Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Dahle kunstgresspark fre., 27. sep. 2019 19:00
Dahle
Dahle
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 20. sep. 2019 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
0-1 Averøykameratene
AK

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 18 44 37
2 Dahle 18 20 34
3 Eide 18 14 33
4 Surnad. 18 10 33
5 Tomref 18 1 26
6 Malmefj. 18 1 25
7 Midsund 18 -11 25
8 KFK 18 -1 22
9 Varfjell 18 -16 22
10 ÅIF 18 -4 21
11 AK 18 -17 16
12 Elnesv. 18 -41 15

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Slo topplaget i dramatisk kamp PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
fredag 30. august 2019 20:06

Vestnes Varfjell vann 3-2 mot Eide i ein spennande og tll tider dramatisk kamp mot Eide og Omegn fredag kveld. Eide kom til Vestnes á poeng med serieleiar KBK 2 og viste kvifor dei har vunne sju kampar på rad i 4. divisjon. Varfjell var rett nok farleg frampå i starten, men så tok gjestane over mykje av banespelet anført av Peter Berg Hestad, bror av Daniel Berg Hestad og nevø av trenarlegenda Odd Berg på Eide-benken.

VARFJELL-TV: SJÅ HEILE KAMPEN I OPPTAK HER

SJÅ BILDEGALLERI FRÅ KAMPE HER

Det var likevel Vestnes Varfjell som skulle ta leiinga. Amund Stavem gjekk på eit raid frå eigen banehalvdel og var forbi keeper som tok både mann og ball. Stavem sette sjølv inn 1-0 frå straffemerket. Eide utlikna ti minutt etter då Arnt Olav Brakstad heada inn ein corner. No skjedde ting raskt i Vestnes idrettspark.  Tommy Kanishi Andreassen sendte heimelaget i føringa igjen i neste angrep med eit hardt og velplassert skot etter fint forarbeid ved Knut Stian Eik. Jubelen hadde knapt stilna før Eide var ajour. Igjen var Brakstad framme med pannebrasken, denne gongen etter eit frispark som vart slått inn i feltet. Kanshi var nærme ny skåring like etter, men lobben gjekk over etter fint framspel frå Stavem. 2-2 ved pause.

Eide tok etter kvart over mot eit slitent Varfjell-lag etter pause og kom nærme skåring fleire gongar. Fedrik Bergslid varta opp med fleire kjemperedningar og nordmøringane traff både tverrliggar og stolpekrysset. Vertane måtte sette sin lit til kontringsstyrken og etter 28 minutt sto det 3-2. Vegard Ellingseter spelte fram Knut Stian Eik som sette ballen forbi keeper.

Resten av omgangen vart ein kamp med ryggen mot veggen for heimelaget, som kjempa som løver og rydda opp anført av Svein Erik Lange Male i forsvaret. Ti minutt før slutt fekk Eide indirekte firspark frå fem meter at Varfjell-målvakt Fredrik Bergslid var uheldig og tok opp ballen etter at han hadde sluppe den på bakken. Berg Hestad sto klar til å dundre ballen i mål, men Varfjell-muren på streken fekk rydda unna. Eide pressa på, men Varfjell heldt unna i sluttminutta og der dommaren la til fem minutt før jubelen kunne sleppast laus.

Nirut Mjøs var tilbake og spelte ein god kamp å midtbana heilt til han igjen måtte ut med skaden som har plaga han heile sesongen. Liam Cionnor førsøkte seg frå start, men måtte igjen gje seg tidleg. Frå før var Magnus Nerheim (strekk) og Ørjan Tangen (hovudskade) ute, i tilegg til Vegar Skare (jobb) og Karl Arne Stokkeland (jobbreise). Dermed måtte trenar Alexander Connor igjen grave djupt i sin eigen G16-stall for å fylle opp benken.

Ein av dei som fekk sjansen var Cédrik Ronnie Hellström Andreassen. 15-åringen, som denne veka vart tatt ut på kretslaget, har fotballgenene i behald. Han er barnebarn av den svenske keeperlegenda som han er oppkalt etter, Ronnie Hellström, og son av tidlegare Tomrefjord- og Varfjell-kjempe Cato Andreassen. Debuten betydde også  spel saman med storebror Tommy Kanishi Andreassen for første gong. Cedrik gjorde sine saker bra på høgrebacken og var bidrog sterkt til å stå i mot Eide-presset i andre omgang.

Seiere var faktisk den første mot Eide sidan dei kom opp på same nivå som oss att i 2015. To uavgjorte, eit par knepne tap har vore behaldninga i tillegg til seier i en treningskamp. Oversikt  over tidlegare oppgjer her.

Neste kamp er lokaloppgjeret borte mot Tomrefjord fredag.

KAMPFAKA

Vestnes Varfjell - Eide og omegn 3-2 (2-2)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 30. august 2019 kl 19

Vestnes idrettspark, 70 tilskuarar (ca 10 Eide)

Mål:

1-0 (13) Amund Stavem, straffespark

1-1 (25)  Arnt Olav Brakstad

2-1 (27) Tommy Kanishi Andreassen

2-2 (28) Brakstad

3-2 (73) Knut Stian Eik

Dommar: Martin Sørensen Kristiansen, Nordlandet

Gult kort: Sivert Nerheim (35), Tommy Kanishi Andreassen (55), Fredrik Bergslid (81), Eirik Crispim Tomren (89), Vestnes Varfjell; Nikolay Bruseth (50) og Peter Berg Hestad (89), Eide.

Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Håkon Kjørvik, Liam Connor (Cédrik Andressen 34.), Sivert Nerheim, Svein Erik Lange Male - Amund Stavem, Vegard Ellingseter, Nirut Mjøs (Jonas Lervik 70.) - Juan Rikard Larsen, Tommy Kanishi Andreassen, Knut Stian Eik (Eirik Crispim Tomren 79.)

 

Sist oppdatert laurdag 31. august 2019 11:28
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Hovedsponsor

salmarlogo.jpg

Våre sponsorar