Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 17. aug. 2018 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
--- Forhånds
Kristiansund FK
KFK

Forrige kamp
Bane: Midsund stadion fre., 10. aug. 2018 19:00
Midsund
Midsund
3-2 Vestnes Varfjell
Varfjell

Tabellen

# Team K Mål P
1 Sunndal 13 15 27
2 Tomref 13 16 26
3 KFK 13 30 25
4 Surnad. 13 19 25
5 ÅIF 13 29 24
6 Eide 13 15 23
7 Varfjell 13 -1 18
8 MIL/E/A 13 -1 17
9 AK 13 2 16
10 Midsund 13 -21 8
11 Elnesv. 13 -34 7
12 Træff2 13 -69 4

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Sikra bortepoeng på overtid PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
fredag 01. juni 2018 19:55

Vestnes Varfjell låg under 0-2 borte mot heimesterke Malmefjorden/ Ekko/Aureosen, men sikra poeng etter ein sterk sluttspurt. Fem minutt på overtid steig Sivert Nerheim til vers på ein corner og stanga inn utlikinga eller innlegg frå storebror Magnus. Kvarteret før hadde kaptein Tommy Kanishi redusert på eit langskot som gjekk i mål via stolpen. Same mann var også sjølv nære å utlikne like etterpå då han var igjennom, men Malmefjordens-spelar Erlend Holmen fekk rensa ballen unna streken i siste sekund. - Eit viktig poeng etter to tap på rad, sa trenar Alexander Connor etter kampen.

Han måtte komponere laget på ein heilt ny måte etter mange skadeforfall. Varfjell gjekk friskt ut, uten å skape det heilt store. Malmefjorden, med sin direkte spelestil, var flinkare til å ta vare på sjansane som baud seg. Keeper Fredrik Bergslid hadde alt varta opp med ei god redning, før han måtte redde på akrobatisk vis då ein frekk lobb frå langt hald nær hadde gått over keeperen og i mål. Malmefjorden meinte ballen hadde vore over streken, men Varfjell slapp med skrekken.

35 minutt var spelt då heimelaget tok leiinga, Varfjell-forsvaret avklare først, men på andre forsøk kunne Even Melsæter sette inn 1-0. På orvertid i første omgang var heimelaget også nærne 2-0 på eit skot som målvakt Bergslid redda.

Vestnes Varfjell starta med å ha ballen mest også etter pause, men igjen var det heimelaget som skapte dei farlege sjansane. 2-0 kom etter at Bergslid først hadde gjort ei god redning, men på neste forsøk vart Melsæter tomålsskårar då han plasserte ballen i hjørnet.

No såg det mørkt ut med tanke på poeng, men det var enno ein halvtime pluss overitid att å spele. Vestnes Varfjell forsøkte å spele seg igjennom, men det kompakte heimeforsvaret stod godt imot. Faktisk kom den første store sjansen til redusering dår ein heime-forsvarar nær hadde sleiva ballen i eige mål på eit hjørnespark.

I andre enden var vertane farleg på kontringar, og heada mellom anna over frå god posisjon. Heimelaget verka mest køyrd i varmen, og siste del av kampen vart prega av mykje duellar og lite spel. Dette utnytta kaptein Tommy Kanishi då han på eigenhand nær hadde sendt Varfjell tilbake i kampen. Då han berre greidde ei redusering, såg det ut til å bli 2-1. Det vart lagt til mykje grunna vatnpauser i varmen, Vestnes Varfjell fekk mange cornerar på slutten, og på den siste av desse sat utlikinga. Dermed eitt poeng i ein kamp der heimelaget nok følte at dei skapte nok til å fortene alle.

Keeper Bergslig og kaptein Kanishi best på Vestnes Varfjell. Neste kamp er heime mot Surnadal laurdag.

Kampfakta:

Malmefjorden/Ekko/Aureosen - Vestnes Varfjell 2-2 (1-0)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Fredag 1. juni 2018 kl 19

Malmefjorden  stadion, 60 tilskuarar

Mål:

1-0 (35) Even Mælseter

2-0 (60) Melsæter

2-1 (75) Tommy Kanishi Andreassen

2-2 (90 + 4) Sivert Nerheim

Dommar: Anders Skorpen-Trøen, Elnesvågen

Gult kort: Ørjan Tangen (30), Vestnes Varfjell og Bent Rune Stangeland (55), Anders Hustad (90), Mathias Hollen (90), MIL/Ekko/A

Vestnes Varfjell: Fredrik Bergslid; Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Liam Connor, Adrian Liabø - Sivert Nerheim, Jonas Lervik (Knut Stian Eik 73.), Tommy Kanishi Andreassen - David Sissoko, Markus Brudseth, Magnus Nerheim

 

 

Sist oppdatert fredag 08. juni 2018 23:29
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Hovedsponsor

salmarlogo.jpg

Våre sponsorar

Nyaste videoar

Klikk for å sjå