Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark laur., 19. okt. 2019 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
3-3 Åndalsnes
ÅIF

søn., 13. okt. 2019 15:00
Elnesvågen
Elnesv.
2-1 Vestnes Varfjell
Varfjell

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Heldt ikkje distansen mot Dahle PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
fredag 07. juni 2019 21:27

Vestnes Varfjell gjekk til pause med 2-1-leiing, men rakna mot slutten av andre omgang og tapte 2-4 mot Dahle fredag. Tommy Kanishi og Amund Stavem på straffe var målskårarar.

Sjå heile kampen i opptak på VarfjellTV

Bildegalleri frå kampen her

Dahle kom seint til Vestnes grunna lange fergekøer i Molde grunna pinse og Mark Knopfler-konsert i Ålesund, noko som utsette kampstart med ti minutt.  Det hindra ikkje kristiansunderane, som har gjort det bra etter opprykket, å komme best i gang. John Karlsen fekk gå og avslutta med eit skot ved stolpen alt etter fem minutt. Varfjell kom seg etter dette og etter 20 minutt utlikna Amund Stavem på straffespark etter at han sjølv vart felt. Like etter hadde Tommy Kanishi igjen ballen i nota, men då hadde dommaren alt dømt for eit frispark til Varfjell på midtbanen. Kaptein Kanishi skapte problem for Dahle-forsvaret med den gamle svenske keeperkjempa Conny Månsson i spissen. Først var han igjennom og skaut utanfor, før den sat forbi keeper etter at Månsson var parkert. I andre enden hindra ei redning på strek frå ein god Svein Erik Lange Male at Dahle skåra igjen. Men det var heimelaget som hadde dei fleste sjansane i ein sjanserik førsteomgang. Dahle-keeperen hindra 3-1 med to redningar etterkvarandre etter forsøk frå Stavem og Vegard Elliingseter, medan Magnus Nerheim burde å ha greid å styre ballen lavare frå 16 meter då Kanishi la alt til rette.

Dahle styrte meir av banespelet etter pause, og Fredrik Bergslid måtte i aksjon for å hindre utlkning i starten. Så hadde heimelaget eit par gode forsøk til å auke leiinga, men Juan Rikard Larsen greide ikkje å få til ei skikkeleg avslutning då han kom aleine og Stavem vart akkurat for seint på innlegget etter at Kanishi hadde drilla rundt med Dahle-forsvaret.

Dahle hadde ei frisk angrepsrekke med teknisk gode spelarar som etter kvart greide å plage Varfjell-forsvaret til å gjere feil. Marius Neergaard reiv til seg ballen innanfor 16-meteren og greide å skåre frå død vinkel då ballen sneik seg inn mellom Bergslid og stolpen til 2-2 etter ein halvtime. Som om ikkje det var nok; Dahle hadde ein lobb i tverrliggar og ned før Adrian Lyse smatt imellom to Varfjell-forsvarar og sendte bortelaget i leiinga med ti minutt att å spele. Minuttet etter fekk Johan Grønset draumetreff frå 20 meter og ballen fauk inn oppe i krysset. Varfjell greide aldri å svare på dette, men Håkon Kjørvik var nærme ei redusering på eit skot som strauk krysset.

Serieleiar KBK 2 borte er neste kamp for eit Varfjell-lag som svingar for mykje i prestasjonane til å henge med heilt i toppen. Laget er også noko plaga med skader. Fredag var Nirut Mjøs ute med strekk og Liam Connor måtte gje seg tidleg etter å ha slått opp skaden som har plaga han sidan Tomrefjord-kampen i fjor haust. Vegar Skare var ute grunna jobb. På sidelinja er også dei siste års toppskårar Elling Olafsen, han reknar ikkje med å vere på banen igjen denne sesongen.

KAMPFAKTA

Vestnes Varfjell - Dahle 2-3 (2-1)

Vestnes idrettspark, 65 tilskuarar

Fredag 7. juni 2019 kl 19.10

Mål:

0-1 (6) Karlsen

1-1 (20)  Amund Stavem, straffespark

2-1 (26) Tommy Kanishi Andressen

2-2 (73) Marius Neergaard

2-3 (79) Adrian Lysø

2-4 (85) Johan Grønset

Dommar: Per Iver Skrøvset, Bøfjord

Gult kort: Vegard Ellingseter (24) og Elias Vangen, Dahle (44)

Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Håkon Kjørvik, Liam Connor (Adrian Liabø 21.), Magnus Nerheim - Amund Stavem, Ørjan Tangen, Vegard Ellingseter - Knut Stian Eik (Jarle Løvik Salte 68.), Tommy Kanishi Andreassen, Juan Rikard Larsen

 

Sist oppdatert fredag 07. juni 2019 22:17
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Hovedsponsor

salmarlogo.jpg

Våre sponsorar