Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Reknesbanen laur., 13. okt. 2018 15:00
Træff 2
Træff2
1-5 Referat
Vestnes Varfjell
Varfjell

Bane: Vestnes Idrettspark søn., 07. okt. 2018 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
2-3 Referat
Eide
Eide

Tabellen

# Team K Mål P
1 Sunndal 22 43 48
2 Eide 22 39 48
3 Tomref 22 19 43
4 Surnad. 22 25 39
5 ÅIF 22 37 37
6 AK 22 11 35
7 KFK 22 24 32
8 Varfjell 22 2 31
9 Midsund 22 -22 24
10 MIL/E/A 22 -17 21
11 Elnesv. 22 -56 11
12 Træff2 22 -105 5

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Storseier mot Malmefjorden PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
fredag 21. september 2018 21:45

Malmefjorden/Ekko/Aureosen skåra først, men Vestnes Varfjell kom sterkt tilbake. På eit kvarter før pause var laget i føringa 4-1 etter mål av Ørjan Tangen, Tommy Kanishi, Magnus Nerheim og Amund Stavem (straffe). I andre omgang sette Elling Olafsen inn to mål før Kanishi avslutta til sluttresultat 7-1. David Gravdehaug debuterte på a-laget. SJÅ ALLE MÅLA I VarfjellTV | Nokre bilde frå kampen her

Vestnes Varfjell hadde eit par gode forsøk på corner, der særleg Elling Olafsen var nære på, men det var gjestane som skåra først då Runi Thorsteinsson vart spelt igjennom og sette ballen forbi keeper. Malmefjorden var mest på hugget i starten av kampen, men etter kvart tok heimelaget over. Elling Olafsen (feberredning frå keeper og nesten på innlegg frå Nerheim) og Vegar Skare (heading utanfor frå kloss hald) hadde sjansar til å utlikne, men eit kvarter før pause lausna det endeleg for Vestnes Varfjell. Utlikninga var ei gavepakke der keeper mista ballen etter innlegg frå Amund Stavem og Ørjan Tangen til slutt kunne sette ballen i ope mål. Så drog Tommy Kanishi seg fri utanfor 16-meteren og avslutta med eit skot heilt ute ved stolpen til leiing 2-1, igjen med Stavem som assistent. Magnus Nerheim auka til 3-1 då han plukka opp restane og sette ballen i mål etter at keeper først hadde hindra Amund Stavem framspelt av Vegar Skare. Så brente Olafsen ein stor sjanse aleine med keeper før Håkon Kjørvik på eit av sine mange offensive bidrag vart sprunge ned innanfor 16-meteren. Amund Stavem sendte keeper feil veg og fastsette pauseresultatet til 4-1 frå straffemerket.

Vestnes Varfjell heldt fram på same måte i starten av andre omgang. Eit langt framspel frå Kjørvik vart snappa opp av Elling Olafsen som sette ballen elegant forbi keeper.  Same mann avslutta på volley over etter kvarteret av andre omgang. Heimelaget slappa litt av på stillinga 5-1 og Malmefjorden fekk også prøve seg, men avslutningane var ikkje gode nok. Det nærmaste gjestane kom redusering var eit skot i stolpen. Andre omgangs kanskje finaste anrep kom etter fint kombinasjonsspel mellom Magnus Nerheim og Tommy Kanishi, men der avslutninga frå Olafsen vart redda av keeper. På corneren etterpå heada Nerheim like utanfor. Heimelaget skulle likevel få fleir mål. Amund Stavem spelte fri Olafsen som sette ballen i nettaket. Stavem var servitør også for kampens siste mål, ein stikkar til Kanishi som avslutta med eit skot frå kloss hald.

Ein god kamp av heimelaget som viste klasseforskjellen på laga når tempoet vart skrudd opp. Amund Stavem herja med gjenstane til tider og var også assist-konge i denne kampen. Elling Olafsen er på veg tilbake til gammal skåringsform, og me må også framheve gode offensive bidrag frå backane Håkon Kjørvik og Magnus Nerheim. Artig også å sjå at stadig fleire unggutar får prøve seg. Debutant Daniel Gravdehaug hadde nesten fått skåring i debuten då han nesten lurte keeper, han hadde også eit godt skotforsøk.

Neste kamp er borte mot Surnadal.

KAMPFAKTA:

Vestnes Varfjell - Malmefjorden/Ekko/Aureosen 7-1 (4-1)

Mål:

0-1 (14) Runi Thorsteinsson

1-1 (30) Ørjan Tangen

2-1 (34) Tommy Kanishi Andreassen

3-1 (38) Magnus Nerheim

4-1 (43) Amund Stavem, straffespark

5-1 (48) Elling Olafsen

6-1 (80) Olafsen

7-1 (85) Kanishi Andreassen

Dommar: Nils Myrvang, Batnfjord

Ingen kort

Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male, Liam Connor, Magnus Nerheim - Vegar Skare, Tommy Kanishi Andreassen, Ørjan Tangen (Arjan Sylte 87.) - Amund Stavem (David Gravdehaug 86.), Elling Olafsen, Markus Brudeseth

 

 

 

Sist oppdatert måndag 05. november 2018 20:36
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Hovedsponsor

salmarlogo.jpg

Våre sponsorar