Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Øran stadion fre., 28. jun. 2019 19:00
Åndalsnes
ÅIF
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 21. jun. 2019 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
2-4 Elnesvågen
Elnesv.

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 10 34 23
2 Dahle 10 13 21
3 Tomref 10 9 20
4 Eide 10 7 18
5 Malmefj. 10 4 17
6 Midsund 10 -3 17
7 Surnad. 10 0 15
8 Varfjell 10 -8 12
9 KFK 10 -9 9
10 ÅIF 10 -7 8
11 AK 10 -13 7
12 Elnesv. 10 -27 5

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Seier i tett lokalderby PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
torsdag 16. mai 2019 20:44

Skåringar av Amund Stavem og Vegar Skare sørga for seier 2-1 i eit jamnt og innhaldsrikt lokaderby mot Tomrefjord på "fotballens nasjonaldag" 16. mai. Rundt 400 tilskuarar fekk med seg kampen i strålande mai-vær.

Vestnes Varfjell fekk ein kjempestart på kampen med skåring alt etter to minutt. Tomrefjord greide aldri å klarere etter ein corner og Amund Stavem fekk treff med venstrefoten og ballen gjekk inn ved stolperota.

Tomrefjord skaffa seg eit lite spelemessig overtak utover i omgangen, utan å skape stort meir enn nokre skotforsøk. Heimelaget var nærme 2-0 då Magnus Nerheim kom aleine, men vart hindra av Taklo i Tomrefjord-målet og heller ikkje Kanishi fekk teff på returen. 1-0 ved pause.

Tommy Kanishi kom igjennom og hadde den første store sjansen i andre omgang.Så hadde den tidlegare Varfjell-spelaren Jørgen Gravdehaug eit godt skot forsøk før Amund Stavem kom aleine med keeper utan å lukkast. Så etter 12 minutt av andre omgang dobla heimelaget leiinga. Innbyttar Vegar Skare plukka opp eit innlegg perfekt og kunne trille ballen kontrollert forbi keeper.

Tomrefjord pressa på etter dette og kun ein god Fredrik Bergslid, attendei Varfjell-målet etter skade, sto i vegen. Han fista mellom anna over eit frispark frå Simon Tomren og var elles sikker i feltarbeidet. Så var Ken Robin Hildre på farta, men avslutninga traff på undersida av tverrliggaren. Reduseringa kom i det 80. minutt; eit innlegg på bakre stolpe vart kjempa i mål via ei eiller annan kroppsdel tilhøyrande Erlend Søberg. No hadde Tiomrefjord fått blod på tann og trenaren, den gamle Strømsgodset-kjempa Lassen Olsen, sette seg sjølv innpå, utan at det hjalp. Tommy Kanishi hadde også ein stor sjanse til å gjere 3-1 då han kom igjennom. Temperaturen steig også litt på slutten og dommaren måtte opp med fleire gule kort til begge lag. Tomrefjord prøvde ei siste sluttspurt i dei fem minutta som var lagt til, men Vestnes Varfjell heldt unna. Dermed full jubel i heimegarderoben etter ein derbyseier som smakte gpdt.  Laga ligg no likt i poeng med 9 kvar. Neste kamp er også heime, mot Surnadal laurdag 25. mai.

BILDEGALLERI HER | SJÅ HEILE KAMPEN I OPPTAK I VARFJELL-TV

Romsdals Budstikke om kampen (krev abonnement)

KAMPFAKTA:

Vestnes Varfjell - Tomrefjord 2-1 (1-0)

Serikamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal, torsdag 16. mai 2019 kl 19

Vestnes idrettspark,  350 tilskuarar

Mål:

1-0 (3) Amund Stavem

2-1 (56) Vegar Skare

2-1 (81) Erlend Søberg

Dommar: Bendik Haarberg, Kvass/Ulvungen

Gult kort:

Vestnes Varfjell: Fredrik Bergslid; Håkon Kjørvik, Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Magnus Nerheim - Amund Stavem, Nirut Mjøs, Vegard Ellingseter (Vegar Skare 52.) - Knut Stian Eik (Jarle Løvik Salte 46.), Tommy Kanishi Andreassen (Juan Rikard Larsen 90.), Juan Rikard  Larsen (Vegard Ellingseter 75.)

Sist oppdatert søndag 19. mai 2019 18:19
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Hovedsponsor

salmarlogo.jpg

Våre sponsorar