Perle frå Larsen heldt berre nesten til poeng |
![]() |
![]() |
![]() |
Skrive av administrator | |||
fredag 23. august 2019 20:32 | |||
Varfjell, utan offensiv slagkraft i Kanishi og Stavem, kom litt meir med utover i andre omgang og utlikninga kom på vakkert vis etter ein drøy time. Knut Stian Eik gjorde forarbeidet før Juan Rikard Larsen curla ballen i krysset. Dessverre tok heimelaget føringa att på ei heading som var på veg utanfor før ballen traff en KFK-spelar og gjekk i mål. Det vart ropt på offside, men det er muleg Male var innanfor. Offside vart det seinare i kampen då Angvik snappa ballen frå Svein Erik Lange Male og sette ballen i mål. KFK hadde klart flest sjansar og vann fortent. Debut for unge Eirik Chrispim Tomren og Mustafa Ibrahim Chaaban. Begge bidrog til å sette fart på eit Varfjell- angrep som etter kvart greide å utfordre det rutinerte KFK-forsvaret. Chaaban vart matchvinnar for andrelaget som slo Bjørset 1-0 borte torsdag. Neste kamp er mot topplaget Eide heime fredag. Kampfakta: 1-0 Espen Gjerde (53), straffespark 1-1 Juan Rikard Larsen (68) 2-1 Ali Hamondi (77)
50 tilskuarar på Kristiansund stadion (Gressbanen), 8 frå Vestnes Dommar: Hans Georg Snevik, Bøfjord Gult kort: Jan Roger Angvik Angvik, KFK (85), Vegarad Ellingseter (90) og Håkon Kjørvik (90), Vestnes Varfjell Sjå bilde på Twitter: http://twitter.com/vestnesvarfjell
|
|||
Sist oppdatert måndag 26. august 2019 00:30 |