Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 17. aug. 2018 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
--- Forhånds
Kristiansund FK
KFK

Forrige kamp
Bane: Midsund stadion fre., 10. aug. 2018 19:00
Midsund
Midsund
3-2 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

Tabellen

# Team K Mål P
1 Sunndal 13 15 27
2 Tomref 13 16 26
3 KFK 13 30 25
4 Surnad. 13 19 25
5 ÅIF 13 29 24
6 Eide 13 15 23
7 Varfjell 13 -1 18
8 MIL/E/A 13 -1 17
9 AK 13 2 16
10 Midsund 13 -21 8
11 Elnesv. 13 -34 7
12 Træff2 13 -69 4

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Tatt av vinden - sterk sluttspurt heldt ikkje til poeng PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
fredag 13. april 2018 21:24

Vestnes Varfjell tapte 2-3 borte mot Åndalsnes i serieponinga i 4. divisjon fredag kveld. Det vart ein kamp prega av lite finspill i ein kraftig vind. Heimelaget hadde vinden i ryggen før pause og hadde dei fleste sjansane. Dei måtte likevel vente til overtid før målet kom, og det på svært heldig vis. Eit skot frå Bendik Hovde endra retning i ryggen på ein spelar, nok til å finte ut Bergslid i Vestnes Varfjell-målet. Vestnes Varfjell hadde sin største sjanse då Amund Stavem var på veg igjennom, men vart stoppa ulovleg av heimelagets målvakt som slapp unna med gult kort. Det kunne like gjerne ha vore raudt.

BILDEGALLERI FRÅ KAMPEN

Målet gav heimelaget blod på tann og kort tid etter pause var Hovde frampå igjen. Bergslid redda først, men kunne ikkje gjerne noko med andre forsøk. Som om ikkje det var nok: eit frispark i stolpen og retur til 3-0 signert Emil Nyheim.

Amund Stavem reduserte på eit fantastisk langskot og Vegar Skare var sist på ballen etter ein corner til 3-2. Det gav håp om poeng. Åtte minutt vart lagt til grunna skade på ein ÅIF-spelar samt at heimelaget og vinden gjorde at ballen var lenge ute av spel. Varfjell-trukket gav ikkje uttelling og ÅIF kunne juble for tre fortjente poeng.

5 gule kort til heimelaget og ingen til Vestnes Varfjell fortel litt om kven som kjempa mest og var villig til å bruke lovlege og ulovlege middel for å vinne. Aksel Berget Skjølsvik spelte slik me kjente han frå Molde og Sandnes-Ulf. Han fekk tidleg gult kort og burde også hatt det andre for ei stygg takling etter pause.

Laget: Bergslid, Kjørvik, Connor, S Nerheim, Liabø - M Nerheim, Lervik, Kanishi - Sissoko, Olafsen, Stavem

Inn: Skare, Tangen, Ellingseter og Male

Dommar: Johannes Remøy, Rival

Gukt kort: SAnder Dahle, Jonas Dahle Voldset, Sander Hatlen Bale, Emil Mattias Nyheim og Aksel Berget Skjølsvik, alle ÅIF

142 tilskuarar

Sist oppdatert søndag 22. april 2018 13:06
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Hovedsponsor

salmarlogo.jpg

Våre sponsorar

Nyaste videoar

Klikk for å sjå