Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Øran stadion fre., 28. jun. 2019 19:00
Åndalsnes
ÅIF
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 21. jun. 2019 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
2-4 Elnesvågen
Elnesv.

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 10 34 23
2 Dahle 10 13 21
3 Tomref 10 9 20
4 Eide 10 7 18
5 Malmefj. 10 4 17
6 Midsund 10 -3 17
7 Surnad. 10 0 15
8 Varfjell 10 -8 12
9 KFK 10 -9 9
10 ÅIF 10 -7 8
11 AK 10 -13 7
12 Elnesv. 10 -27 5

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Heimetap mot Surnadal PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
søndag 26. mai 2019 19:15

Surnadal fekk med seg alle tre poenga då dei gjesta Vestnes idrettspark søndag. Heimelaget greidde ikkje å få noko ut av ein kamp der laget sleit mot eit godt organisert bortelag. Vestnes Varfjell hadde eit par gode sjansar ved Amund Stavem og Tommy Kanishi tidleg i kampen, men skorta gjekk rett på Surnadal-målvakta. Etter kvart tok Surnadal litt over og skapte eit par sjansar før dei skåra på eit skot frå rundt 20 meter. Håkon Kjørvik prøvde seg med eit langskot like etterpå, men traff på utsida av stolpen.

I andre omgang starta Vestnes Varfjell best, og Stavem kom nærme med eit frispark som endte i corner. Varfjell ropte også på hands i feltet, men ingen straffe. I staden fekk laget 0-2 imot etter eit balltap der ein Surnadal-spelar kom aleine med keeper. Etter dette hadde bortelaget god kontroll sjølv om Varfjell greide å skape eit litte trykk. Kanishi, som sleit med skade gjennom kampen, kom nærme, men kom for skrått på og skotforsøka gjekk utanfor eller vart stoppa av keeper. På overtid hadde Vegar Skare ein ball i nota, men då var det alt blåst.

- Me var ovverraskande tafatte idag. Surnadal var først i alle situasjonar og me kom kom aldri skikkeleg i gang. Og då me byrja å komme litt inn i det, så skåra dei 0-2-målet dessverre, seier Alexander Connor etter kampen.

Neste kamp er borte mot Averøykameratene.

Sjå heile kampen i VarfjellTV (opptak av direktestreaming ved Asbjørn Vik).

Bildegalleri frå kampen

Trollheimsporten om kampen

KAMPFAKTA:

Vestnes Varfjell - Surnadal 0-2 (0-1)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal, søndag 25. mai 2019 kl 14

Vestnes idrettspark, 100 tilskuarar

Mål:

0-1 (33) Stein Todalshaug

0-2 (56) Petros Simon Bokre

Dommar: Roe Vidar Lien, Malmefjorden

Ingen kort

Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male (Liam Connor 86.), Ørjan Tangen, Magnus Nerheim - Amund Stavem, Nirut Mjøs, Vegar Skare - Jarle Løvik Salte (Vegard Ellingseter 46.), Tommy Kanishi Andreassen, Juan Rikard Larsen (Knut Stian Eik 60.)

Sist oppdatert søndag 26. mai 2019 20:23
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Hovedsponsor

salmarlogo.jpg

Våre sponsorar