Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Midsund stadion fre., 10. aug. 2018 19:00
Midsund
Midsund
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 29. jun. 2018 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
0-2 Åndalsnes
ÅIF

Tabellen

# Team K Mål P
1 Sunndal 12 15 26
2 Tomref 12 16 25
3 KFK 12 30 24
4 Surnad. 12 17 22
5 Eide 12 15 22
6 ÅIF 12 26 21
7 Varfjell 12 0 18
8 MIL/E/A 12 2 17
9 AK 12 2 15
10 Elnesv. 12 -34 6
11 Midsund 12 -22 5
12 Træff2 12 -67 4

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Årets første seier PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
fredag 20. april 2018 19:39

Vestnes Varfjell vann 3-1 over Midsund fredag. Eit Amund Stavem-skot frå kloss hald gav utlikning like før pause. I andre omgang var Varfjell klart best og vann etter skåring av Tommy Kanishi og Adrian Liabø.

 

 

Video i VarfjellTV | Bildegalleri | Avisa Midsundingen om kampen

Vestnes Varfjell opna best i ufyseleg regnvær og kunne tatt ei tidleg leiing ved Kanishi.  Same mann kom nære på eit frispark like etterpå. Midsund spelte seg etter kvart inn inn i kampen og skapte eit par store sjansar før laget tok leiinga på ein corner som hadde retning rett i mål før ballen vart heada inn. Vestnes Varfjell utlikna på eit viktig tidspunkt rett før pause då Amund Stavem kom seg fri og skotet frå kloss hald gjekk rett inn, muleg ein Midsund-forsvarar var borti før ballen gjekk  mål.

Vestnes Varfjell kom på bana lenge før både gjestar og dommarar etter pause, og tok tak frå start i medvinden. Midsund heldt unna lenge, og kunne i tillegg takke tverrliggar og stolpe for at avslutningar frå Vegard Ellingseter og Elling Olafsen ikkje gjekk inn. Me «såg» også ballen i mål då Olafsen heada like utanfor. Jonas Lervik og Olafsen var begge nære etter innlegg frå Kanishi og ein Midsund-spelar redda på strek. 2-1 kom ni minutt før slutt. Den elles gode Midsund-målvakt glapp ballen på eit innlegg frå Olafsen og Kanishi sette ballen i mål. På overtid sette Ellingseter ballen i stolpen etter framspill av Olafsen før Adrian Liabø sette ballen i mål i ei av sine første involveringar etter at han kom innpå.

PS: Kampen starta ti minutt før tida fordi Midsund ville rekke ei tidleg ferge. Dermed gjekk mange som kom seint glipp av dei første minutta. Inga stor sak, men litt unødvendig sidan 21.10-ferga er innan rekkevidde etter ein kjapp dusj også ved kampstart 19.

Tidlegare Varfjell-spelar Tarjei Bjermeland kom innpå for Midsund det siste kvarteret.

Kampfakta
Vestnes Varfjell - Midsund 3-1 (1-1)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 20. april 2018 kl 18.50

0-1 (30) Vetle Heggdal

1-1 (45) Amund Stavem

2-1 (83) Tommy Kanishi Andreassen

3-1 (90 + 3) Adrian Liabø

Vestnes idrettspark, 50 tilskuarar

Dommar: Nils Myrvang, Batnfjord

3 gule kort til Midsund

Laget: Bergslid; Kjørvik, S Nerheim, Connor, M Nerheim - Skare, Lervik (Male 69.), Kanishi (Liabø 90.) - Stavem, Olafsen, Salte (Ellingseter 50.)

Sist oppdatert søndag 22. april 2018 13:09
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Hovedsponsor

salmarlogo.jpg

Våre sponsorar