Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Reknesbanen laur., 13. okt. 2018 15:00
Træff 2
Træff2
1-5 Referat
Vestnes Varfjell
Varfjell

Bane: Vestnes Idrettspark søn., 07. okt. 2018 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
2-3 Referat
Eide
Eide

Tabellen

# Team K Mål P
1 Sunndal 22 43 48
2 Eide 22 39 48
3 Tomref 22 19 43
4 Surnad. 22 25 39
5 ÅIF 22 37 37
6 AK 22 11 35
7 KFK 22 24 32
8 Varfjell 22 2 31
9 Midsund 22 -22 24
10 MIL/E/A 22 -17 21
11 Elnesv. 22 -56 11
12 Træff2 22 -105 5

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Hardt straffa i surt heimetap PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
fredag 14. september 2018 20:06

Vestnes Varfjell spelte ein god kamp offensivt, men rota det til for seg sjøl då Averøykameratene vann 3-2 i Vestnes idrettspark fredag kveld. Gjestane fekk to straffespark i kampen, det andre kom ti minutt før slutt då heimelaget hadde momentumet i kampen etter å ha utlikna til 2-2. SJÅ BILDEGALLERI FRÅ KAMPEN HER (dessverre ingen video i dag)

Vestnes Varfjell fekk ein pangstart mot tabellnaboen då Amund Stavem plasserte ballen elegant i krysset alt etter to minutt. Stavem og kaptein Tommy Kanishi var "on fire" i første omgang og det burde stått 2-0 då Kanishi serverte ballen til Stavem på bakre stolpe etter 16 minutt. I staden fekk AK ein gratissjanse i andre enden. Nølande forsvarsspel nyttar ikkje mot toppskårar Christoffer Folland som takka for gratistilbodet med å runde keeper og sette inn 1-1. Så hadde Markus Brudseth og Tommy Kanishi kvar sin sjanse til å sette ballen i omtrent ope mål, men lukkast ikkje. Typisk då at ein ny persoleg feil vart avgjerande i andre enden av bana. Folland var igjen involvert, snappa ballen og vart felt av keeper. Straffesparket sette han sjølv inn til pauseresultat 1-2.

Vestnes Varfjell starta også andre omgang best og kunne ha utlikna på to framspel i bakrommet der Stavem og Kanishi kvar sin gong var svært nærme, men der keeper fekk avverga i siste liten. Etter 20 minutt kom endeleg utlikninga, og det var på høgde med kampens første mål. Denne gongen var det Kanishi som fekk kjempetreff og ballen fauk inn oppe i vinkelen.

Varfjell såg no ut som laget som var på vet til å vinne kampen, men ti minutt før slutt fekk AK ny straffe. Folland vart felt heilt unødvendig nede ved dørlinja.

Innbyttar Audun Sørseth, kjent som "Lord Sørseth" etter deltaking i "Paradise Hotel", fekk lov til å ta straffen. Keeper Fredrik Bergslid gjekk til rett side og var på ballen, men den rulla over streken. AK sto på som heltar for å sikre alle tre poenge, trenar Lasse Olsen, med mykje eliteserieerfaring frå mellom andre Strømsgodset og Aalesund, sette innpå seg sjølv for å hjelpe til. Heimelaget hadde nokre forsøk på slutten, mellom anna på ein corner der ballen vart heada inn att i feltet, men avslutninga frå Eilling Olafsen gjekk utanfor. Også Tommy Kanishi hadde ein markkrypar like til side for stolpen, mendan Svein Erik Male nesten gjorde godt for straffesparket då han vart akkurat for sein på eit framspel to minutt på overtid.

Dermed endte kampen i eit skufftande tap. Varfjell har gjort det til vane å sleppe inn for mange unødvendige mål dei siste sesongane, og det blir tungt å vinne kampar når ein må skåre både tre og fire mål for å få det til. AK nytta også sjansen til å smette forbi på tabellen. Neste kamp er også på heimebane, mot Malemfjorden/Ekko/Aureosen komande fredag.

KAMPFAKTA:

Vestnes Varfjell - Averøykameratene 2-3 (1-2)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Fredag 14. september 2018 kl 19

Vestnes idrettspark, 65 tilskuarar

Mål:

1-0 (2) Amund Stavem

1-1 (26) Christoffer Folland

1-2 (42) Folland, straffespark

2-2 (65) Tommy Kanishi Andreassen

2-3 (82) Audun Sørseth, straffespark

Dommar: Alexander Aarøe, Eidsvåg

Gult kort: Frederik Bergslid (42), Amund Stavem (45), Håkon Kjørvik (75) eitt til AK

Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male, Liam Connor, Magnus Nerheim - Tommy Kanishi Andreassen, Jonas Lervik (Salte 87), Ørjan Tangen - Amund Stavem, Markus Brudeseth, Jarle Løvik Salte (Elling Olafsen 46.)

Sist oppdatert søndag 16. september 2018 16:53
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Hovedsponsor

salmarlogo.jpg

Våre sponsorar