Banner

Sesongmeny

Neste kamp
fre., 27. apr. 2018 19:00
Kristiansund FK
KFK
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Syltøran stadion laur., 21. apr. 2018 16:00
Surnadal
Surnad.
7-0 Træff 2
Træff2

Resultater

Tabellen

# Team K Mål P
1 Tomref 2 5 6
2 MIL/E/A 2 5 6
3 Eide 2 2 4
4 KFK 2 6 3
5 Surnad. 2 5 3
6 Varfjell 2 1 3
7 Sunndal 2 0 3
8 ÅIF 2 0 3
9 Elnesv. 2 -6 3
10 AK 2 -1 1
11 Midsund 2 -6 0
12 Træff2 2 -11 0

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Jubileum i dag: 50 år med Varfjell PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
fredag 29. desember 2017 00:00

Varfjell-logoI dag er det 50 år sidan fotballen i sentrale og austre delar av Vestnes kommune vart samla i ein klubb. Fotballklubben Varfjell såg dagens lys på eit møte på Solvang kafé på Helland 29. desember 1967.

Det var fotballgruppene i Tresfjord IL og Vestnes Turn- og IL som formelt slo seg saman. IL Samhald hadde ikkje eige fotballag då, men også Vikebukt var ein del av nedslagsfeltet til den nye klubben.

Den nye organinseringa vart ein suksess. Det er ikkje tvil om at det som vart gjort i 1967 var framtidsretta og viktig med tanke på å heve kvaliteten og gjere det mogleg å stille stabilt gode lag over tid. Jubileet blir ikkje markert. Etter at Varfjell slo seg saman med Vestnes Turn- og IL att i 1994, er 29. september 1900 skipingsdato for klubben.

Her kan du lese meir om Varfjells første år:

 

1968: Triumf med ny klubb

På eit møte på Tresfjord skule 29. desember 1967 var alle dei 30 frammøtte samde om å danne ein ny fotballklubb for området frå Furland til Vikebukt. Den nye klubben skulle heite «Trio». Fotballgruppene i Vestnes TIL og Tresfjord IL skulle samtidig opphøre og alle som dreiv med fotball skulle melde seg inn i den nye klubben. Klubben fekk ei prøvetid på eitt år på seg. Birger Ødegård vart valt til formann.

Styra i VTIL og Tresfjord IL gav si godkjenning 4. januar 1968, og alt den 12. same månad kom godkjenninga frå fotballforbundet. Ein hake var det likevel i svaret frå NFF: Namnet, «Trio», var i bruk av eit anna lag og kunne ikkje godkjennast. For at laget skulle komme med i adresselista måtte eit nytt namn sendast inn kjapt. Valet fall på «Triumf», som skulle bli namn på den nye klubben det første året.

Førebuingane til fotballsesongen kom i gang i februar. Frå Åndalsnes kom Johan Haukeberg og leia dei første fellestreningane. Dei vart haldne i gymsalen ved Tresfjord skule, på skaresnø ute og seinare på Storholmen ved utløpet av elva Tressa. Det vart avtalt treningskamp mot Fiksdal 6. april, men sterkt snøfall gjorde at kampen vart avlyst. Først to veker seinare kunne kampen spelast. Kampen, som vart spelt på Rekdal, endte 4-4. 20 spelarar var i aksjon i den aller første kampen til den nye fotballklubben: Lodve Solholm, Jakob Skorgen, Per Næsse, Per Ove Smogeli, Njaal Furland, Bergfinn Ødegård, Sigmund Sylte, Inge Bergum, Arne Gaustad, Helge Ødegård, Åge Sylte, Roar Lindset, Leif Haugen, Olav Eidhammer, Yngve Thompson, John Børseth, Jan Nerbø, Paul Bjermeland, Svein Halkjelsvik og Kristen Øvstedal. Roar Lindset, Leif Haugen, Åge Sylte og Arne Gaustad fekk æren av å skåre dei første måla.

Laget spelte ein treningskamp til før seriestart. Vågstranda vart slått 6-0. 5. mai var det klart for første seriekamp, heime mot Isfjorden. Det vart 1-1 etter Triumf-mål av Roar Lindset. Helga etter kom den første seieren då Eidsvåg vart slått 3-2, også det på heimebane. Mot Fiksdal vart det seier 2-1 i nabooppgjer med eit stort publikum på Vestnes stadion. I alt spelte laget 14 seriekampar den første sesongen, inkludert to mot Isfjorden som vart diska fordi spelarane reiste på jakt og uteblei frå ein kamp utan grunn. På dei tolv kampane som vart teljande, kunne oppmann Birger Rypdal bokføre fire seirar og åtte tap. Det gav 6. plass på tabellen. Sigmund Sylte, Inge Bergum, Åge Sylte og Arne Gaustad spelte alle kampane. Gaustad var også toppskårar med 11 mål inkludert dei fire han skåra i ein og same kamp mot Isfjorden.

Sportsleg sett hadde den første sesongen vore bra, og det vart vedtatt å halde fram med samarbeidet. I guteklassane grodde det godt, og Tresfjord-laget vart kretsmeistrar i klasse 12-14 år. Eit stort spørsmål måtte likevel finne si løysing før laget kunne ta fatt på sitt andre driftsår: Laget måtte ha eit godkjent namn. «Triumf» var nemleg også opptatt. På eit klubbmøte fekk namnet «Triol» størst tilslutning, men enno var ikkje alle tilfreds. Først då Johan Longva «la hovudet i blaut» og kom opp med «Varfjell», vart det semje. Bakgrunnen for Varfjell-namnet var at det både i Tresfjord og på Vestnes fanst fjell som heitte nettopp dette. No fekk laget også nye drakter. Fargane som vart valt, var oransje trøyer og svarte bukser.

Kampstatistikk sesongen 1968
Seriekampar 4. divisjon Romsdal:
Triumf mot:      Res   Målskårarar
Isfjorden* (h)   1-1   Lindset R
Eidsvåg (h)      3-2   Gaustad, Lindset R 2
Fiksdal (h)      2-1   Sylte Å, Gaustad
Bryn (b)         1-7   Gaustad
Træff (h)        1-2   Sylte S
Gossen (h)       1-8   Lindset R
Frode (b)        5-2   Sylte S, Gaustad 2, Sylte Å, Hustad
Isfjorden * (b)  6-0   Gaustad 4, Hustad, Kjersem
Eidsvåg (b)      0-3
Fiksdal (b)      2-3   Kjersem, Myklebust
Bryn (h)         1-0   Bergum
Træff (b)        1-2   Myklebust
Gossen (b)       0-1
Frode (h)        3-4   Kjersem, Gaustad, Sylte S
* Laget vart  diskvalifisert frå serien

Tabell:
Lag         K   V   U   T   Mål     P
Gossen     12   -   -   -   50-15  20
Træff      12   -   -   -   34-12  19
Bryn       12   -   -   -   27-21  12
Frode      12   -   -   -   20-37   9
Eidsvåg    12   -   -   -   16-32   8
Triumf     12   4   0   8   20-33   8
Fiksdal    12   -   -   -   13-39   8
Opprykk etter kvalifisering: Gossen
Nedrykk: Ingen (divisjonen utvida til 9 lag)

Spelarar        Kampar  Mål
Inge Bergum        14   1
Arne Gaustad       14   10
Sigmund Sylte      14   3
Åge Sylte          14   2
Oddmund Eidhammer  11   0
Arild Hustad       11   2
Jakob Skorgen       9   0
Roar Lindset        8   4
Per Næsse           8   0
Njaal Furland       7   0
Børge Kjersem       7   3
Per Ove Smogeli     7   0
Ragnvald Sønstabø   7   0
Severin Myklebust   6   2
Lodve Solholm       6   0
Johannes Dyrhaug    4   0
Bergfinn Ødegård    3   0
Kristen Øvstedal    3   0
Edmund Nygård       2   0
Oddbjørn Nygård     2   0
Leif Haugen         2   0
Jan Nerbø           1   0
Nils Lindset        1   0

I statistikken er kampane mot Isfjorden tatt med
Trenar: Johan Haukeberg, avløyst av Severin Myklebust
Oppmann: Birger Rypdal

Sist oppdatert fredag 29. desember 2017 09:02
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Våre sponsorar