Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Vestnes Idrettspark laur., 19. okt. 2019 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
--- Forhånds
Åndalsnes
ÅIF

Forrige kamp
søn., 13. okt. 2019 15:00
Elnesvågen
Elnesv.
2-1 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 21 58 46
2 Surnad. 21 16 42
3 Eide 21 17 40
4 Dahle 21 20 37
5 Tomref 21 -8 30
6 KFK 21 7 29
7 Malmefj. 21 4 28
8 Midsund 21 -19 26
9 Varfjell 21 -22 22
10 ÅIF 21 -14 21
11 Elnesv. 21 -40 20
12 AK 21 -19 19

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Endeleg seier borte mot AK PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
fredag 31. mai 2019 21:11

Vestnes Varfjell tok ein sjeldan borteseier då laget slo AK borte for første gong på nesten 40 år fredag kveld. Mål av Magnus Nerheim, Amund Stavem og Tommy Kanishi gav seier 3-0 i ein krigekamp på ei våt grasbane. Seieren sendte laget opp på 4. plass på tabellen. Sist eit Varfjell-lag vann på Bruhagen (ikkje medrekna kampar mot AK 2) var i gamle 4. divisjon i 1980. Då var Harald Innli matchvinnar i 1-0-seieren.

NOKRE BILDE FRÅ KAMPEN

AK har hatt ein tung start på sesongen og var tydeleg sugne på å snu trenden. Dei gjekk ut friskt i den sterke vinden, men det var likevel Tommy Kanishi som ar involvert i det som kunne blitt to store målsjansar, men greide ikkje å komme til skikkelege avslutningar. AK hadde to store sjansar rundt kvarteret då eit skot først vart blokkert over mpl før målvakt Fredrik Bergslid varta opp med god redning.

Så ville Amund Stavem vise kven som var sjefen på Bruhagen. Han sendte først i veg eit skremmeskot like utanfor, før han gjekk gjennom heile AK-forsvaret frå eigen banehalvdel. Til slutt fekk keeper og eit par forsvararar stoppa han. Så varta Bergslid opp med ei feberredning då han stoppa AKs toppskårar Christoffer Folland. 0-1 kom ti minutt før pause. Backen Magnus Nerheim kom fri på venstrekanten, han skråa inn i feltet og sette ballen forbi keeper. AK følte nok at det var eit slag i trynet etter det som hadde skjedd til då i kampen, men fem minutt seinare kunne det stått 2-0 då Kanishi kom igjennom, men lobben over keeper trefte stolpen.

Etter pause hadde Varfjell også den første store sjansen då Stavem kom aleine med keeper som redda. Juan Rikard Larsen skaut så over frå god posisjon  før Stavem endeleg lukkast. Kanishi kjempa til seg ballen på midtbana før Stavem runda keeper og sette ballen i ope mål. Like heldig var han ikkje ti minutt etter då han igjen var aleine med keeper etter pasing frå Larsen. Keeper var ute og blokkerte skotet.

AK prøvde seg med nokre langskot og hadde også mange cornerar. Ti minutt før slutt såg "alle" ballen i mål på ei heading etter ein corner, men igjen var Bergslid nede og redda. Det ville seg ikkje for heimelaget mot eit hardtkjempande Varfjell-lag og fem minutt før slutt var all spenning over då Kanishi sette ballen forbi keeper til 3-0 og borteseier.

Trenar Alexander Connor var fornøgd med det som må kallast ein skikkeleg lagseier, men er uroleg for skadesituasjonen i troppen. Liam Connor måtte ut tidleg med skaden som har plaga han sidan i fjor haust. Erstattar Nirut Mjøs og første målskårar Magnus Nerheim "kjente også på noko" og måtte gå av. Kaptein Tommy Kanishi spelte også denne gong heile kampen trass i at han er plaga med ein strekk og ikkje er 100 prosent. - Slik sett var det ein pyrrhosseier, seier Alexander Connor til varfjell.no. Neste kamp er heime mot Dahle om ei veke.

KAMPFAKTA:

Averøykameratene - Vestnes Varfjell 0-3 (0-1)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Fredag 31. mai 2019 kl 197

Bruhagen stadion (gras), 40 tilskuarar

Mål:

0-1 (35) Magnus Nerheim

0-2 (62) Amund Stavem

0-3 (85) Tommy Kanishi Andressen

Dommar: Karl-Edvard Brendskag, Dahle

Ingen kort

Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male, Liam Connor (Nirut Mjøs 28. (Knut Stian Eik 75.), Magnus Nerheim (Adrian Liabø 84.) - Vegar Skare, Vegard Ellingseter, Ørjan Tangen - Amund Stavem, Tommy Kanishi Andreassen, Juan Rikard Larsen

 

 

 

 

 

 

Sist oppdatert fredag 31. mai 2019 22:30
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Hovedsponsor

salmarlogo.jpg

Våre sponsorar