Banner

Sesongmeny

Neste kamp
fre., 27. apr. 2018 19:00
Kristiansund FK
KFK
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Syltøran stadion laur., 21. apr. 2018 16:00
Surnadal
Surnad.
7-0 Træff 2
Træff2

Resultater

Tabellen

# Team K Mål P
1 Tomref 2 5 6
2 MIL/E/A 2 5 6
3 Eide 2 2 4
4 KFK 2 6 3
5 Surnad. 2 5 3
6 Varfjell 2 1 3
7 Sunndal 2 0 3
8 ÅIF 2 0 3
9 Elnesv. 2 -6 3
10 AK 2 -1 1
11 Midsund 2 -6 0
12 Træff2 2 -11 0

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Opnar serien med tøff bortekamp PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
torsdag 12. april 2018 08:11

Endeleg seriestart i 4. divisjon og Vestnes Varfjell tar turen til Øran for å møte det gamle storlaget Åndalsnes i første kamp. Det er alltid tøft å møte nyopprykka lag i seriestarten, særleg på bortebane. Åndalsnes flyt nok enno på medgangsbølga som sendte dei opp ein divisjon etter at dei kom frå 3. plass i 5. divisjon og slo Elnesvågen 2-0 i opprykksfinalen på Aker stadion (Elnesvågen berga seg likevel då Frei trekte laget). Vestnes Varfjell har berre vunne to gongar i historien borte mot Åndalsnes, sist i 2013 då Tore Akselsen avgjorde. Oversikt over tidlegare oppgjer finn du her. Vestnes Varfjell har variert ein del i sesongoppkjøringa, frå 6-1 mot Træff 2 til 1-11 mot Træff sitt førstelag i cupen. Sidan i fjor er først og fremst Karl Arne Stokkeland (flytta til Bergen for å studere) den som vil bli mest sakna. Elles har Vegard Ellingseter komme i tilgang. Han rekk ikkje seriestarten, det gjer heller ikkje Vegar Skare (jobb), Markus Brudeseth (militæret), Jarle Løvik Salte og Knut Stian Eik. - Men me stiller uansett ein bra tropp. Me stiller omtrent som i fjor, men dei unge har fått eitt år til på baken, seier trenar Alexander Connor til varfjell.no. Han stiller med 16-åringar både på keeper-, midstoppar- og midtbaneplass, der Jonas Lervik på midten har fått sitt gjennombrot i løpet av vinteren. Elles er laget mykje avhengig av sine fremste angrepsvåpen; Amund Stavem, Tommy Kanishi og Elling Olafsen.

Fredagens motstandar er altså tilbake i 4. divisjon etter eitt år i 5. divisjon. Dei har også eit ungt lag, med ein gjennomsnittsalder på 20 år ifølge Åndalsnes Avis. Samtidig har dei fått heim veteranen Aksel Berget Skjølsvik, som med si erfaring frå eliteserien med Molde og Sandnes-Ulf kan bli tungen på vektskåla i mange kampar i 4. divisjon. Trenar Kim Hugo Nyheim seier til Åndalsnes Avis (krev innlogging) at målet er å kjempe om dei 8-9 første plassane i divisjonen. Følg med på twitter for oppdateringar frå kampen som har avspark klokka 19.

Sist oppdatert torsdag 12. april 2018 08:34
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Våre sponsorar