Banner

Sesongmeny

Spilles nå!
Bane: Bruhagen stadion laur., 26. mai. 2018 15:00
Averøykameratene
AK
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark mån., 21. mai. 2018 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
0-1 Tomrefjord
Tomref

Tabellen

# Team K Mål P
1 Tomref 7 10 18
2 KFK 8 28 17
3 Eide 7 10 14
4 MIL/E/A 7 6 13
5 Sunndal 7 5 13
6 Varfjell 6 2 10
7 ÅIF 7 17 9
8 Surnad. 6 10 9
9 AK 6 -3 7
10 Midsund 7 -13 4
11 Elnesv. 7 -18 3
12 Træff2 7 -54 1

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Seier i målrik bortekamp PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
onsdag 09. mai 2018 20:43

Vestnes Varfjell vann til slutt 4-3 borte mot Elnesvågen i 4. divisjon onsdag kveld. Vestnes Varfjell var best før pause i nydeleg spelevær på Tornes og hadde fortent å leie meir enn 2-1. Etter kvilen kom Elnesvågen betre med, men Vestnes Varfjell slo tilbake to gongar etter at vertane utlikna tidleg i omgangen. Det vart dramatikk på slutten då Elnesvågen reduserte på ein corner heilt på slutten og var svært nærme 4-4 på ei ny corner like etterpå. Trenar Alexander Connor kunne dermed konstatere at laget hans vann på ein litt dårleg dag og der personlege feil lett kunne ha kosta dyrt.

Nokre bilde frå kampen

Vestnes Varfjell opna best og berre ei god redning av keeper hindra Tommy Kanishi etter ni minutt. Så fann Vegard Ellingseter Elling Olafsen, men avslutninga får god posisjon vart for svak. Samen mann var endå nærare etter 22 minutt då eit lurt innkast til Amund Stavem hamna tilbake hos Olafsen som sette ballen utanfor. Så la Stavem opp for Sivert Nerheim som skaut over frå 16 meter. Like etter heada Olafsen i stolpen, men vart vinka av for offside. Elnesvågen var også frampå sporadisk og hadde mellom anna ei avslutning som trefte oppå tverrliggaren. Etter 35 minutt sat ballen endeleg i nota. Olafsen heada til sides for keeper etter eit presist innlegg frå Sivert Nerheim. Berre minuttet etter sto det 1-1. Liam Connor var uheldig då han skulle avklare, Elnesvågen vann ballen og kaptein Kirkaune kunne etter kvart sette ballen i ope mål til utliking. Fem minutt før pause får Kanishi god tid til å sikte, men også han skyt over frå god posisjon. Då skot ikkje nytta, fann Stavem ut at han måtte tråkle seg heilt fram til dørlinja. Olafsen venta framom mål og kunne nærast spasere ballen i mål til pauseleiing 2-1.

Kampbildet endra seg noko etter pause. Vestnes Varfjell slurva mykje både på midten og i forsvar og etter 20 minutt unytta den gamle storskåraren Kristian Benjaminsen ein slik situasjon og sette inn 2-2. Heimelaget var nærme å ta leiinga for første gong i kampen like etter, men Fredrik Bergslid i Vestnes Varfjell-målet fekk fista over ein lurt lobb frå langt hald. I staden tar Vestnes Varfjell leiinga for tredje gang i kampen. Kanishi la ballen tilbake til Stavem som sette inn 3-2 med eit hardt skot. Ti minutt før slutt hadde Kanishi sjansen til å punktere kampen då han vann ballen på midtbana og kom aleine med keeper. I staden for å skyte, prøvde han å finne Olafsen som kom på løp og Elnesvågen fekk rydda unna i siste liten. 2-4 skulle likevel komme. Eit frispark vart slått inn i feltet og ein Elnesvågen-forsvarar var uheldig og heada ballen i eige mål. Dommar Modolf Holm godkjente skåringa etter at han og linjemannen først diskuterte om det kunne ha vore offside.

Dermed skulle ein tru at alle poenga var sikra, men Elnesvågen var farleg på dødballar og i siste ordinære speleminutt fekk dei krangla ballen i mål på ein corner. Denne gongen var det Vestnes Varfjell som ville ha angrep på keeper. Anders Varhol var sist på ballen og om me ikkje tek feil var det same mann som skåra sjølvmålet like før også. Det var lagt til 4 minutt og Elnesvågen fekk to nye corner-forsøk, på den eine var det full mølje framom mål før ballen til slutt gjekk over. Dermed tre nye poeng til Vestnes Varfjell, i ein vanskeleg bortekamp.

Ingen utmeka seg på eit Vestnes Varfjell-lag der det var mykje smårusk over heile linja, men Olafsen markerte seg igjen som den giftige målskåraren han kan vere. Markus Brudeseth var heime frå militæret og sesongdebuterte med eit positivt innhopp i andre omgang. No ventar lokaloppgjeret mot Tomrefjord, heime andre pinsedag klokka 15.

Kampfakta:

Elnesvågen - Vestnes Varfjell 3-4 (1-2)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Tornes kunstgras, 55 tilskuarar (7 Vestnes)

Mål:

0-1 (35) Elling Olafsen

1-1 (36) Thor-Inge Kirkaune

1-2 (42) Olafsen

2-2 (65) Kristian Benjaminsen

2-3 (72) Amund Stavem

2-4 (84) sjølmål

3-4 (90) Anders Varhol

Dommar: Moldof Holm, Isfjorden

Gult kort: Martin Kjørsvik, Elnesvågen (75)

Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Magnus Nerheim, Liam Connor (Adrian Liabø 46.), Svein Erik Lange Male, Ørjan Tangen - Tommy Kanishi Andreassen (Håkon Kjørvik 87.), Jonas Lervik (Markus Brudseth 69.), Sivert Nerheim - Vegard Ellingseter, Elling Olafsen (Knut Stian Eik 90.), Amund Stavem

 

Sist oppdatert tysdag 22. mai 2018 10:40
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Hovedsponsor

salmarlogo.jpg

Våre sponsorar