Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark laur., 19. okt. 2019 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
3-3 Åndalsnes
ÅIF

søn., 13. okt. 2019 15:00
Elnesvågen
Elnesv.
2-1 Vestnes Varfjell
Varfjell

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Heldt stand i ein time, så dukka ein landslagsspelar opp PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
laurdag 15. juni 2019 13:48

Vestnes Varfjell heldt «nullen» i 60 minutt, men måtte til slutt sjå seg slått 0-3 mot topplaget KBK 2i sommarvarmen på Kristiansund stadion fredag. Blant publikum var Manchester United-manager Ole Gunnar Solskjær som var der for å sjå sonen Noah i aksjon.

 

Sjå opptak av kampen i VarfjellTV: 1. omgang | 2. omgang Foto: Asbjørn Vik

 

Første omgang var sjansefattig med heimelaget i føringa mot eit Varfjell-lag utan Stavem, Nerheim og Mjøs. Nærast kom KBK 2 på to avslutningar utanfor, medan keeper Fredrik Bergslid tok seg av resten saman med eit tett forsvar.

Etter pause kom Varfjell litt meir med i kampen, men gav eliteseriereservene litt meir spelerom bakover. Etter 60 minutt fekk Meinhard Egilsson Olsen ballen på midtbane og tråkla seg igjennom heile Varfjell-forsvaret før han sette ballen til side for keeper. Han spelte landskamp for Færøyene mot Spania så seint som for ei veke sidan.

– Det er forskjell på Sergio Ramos og de man møter her, seier KBK 2-trenar Anders Særvold, til Tidens Krav (lukka sak) og meiner færøyingen var eit konstant uromoment i kampen og kunne skåra fleire mål.

Ifølge TK var han ein av tre frå A-stallen som spelte denne kampen. Dei andre var målvakt Andreas Vaikla og Brent Lepistu. 2-0 kom ti minutt etter og igjen etter ei kontring. Kristoffer Hoven avslutta med skot i mål. William Dahlen fekk to forsøk før han greide å få ballen i mål tolv minutt før slutt.

Det stoppa på 3-0 og Vestnes Varfjell slapp stygge sifre som dei andre laga som gjesta KBK2 i år, der to lag har sleppt inn åtte mål og eit lag seks må. Nærast ei redusering var Tommy Kanishi som skaut over etter eit han kom fri innanfor 16-meteren.

Neste kamp er heime mot Elnesvågen fredag.

Laget: Fredrik Bergslid, Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male, Liam Connor (Knut Stian Eik 46.), Adrian Liabø - Juan Larsen (Audun Løkke 78.), Vegar Skare, Ørjan Tangen (Lars Helge Lien 87.), Vegard Ellingseter (Jonas Lervik 82.), Jarle Løvik Salte -Tommy  Kanishi Andreassen

 

Sist oppdatert søndag 16. juni 2019 18:21
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Hovedsponsor

salmarlogo.jpg

Våre sponsorar