Surt tap i lokaloppgjer |
![]() |
![]() |
![]() |
Skrive av administrator | |||
måndag 21. mai 2018 15:08 | |||
VarfjellTV: SJÅ MÅLET HER | SJÅ HEILE KAMPEN HER  Varmen får ta mykje av skulda for at dette ikkje vart det intense lokaloppgjeret me kjenner frå dei to siste åra. Det vart mykje balltrilling og lite sjansar. Tomrefjord låg bakpå og forsvarte seg i håp om sjansar på overgangar, medan heimelaget sleit med å komme til farlege avslutningar. Det hjelpte heller ikkje på den offensive styrken til heimelaget at toppskårar Elling Olafsen måtte ut med ein vond ankel alt før pause og at Amund Stavem gav seg med ein strekk på baksida av låret etter timen. Vestnes Varfjell kom best igang og alt etter fem minutt kom den første sjansen då Amund Stavem sikta mot hovudet til Elling Olafsen framom mål, men det vart berre nesten. Så svarte Tomrefjord med eit laust skot på keeper Fredrik Bergslid. Så la Olafsen ballen til rette for Markus Brudeseth, men keeper Eirik Taklo redda skotet. Kvarteret var spelt få Vegard Ellingseter frann Olafsen på eit frispark, men headinga gjekk over. Så var Olafsen sjølv på farta, prøvde ein lobb, men igjen over. 25 minutt: Tommy Kanishi på skothald, men igjen over. Det gjekk ein halvtime før Tomrefjord igjen nærma seg vertane sitt mål. Denne gongen fekk dei gule to sjansar. Først blokkerte Ørjan Tangen skotet frå Håvard Taklo før det vart avslutning utanfor like etter. Også Jørgen Gravdehaug hadde eit skotforsøk i denne perioden. Vestnes Varfjell tok over att inn mot pause utan at det vart skapte fleire sjansar i første omgang. Andre omgang starta med at Stavem la til rette for Kanishi, men keeper redda skotforsøket. Vestnes Varfjell prøvde å tråkle seg igjennom det kompakte Tomrefjord-forsvaret utover i omgangen og var nære fleire gongar, men den siste pasninga vart for upresis eller Tomrefjord fekk rydda unna i siste liten. I midtperioden etter pause skjedde det lite før skåringa kom heilt ut av det blå. Etter 0-1 prøvde heimelaget å få inn utlikinga, men det skorta litt både på krefter og ferdigheiter. Etter 82 minutt fekk Magnus Nerheim stå åleine og heade over. Det var nok den største sjansen til utliking. På overtid fekk Vegard Skare avslutta, men skotet vart blokkert til corner. Dermed endte det i eit surt tap i ein kamp der me hadde fortent poeng. I ein snill kamp vart det delt ut tre gule kort til Tomrefjord og eitt til Vestnes Varfjell. Kortet Amund Stavem fekk var faktisk lagets første denne sesongen! Det må vere bortimot klubbrekord. Fem kampar og 60 minutt tok det altså før årets første advarsel. Den var også av det billege slaget, ei lita halding som Tomrefjord slapp unna med fleire gongar mot same mann. - Eg synest ikkje det er det beste laget vinn i dag. Tomrefjord skaper ikkje sjansar på oss, men me klarer heller ikkje å vare effektive på dei sjansane me får. Då blir det slik, sa trenar Alexander Connor til Vestnesavisa etter kampen. Neste kamp er borte mot Averøyakameratene laurdag. Dei tapte 0-7 borte mot Åndalsnes måndag og er nok revansjesugne. KAMPFAKTA: Vestnes Varfjell - Tomrefjord 0-1 (0-0) 4. divisjon Nordmøre/Romsdal, måndag 21. mai 2018 kl 15 Vestnes idrettspark, ca 300 tilskuarar Mål: 0-1 (79) Erlend Søberg Dommar: Bendik Haarberg, Studentspretten IL (Sogndal) Gult kort: Amund Stavem (60), Vestnes Varfjell; 3 til Tomrefjord: Gunnar Vincent Lid (8), Jørgen Gravdehaug (15), Erlend Søberg (78) Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Sivert Nerheim, Magnus Nerheim - Vegar Skare, Vegard Ellingseter (Liam Connor 83), Tommy Kanishi Andreassen - Amund Stavem (Jarle Løvik Salte 71), Elling Olafsen (David Sissoko 39), Markus Brudeseth (Knut Stian Eik 86)
|
|||
Sist oppdatert torsdag 24. mai 2018 18:03 |