Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Sande stadion laur., 14. okt. 2017 15:00
Sunndal
Sunndal
4-5 Referat
Vestnes Varfjell
Varfjell

Bane: Eidsvåg stadion tys., 10. okt. 2017 18:30
Eidsvåg
Eidsvåg
0-8 Referat
Vestnes Varfjell
Varfjell

Bane: Vestnes Idrettspark søn., 08. okt. 2017 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
4-2 Referat
Surnadal
Surnad.

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 82 60
2 KFK 22 81 50
3 Sunndal 22 41 46
4 Surnad. 22 11 40
5 Tomref 22 19 38
6 AK 22 18 37
7 Eide 22 17 35
8 Varfjell 22 4 34
9 Træff2 22 -40 16
10 Frei 22 -51 14
11 Elnesv. 22 -70 13
12 Eidsvåg 22 -112 1

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Olafsen skåra alle 8 mot Eidsvåg! PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
onsdag 11. oktober 2017 19:38

Elling Olafsen vart historisk då han skåra alle måla i 8-0-seieren borte mot Eidsvåg onsdag. Ingen tidlegare har skåra så mange mål i ein enkeltkamp for A-laget til Vestnes Varfjell. Det sto 3-0 ved pause. Så skåra Olafsen tre på tre-fire minutt midtvegs i andre omgang før han plussa på med to til mot slutten.

Bildegalleri | Rbnett om kampen |

Vestnes Varfjell brukte litt tid på å komme igang i kampen som var utsett frå i sommar grunna dødsfall i tilknytning til Eidsvåg-laget. Eidsvåg hang bra med i starten, men det var Vestnes Varfjell som fekk nettkjenning - dessverre utan resultat første gong. Dommar meinte Svein Erik Lange Male gjekk for hardt inn i duellen med Eidsvåg-keeperen før Elling Olafsen plukka opp "nedfallsfrukta" og sette ballen i mål. Det var likevel berre ein forsmak på det som skulle komme. Eit par store sjansar til før halvtimen: Olafsen over på halv volley etter innlegg frå Sivert Nerheim, så serverte Vegar Skare ballen til Markus Brudseth, men keeper var ute og redda. Eidsvåg stilte med utespelar Tore Klokseth mellom stengene. Han sto ein god kamp og hindra større nederlag.

0-1 kom etter 29 minutt. Jarle Løvik Salte sendte igjennom Olafsen som plasserte ballen forbi keeper.

0-2 (33) Markus Brudseth sitt innlegg vart heada forbi keeper.

0-3 (34) Olafsen skyt forbi keeper frå 16 meter etter pasning frå Vegar Skare.

Etter 36 minutt var Tommy Kanishi aleine med keeper, men avslutninga var for svak. Rett før pause kunne Olafsen ha skåra sitt fjerde då han kom aleine med keeper, men denne gongen fekk målvakta ei hand på ballen.

Også etter pause gjekk det ei stund før skåringane kom. Først hadde Eidsvåg ein stor sjanse då ein spelar plutseleg kom aleine, men Varfjell-forsvaret fekk rydda opp. Så hadde Kanishi ein ny sjanse då han kom igjennom, men igjen svikta avslutninga. Men der dei andre sleit framom mål, var det ein som var ustoppeleg denne kvelden, og igjen vart det tre på rappen for Olafsen:

66 min: 0-4 etter innlegg frå Løvik Salte.

68 min: 0-5 etter å ha tatt med seg ballen inne i feltet og satt den forbi keeper.

71 min: 0-6 etter gjennom spelt frå Kanishi og igjen skot sikkert forbi keeper.

Eidsvåg hadde sin største sjanse i kampen på eit skot i tverrliggaren. I andre enden prøvde Olafsen seg som assistent, men innbyttar Knut Stian Eik fekk ikkje ballen forbi keeper. Så kom ein trippelsjanse der både Olafsen, Eik og Kanishi prøvde seg. Også innbyttar Christer Enger (skot like utanfor) og Magnus Nerheim (langskot i tverrliggaren) kom nærme. Men det verka bestemt at berre Olafsen hadde lov til å skåre denne kvelden, og det var framleis tid til eit par til:

0-7 etter 85 minutt sette han ballen forbi keeper etter forarbeid av Enger, og jammen dukka han ikkje opp på bakre stolpe i siste minutt og sette ballen i mål etter innlegg frå Kanishi.

Litt usikker på tida etter 2000, men fram til då hadde desse den gamle rekorden med 5 mål i enkeltkamp: Bjarne Nerheim, Ronny Leikarnes 3 gongar og Arjan Hulsker.

Raskaste hattrick er på fire minutt, signert Roar Leikarnes mot Skåla i 1994. Me tok ikkje tida, men muleg Olafsen brukte litt meir enn dette på dei tre første måla i andre omgang. Kamprapporten seier fem minutt.

Laget: Fredrik Bergslid; Jarle Løvik Salte, Svein Erik Lange Male, Liam Connor (Knut Stian Eik 59.), Magnus Nerheim - Sivert Nerheim, Vegar Skare, Tommy Kanishi Andreassen - Daivd Sissoko (Christer Enger 53.), Elling Olafsen, Markus Brudeseth

Ingen kort

Dommar: Eirik Hyldbakk Furu, Clausenengen

35 tilskuarar

Sist oppdatert onsdag 11. oktober 2017 22:12
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Våre sponsorar