Tommy Kanishi som avslutta både med hovud og bein etter eit innlegg rå Amund Stavem utan at ballen ville i mål. Resten av forsøka endte ut i ei rekke avvinkingar for offside. I andre enden måtte keeper Bergslid i aksjon ein gong heilt mot slutten. Elles hadde Varfjell ballen mykje, men altså utan å spele seg til dei store sjansane.

Kampbildet endra seg noko i andre omgang, då satsa gjestane litt meir framover og kom til eit par innlegg og skot utanfor. Då dei sette ballen over frå fem meter etter ein halvtime, såg det ut til å bli ein mållaus kveld heilt til Smenes dukka opp.  Vestnes Varfjell prøvde ein sluttspurt, men det vart med forsøka. AK hadde i staden sjansen til 2-0 på ei kontring, men Bergslid fekk rydda opp.

Vestnes Varfjell trengte seier etter to strake tap for å henge med i kampen om ei plassering på øvre halvdel av tabellen. Med vanskelege kampar mot topplaga Dahle (b) og KBK 2 (h) i vente, må laget i staden sjå seg bakover. KFK gjekk forbi fredag kveld og laurdag kan ÅIF gjere det same. AK ligg med kveldens seier berre seks poeng bak på nest sisteplass. Kor mange lag som rykker ned er uvisst, anna enn at det heilt sikkert blir eitt. Dersom vinnaren av avdelinga ikkje slår vinnaren på Sunnmøre i kvalifiseringa, blir det to lag som rykker ned med mindre ingen lag frå vår krets rykker ned frå 3. divisjon (Sunndal ligg for tida under streken). Skulle i tillegg Træff, som er i fritt fall på tabellen, eller Molde 2 rykke ned frå 3. divisjon, blir det tre lag som rykker ned. Og eit"i verste fall-scenario": Alle tre rykker ned og vinnaren av 4. divisjon ikkje rykker opp, då går fire lag (!) ned frå 4. divisjon. Oversikt over alle eventualitetar finn du her. Det er med andre ord alt å spele om i dei fire kampane som står att av årets serie.

KAMPFAKTA

Vestnes Varfjell - Averøykameratene 0-1 (0-0)

4.divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 20. september kl 19

Vestnes idrettspark, 70 tilskuarar

Mål: 0-1 (83) Sondre Smenes

Dommar: Eirik Hyldbakk Furu, Clausenengen

Gult kort: Amund Stavem (77) og Knut Stian Eik (90 + 2), Vestnes Varfjell

Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Cederik Andreassen, Sviert Nerheim, Svein Erik Lange Male (Knut Stian Eik 75.), Håkon Kjørvik - Ørjan Tangen, Karl Arne Stokkeland (Vegard Ellingseter 62.), Vegar Skare - Amund Stavem, Tommy Kanishi Andreassen (k), Juan Rikard Larsen (Eirik Crispim Tomren 81.)

 

Sist oppdatert laurdag 21. september 2019 12:53
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Hovedsponsor

salmarlogo.jpg

Våre sponsorar