Sikra eitt poeng etter sterk opphenting i nabooppgjeret |
![]() |
![]() |
![]() |
Skrive av administrator | |||
fredag 07. september 2018 22:33 | |||
Med ei strøken grasmatte, strÃ¥lande haustver og rundt 250 pÃ¥ tribuna, lÃ¥g alt til rette for ein fin fotballkveld. Dei mange Vestnes Varfjell-sympatiar som hadde tatt vegen hadde knapt satt seg før den første nedturen kom. Fem minutt var spelt dÃ¥ Tomrefjords Kennet Eik Frostad kom seg fri pÃ¥ venstrekanten. Simon Djupvik var sist pÃ¥ innlegget og med pannebrasken heada han heimelaget i føringa. Vestnes Varfjell spelte nervøst og famlande i starten. Heimelaget la seg om vanleg lÃ¥gt med mange mann pÃ¥ rett side av ballen. Den fekk for det meste Vestnes Varfjell ha, utan at det vart farleg framom Tomrefjord-mÃ¥let, der tidlegare Vestnes Varfjell-spelar Adrian Gabrielsen sto. Tomrefjord, pÃ¥ si side, var lynraske med Ã¥ unytte pasningsfeil frÃ¥ gjestane og var ogsÃ¥ meir presise og flinke til Ã¥ ta vare pÃ¥ sjansane som baud seg. Etter 23 minutt sto det 2-0. HÃ¥vard Taklo fekk eit forsprang pÃ¥ Varfjell-midstoppar Svein Erik Lange Male og sette ballen kontrollert forbi keeper. Vestnes Varfjell løfta seg etter dette og skapte først ein nestejansen, før ein trippelsjanse ved Vegar Skare, Tommy Kanishi og Magnus Nerheim (?) utruleg nok ikkje gav redusering. Like etter sette Tomrefjord ballen i tverrliggaren, slik at det var heilt fortent med heimeleiing til pause. Trenar Alexander Connor gjorde to endringar pÃ¥ laget i pause, der den offensive krafta vart styrka med toppskÃ¥rar Elling Olafsen og raske Jarle Løvik Salte. Samtidig vart Amund Stavem flytta ned pÃ¥ midtbana. Det gav resultat. Varfjell styrte no spelet, medan Tomrefjord sin strategi sÃ¥g ut til Ã¥ vere Ã¥ trygge inn til tre poeng. Det lukkast lenge, men etter eit kvarter kom reduseringa. Kaptein Tommy Kanishi Andreassen gjorde alt pÃ¥ eiga hand dÃ¥ han vart spelt fint igjennom av Ørjan Tangen; reiv seg fri, runda keeper og sette ballen i det tomme mÃ¥let. Tomrefjord gjorde eit forsøk pÃ¥ Ã¥ ta att tomÃ¥lsleiinga, og var nære med eit skot frÃ¥ kloss hald. SÃ¥ ropte Vestnes Varfjell pÃ¥ straffespark dÃ¥ det sÃ¥g ut som Magnus Nerheim vart dratt ned i feltet, men dommar Modolf Holm vinka spelet vidare. Her var heimelaget heldig. UtlikingsmÃ¥let skulle likevel komme, og det lÃ¥g litt i korta at det var innbyttar Jarle Løvik Salte som skulle gjere det. Han hadde hatt nokre nestenforsøk før han fekk ballen etter ei klarering pÃ¥ eit innlegg frÃ¥ Amund Stavem etter eit frispark. Salte fekk tid til Ã¥ curle ballen elegant opp i bortre kryss til 2-2 fire minutt før full tid. Dommaren la til fleire minutt, mellom anna fordi fleire Tomrefjord-spelarar lÃ¥g ned med krampe. Sluttminutta vart spennande med fleire frispark i farleg posisjon for Tomrefjord, men det vart ikkje fleire mÃ¥l. KAMPFAKTA Tomrefjord - Vestnes Varfjell 2-2 (2-0) 4. divisjon Nordmøre/Romsda Fredag 7. september 2018 kl 18.30 Tomrefjord stadion, 250 tilskuarar 1-0 (5) Simon Djupvik 2-0 (35) HÃ¥vard Taklo 2-1 (61) Tommy Kanishi Andreassen 2-2 (87) Jarle Løvik Salte Dommar: Modolf Holm, Isfjorden Gult kort: Enger (80), Søberg (85), TIL; Salte (90) og Nerheim (88), VV Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Sivertsen; HÃ¥kon Kjørvik (Jarle Løvik Salte 46.), Svein Erik Lange Male, Liam Connor, Ørjan Tangen - Vegar Skare, Jonas Lervik (Elling Olafsen 46.), Tommy Kanishi Andreassen - Amund Stavem, Markus Brudseth, Magnus Nerheim Â
|
|||
Sist oppdatert laurdag 08. september 2018 00:37 |