Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Sande stadion laur., 14. okt. 2017 15:00
Sunndal
Sunndal
4-5 Vestnes Varfjell
Varfjell

Bane: Eidsvåg stadion tys., 10. okt. 2017 18:30
Eidsvåg
Eidsvåg
0-8 Referat
Vestnes Varfjell
Varfjell

Bane: Vestnes Idrettspark søn., 08. okt. 2017 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
4-2 Referat
Surnadal
Surnad.

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 82 60
2 KFK 22 81 50
3 Sunndal 22 41 46
4 Surnad. 22 11 40
5 Tomref 22 19 38
6 AK 22 18 37
7 Eide 22 17 35
8 Varfjell 22 4 34
9 Træff2 22 -40 16
10 Frei 22 -51 14
11 Elnesv. 22 -70 13
12 Eidsvåg 22 -112 1

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Sissoko tidenes yngste målskårar då Surnadal vart slått PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
søndag 08. oktober 2017 14:59

Det vart 4-2 over Surnadal i siste heimekamp i 4. divisjon søndag. Amund Stavem, Elling Olafsen 2 og David Sissoko skåra. 14 år gamle David Sissoko (blir 15 år 15. desember)  skåra sitt første mål på A-laget og er dermed også den yngste målskåraren i historien.  Den gamle rekorden hadde Per-Kristian Os Nakken (f. 30. april 1989) då han skåra borte mot Måndalen som 15-åring 23. mai 2004. Liam Connor (vart 16 år 16. sept.) var også framleis berre 15 år då han skåra mot Tomrefjord 1. september i år.

VarfjellTV: Sjå heile kampen her

Det var gjestane frå indre Nordmøre som skåra først i ein jamnspelt førsteomgang i haustsola i Vestnes idrettspark. Etter 24 minutt fekk Simen Engdal tid til å vende opp etter eit frispark inn i feltet, skotet var godt plassert forbi Bergslid i Varfjell-målet. Før dette hadde Markus Brudseth hadde den største sjansen, men skotet gjekk ut att via innsida på stolpen. Amund Stavem utlikna etter 28 minutt då han fekk ein stikkball frå Tommy Kanishi og plasserte ballen elegant i mål frå nesten spiss vinkel. Så var det Magnus Nerheim sin tur til å bli hindra av stolpen, denne gongen på ei heading etter innlegg frå Stavem. 2-1 skulle likevel komme før laga gjekk til pause. Elling Olafsen heada ballen over keeper frå bakre stolpe etter innlegg frå Håkon Kjørvik.

Heimelaget festa grepet om dei tre poenga alt frå starten av andre omgang. Fem minutt var spelt då David Sissoko auka til 3-1, ballen vart plassert til side for keeper med hovudet etter innlegg og forarbeid av Markus Brudseth som var sterk og god då han drog seg fri på kanten. Tommy Kanishi kunne ha auka då han var fri inne i feltet, men skaut over. I staden var han servitør då Olafsen skåra sitt andre for dagen. Frisparket frå Kanishi finta ut Surnadal-forsvaret som ikkje var obs på at Olafsen kom fri på kanten av 16-metere og plasserte ballen ved stolpen før keeper rakk å komme til. (Sjå video av skåringa her) 4-1 sto seg til ti minutt gjensto då Ingebrikt Løfaldli fekk to sjansar til å krige ballen i mål etter eit frispark slått frå eigen banehalvdel.

Ein godt gjennomført siste heimekamp av Vestnes Varfjell, einaste skår i gleden at Amund Stavem drog på seg sitt femte (?) gule kort for ein litt pussig situasjon som ein streng dommar meinte var filming omtrent midt på bana. Frisparket til Surnadal var for øvrig det som gav redusering til 2-4.

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Surnadal 4-2 (2-1)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Søndag 8. oktober 2017 kl 15

Vestnes idrettspark, 80 tilskuarar

Mål:

0-1 (24) Simen Engdal

1-1 (28) Amund Stavem

2-1 (42) Elling Olafsen

3-1 (49) David Sissoko

4-1 (61) Olafsen

4-2 (81) Ingebrigt Løfaldli

Gult kort: Amund Stavem, Vestnes Varfjell (81)

Dommar Eirik Hyldbak Furu, Clausenengen

Laget: Fredrik Bergslid, Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male, Liam Connor, Magnus Nerheim - SIvert Nerheim (Yngve Solevågseide 82.), Tommy Kanishi Andreassen (Knut Stian Eik 89.), Markus Brudeseth (Vegar Skare 71.) - Amund Stavem, Elling Olafsen (Christer Enger 81.), David Sissoko (Jarle Løvik Salte 77.)

 

Sist oppdatert fredag 13. oktober 2017 10:59
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Våre sponsorar