Draumetreff sikra seier i dramatisk kamp mot Sunndal |
![]() |
![]() |
![]() |
Skrive av administrator | |||
fredag 04. mai 2018 20:32 | |||
VARFJELLTV: SjÃ¥ Elling Olafsen sette inn det omsnakka 1-0-mÃ¥let her. SjÃ¥ Amund Stavems skot frÃ¥ nesten 30 meter her. SjÃ¥ Jarle Løvik Salte sette inn 2-2 her. Dramaet starta omtrent frÃ¥ start dÃ¥ Elling Olafsen lurte keeper og heada ballen i bakken og i mÃ¥l alt etter sju minutt etter innlegg frÃ¥ Amund Stavem. Dommar Terje Sorthe lot først spelet gÃ¥ vidare før han dømte mÃ¥l etter Ã¥ ha snakka med linjemannen. Heldigvis vart rett avgjerd gjort til slutt, for ballen var langt over streken, noko me som sto rett ved stolpen kan stadfeste. PÃ¥ bildet over er ballen akkurat pÃ¥ veg over linja. Ti minutt seinare kunne det stÃ¥tt 2-0 om Amund Stavem hadde fÃ¥tt kontroll pÃ¥ ballen etter framspel frÃ¥ Tommy Kanishi. Sunndal tok etter kvart over i banespelet og kom til eit par gode sjansar. Erik Ruud Ramsli trÃ¥kla seg heilt til dørlinja, men avslutninga strauk utanfor. I andre enden heada Kanishi utanfor, medan eit frispark fra Amund Stavem fann Kanishi før Sunndal redda til corner. Utliknga kom fem minutt før pause dÃ¥ Vebjørn Sørheim var sist pÃ¥ ballen etter ein corner. Andre omgang starta med ein frekkis frÃ¥ Vegard Ellingseter som sendte i veg eit langskot mot ein keeper som sto langt ute, men ballen gjekk over mÃ¥l. Sunndal pressa Varfjell-forsvaret til Ã¥ gjere feil i starten av andre omgang og ei dÃ¥rleg klarering hamna i beina pÃ¥ Petter Melkild som sette ballen i mÃ¥l frÃ¥ ti meter. Gjestane sÃ¥g sterkare ut i denne delen av kampen, men Vestnes Varfjell skulle greie Ã¥ reise seg att. Innbyttar Jarle Løvik Salte skapte mykje trøbbel pÃ¥ venstrekanten og etter 56 minutt fekk han eit perfekt framspel frÃ¥ Stavem. Avslutninga sat kontant i mÃ¥l forbi Ulvund i Sunndal-mÃ¥let og laga var like langt. No levde kampen med to lag som ville angripe. Kveldens høgdepunkt kom ut av ingenting dÃ¥ Amund Stavem bestemte seg for Ã¥ brenne laus frÃ¥ rundt 25 meter. Ballen small inn i hjørnet bak ein forfjamsa Sunndal-keeper. Like etter var Sunndal nærme 3-3, men Vestnes Varfjell-mÃ¥lvakt Fredrik Bergslid fekk feid ballen unna før Sunndal-spelararen fekk avslutta. Vestnes Varfjell kjempa heroisk i sluttminutta og spelte bÃ¥de klokt og godt. Ein stor sjanse kom ogsÃ¥, dÃ¥ Salte kom aleine med keeper, som redda med ein beinparade. Dommaren la til sju minutt, og i det andre av desse ville Sunndal ha straffespark dÃ¥ Salte var i duell med ein Sunndal-spelar. Linjemannen markerte, men dommar Sorthe sto godt plassert og vinka han ned. DÃ¥ kokte det etter kvart over for sunndalingane og John Hafstad vart utvist etter Ã¥ ha sparka Stavem ned bakfrÃ¥. Sorthe tok etter kvart ein prat med sin assistent, men heldt fast ved at det ikkje var straffe. Dermed ebba kampen ut med seier til heimelaget. I ein kamp med solid innsats over heile linja, er det ikkje muleg Ã¥ komme utanom ekstra skryt til matchvinnar Amund Stavem. BÃ¥de mÃ¥lgjevande til 1-0 og 2-2 og skotet som gav 3-2 ser ein ikkje i kvar kamp i denne divisjonen. Vestnes Varfjell - Sunndal 3-2 (1-1) Seriekamp, 4. divisjon Nordmøre/Romsdal Fredag 4. mai 2018 kl 19 Vestnes idrettspark - 90 tilskuarar MÃ¥l: 1-0 (7) Elling Olafsen 1-1 (40) Vebjørn Sørheim 1-2 (52) Petter Melkild 2-2 (56) Jarle Løvik Salte 3-2 (69) Amund Stavem Dommar: Ketil Sorthe, Hjelset-Kleive Raudt kort: John Hafstad (90 + 3). Gult kort: Eitt til Sunndal Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Liam Connor, Magnus Nerheim - Sivert Nerheim (Jarle Løvik Salte 46.), Vegard Ellingseter, Tommy Kanishi Andreassen (Adrian Liabø 90.) - Amund Stavem, Elling Olafsen, David Sissoko  Â
|
|||
Sist oppdatert søndag 06. mai 2018 19:34 |