Skrive av administrator
|
søndag 18. november 2018 20:19 |
Eit utval foreslår at Møre og Romsdal skal få ein fylkesserie i 4. divisjon frå 2020. Dermed rykker halvparten av laga ned neste år om dette blir vedtatt. Bakgrunnen er eit ønske om å redusere talet på nedrykkslaga frå 3. divisjon frå fire til tre. Vestnes Varfjell er ein var berre to klubbar i Nordmøre/Romsdal som svarte då kretsen ba om tilbakemelding. Trenar Alexander Connor seier til VestnesAvisa at klubben stiller seg negativ til forslaget. Avtroppande Tomrefjord-trenar Gunnar Eik er meir positiv. Med si plassering midt i fylket, blir uansett ikkje klubbane i Vestnes råka hardast med omsyn til lange reiser. Heller ikkje på Sunnmøre var responsen stor, her svarte tre klubbar i 4. divisjon. Etter engasjementet på ulike lokalfotball-sider på Facebook på begge sider av Ørskogfjellet, kan det sjå ut som at mostandarane er i fleirtal. Saka blir avgjort på fotballtinget over nyttår.
|
Sist oppdatert søndag 18. november 2018 20:25 |