Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Dahle kunstgresspark fre., 27. sep. 2019 19:00
Dahle
Dahle
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 20. sep. 2019 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
0-1 Averøykameratene
AK

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 18 44 37
2 Dahle 18 20 34
3 Eide 18 14 33
4 Surnad. 18 10 33
5 Tomref 18 1 26
6 Malmefj. 18 1 25
7 Midsund 18 -11 25
8 KFK 18 -1 22
9 Varfjell 18 -16 22
10 ÅIF 18 -4 21
11 AK 18 -17 16
12 Elnesv. 18 -41 15

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Avgjorde etter nytt overtidsdrama PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
fredag 16. august 2019 20:11

Vestnes Varfjell såg ut til å gå på eit surt poengtap heime mot Midsund fredag kveld, men igjen vart eit frispark på overtid avgjerande. På stillinga 1-1 dømte dommaren indirekte frispark innanfor 16-meteren etter at Mdsund-målvakta heldt ballen i hendene altfor lenge. Med i vurderinga var nok også at keeperen hadde drøyd tid i mange situasjonar på rad like før, han vart også belønna med gult kort. Amund Stavem steppa opp og prikka inn 2-1. Like etter sendte Midsuind alle - inkludert keeper - fram for å prøve å få til ei utlikning. Knut Stian Eik oppfatta dette og sendte i veg eit langskot frå 70 meter som trilla inn i det tomme buret. Midsund tok leiinga 1-0 etter to minutt etter eit skot i nettaket frå kloss hald. Det var det ikkje mange som fekk med seg då kampen vart sett i gang ti minutt for tidleg. Ein uting me har opplevd litt for ofte. Kanskje var det Jugendfest Midsund skulle rekke, nokre spelarar var alt dratt dit. Ferja 21.10 rekk alle bortelag med kampstart 19.  Uansett var ikkje Varfjell med frå start, men kampbildet snudde raskt.  Knut Stian Eik utlikna åtte minutt før pause då han fekk stå aleine framom mål etter forarbeid av Tommy Kanishi. Det var litt tvil om ballen var inne, men ein årvaken assistentdommar markerte for skåring. Varfjell hadde presset i store delar av kampen, men måtte altså vente til overtida før seieren vart sikra også denne gongen.

Midsund, som har imponert ikkje minst på bortebane i år under trenar Erik Brakstad, la seg bakpå og satsa på kontringar. Dei tetta godt att, men Varfjell hadde mange sjansar også før dei avgjerande skåringane. På stillinga 0-1 var kaptein Tommy Kanishi eit stadig uromoment. Han serverte først til Eik som skaut utanfor via eit Midsund-bein, så skaut han sjlølv over frå god posisjon. Ein kombinasjon frå Eik og Kanishi endte hos Magnus Nerheim etter 20 minutt, men det vart berre nesten. Kanishi ufordra igjen Midsund-keeperen med eit skot. Håkon Kjørvik var nære 2-1 då han heada i tverrliggaren og Eik var nærme på returen. Så kom utlikninga ved same Eik. Omgangen vart avslutta med eit susande skot like over frå Stavem.

Presset heldt fram i andre omgang, men det gjekk lenge før dei store sjansane vart skapt. Rett nok hadde Eik ballen i mål to gongar, men då var det alt vinka for offside. Vegard Ellingseter lokka fram ei feberredning med sitt skot etter halvtimen før Vegar Skare heada over frå kloss hald. Så vart Magnus Nerheim lagt ned på veg igjennom. Det som såg ut som ei klar straffe med Varfjell-briller vart vinka vidare.

Karl Arne Stokkeland sesongdebuterte for ein skadd Kanishi rett etter pause og viste at han blir ei solid forsterking i haust. Neste kamp er borte mot Kristiansund FK som fredag slo Tomrefjord 4-1 på bortebane.

Kampfakta

0-1 (2) Ronald Tangen

1-1 (37) Knut Stian Eik

2-1 (90) Amund Stavem

3-1 (90 + 2) Knut Stian Eik

Dommar: Kurt Einar Ansnes, Kvass/ Ulvungen 
Gult kort: Midsund: Henning Arnestad (75), Gunnar Hofstad (90). Varfjell: Knut Stian Eik 91)

Laget: Bergslid; Kjørvik, Tangen, S Nerheim, Labø (Larse 88.) - Stavem, Elliingseter (Male 90.), Skare - M Nerheim, Kanishi (Stokkeland 55.), Eik

55 tilskuarar

Sjå video av det avgjerande frisparket i VarfjellTV

Sjå bildegalleri frå kampen her,

Sist oppdatert fredag 16. august 2019 21:59
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Hovedsponsor

salmarlogo.jpg

Våre sponsorar