Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Reknesbanen laur., 13. okt. 2018 15:00
Træff 2
Træff2
1-5 Referat
Vestnes Varfjell
Varfjell

Bane: Vestnes Idrettspark søn., 07. okt. 2018 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
2-3 Referat
Eide
Eide

Tabellen

# Team K Mål P
1 Sunndal 22 43 48
2 Eide 22 39 48
3 Tomref 22 19 43
4 Surnad. 22 25 39
5 ÅIF 22 37 37
6 AK 22 11 35
7 KFK 22 24 32
8 Varfjell 22 2 31
9 Midsund 22 -22 24
10 MIL/E/A 22 -17 21
11 Elnesv. 22 -56 11
12 Træff2 22 -105 5

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Kjempa i land sterk heimeseier PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
fredag 17. august 2018 20:16

Ei heading frå Elling Olafsen 20 minutt før slutt sikra seieren då topplaget Kristiansund FK gjesta Vestnes idrettspark fredag. Heorisk innsats og ikkje minst godt keeperspel hindra gjestane å skåre i sluttminutta.

 

BILDEGALLERI | VarfjellTV: Sjå heile kampen | Skårlinga til Olafsen | Fantastisk redning av Bergslid

Første omgang var jamn og sjansefattig. KFK spelte seg etter kvart til eit lite overtak, men ikkje meir enn at vertane også fekk sleppe til. Markus Brudeseth hadde eit godt skotforsøk som keeper blokkerte etter ti minutt. Heimelagets beste angrep i omgangen kom etter halvtimen då David Sissoko spelte friTommy Kanishi som fnan Håkon Kjørvik framom mål, men dessverre vart skotet "keepermat".

KFK var nærast mot slutten av omgangen. Først redda Varfjell-målvakt Fredrik Bergslid ein gong før han fista eit skot som var på veg mot krysset, over. Rett før pause traff ballen opp tverrliggaren etter ein KFK-corner.

Gjestane heldt fram på same måte i starten av andre omgang, men igjen rydda Bergslid opp. Varfjell kom også nære då Svein Erik Lange Male var nokre centimeter for sein til å få foten på eit frispark som vart sendt inn i feltet. Så varta Bergslid opp med ei kjemperedning på eit godt plassert skot. Tommy Kanishi fekk dratt seg fri i andre enden av banen, men også her redda keeper. Enno var det ikkje gått ti minutt av andre omgang.

Sjansebonansaen roa seg litt utover i omgangen, men framleis med KFK som det førande laget. Vestnes Varfjell satsa på å utnytte kontringssjansane og 20 minutt før slutt fekk laget uttelling. Innlegget frå innbyttar Juarn Rikard Larsen fann Elling Olafsen som heada ballen til side for keeper.

Resten av kampen vart eit stormløp mot Varfjell-målet, men en god keeper og eit kontant forsvar fekk rydda opp gong etter gong. David Sissoko og Markus Brudeseth hadde kvar sin store sjanse til å auke til 2-0, men keeper redda då Sissoko kom aleine og Brudseth avslutta like utanfor. Heldigvis heldt det med ei skåring, og etter fire spennande overtidsminutt kunne heimelaget juble for alle poenga.

Heile laget får ros for innsatsen denne gongen, dette var ein skikkeleg lagseier. Sissoko var tilbake frå landslagsspel, medan Amund Stavem (bortreist), Vegar Skare (jobb) og Vegard Ellingseter (skadd) var mellom forfalla denne gongen. I tillegg har Sivert Nerheim og Adrian Liabø har reist til studiar. Det opna for speletid for fleire av ungutane i stallen der Juan Rikard Larsen sesongdebuterte.

Trenar Alexander Connor fekk sjå at laget reiste seg etter den svake kampen mot Midsund sist og var godt fornøgd med å ha tatt fire av seks mulege poeng mot eit så godt lag som KFK, sjølv om også gjestane mangla sentrale spelarar.

Neste kamp er mot serieleiar Sunndal på bortebane. Sunndal vann heile 5-0 mot Tomrefjord i den andre 4.divisjonskampen i kommunen fredag kveld.

KAMPFAKTA:

Vestnes Varfjell - Kristiansund FK 1-0 (0-0)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 17. august 2018 kl 19

Vestnes idrettspark, 75 tilskuarar

Mål:

1-0 (71) Elling Olafsen

Dommar: Ketil Sorthe, Hjelset-Kleive

Gult kort: Svein Erik Lange Male, Vestnes Varfjell (75)

Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male, Liam Connor (Juan Rikard Larsen 53.), Ørjan Tangen - Magnus Nerheim, Tommy Kanishi Andreassen, Jonas Lervik (Yngve Solevågseide 70.) - David Sissoko, Elling Olafsen, Markus Brudeseth (Knut Stian Eik 86.)

Sist oppdatert måndag 20. august 2018 16:37
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Hovedsponsor

salmarlogo.jpg

Våre sponsorar