Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Sande stadion laur., 14. okt. 2017 15:00
Sunndal
Sunndal
4-5 Vestnes Varfjell
Varfjell

Bane: Eidsvåg stadion tys., 10. okt. 2017 18:30
Eidsvåg
Eidsvåg
0-8 Referat
Vestnes Varfjell
Varfjell

Bane: Vestnes Idrettspark søn., 08. okt. 2017 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
4-2 Referat
Surnadal
Surnad.

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 82 60
2 KFK 22 81 50
3 Sunndal 22 41 46
4 Surnad. 22 11 40
5 Tomref 22 19 38
6 AK 22 18 37
7 Eide 22 17 35
8 Varfjell 22 4 34
9 Træff2 22 -40 16
10 Frei 22 -51 14
11 Elnesv. 22 -70 13
12 Eidsvåg 22 -112 1

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Vann stort på bortebane - Connor i 300 PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
laurdag 30. september 2017 16:38

Vestnes Varfjell hadde små problem med å slå svakt plasserte Elnesvågen på bortebane laurdag. 6-1 sto det til slutt etter tre mål i kvar omgang. Markus Brudeseth (3), Tommy Kanishi, Jarle Løvik Salte og Knut Stian Eik skåra. Trenar Alexander Connor var einaste innbyttar grunna ein del forfall og at G16-spelarar vart spart grunna tett kampprogram. Han sette seg sjølv innpå dei siste fem minutta, nok til å notere seg for kamp nummer 300 i Varfjell-drakta! Dermed er han medlem av ein ekslusiv klubb. Berre tre spelarar har tidlegare nådd så mange obligatoriske kampar for klubben (Ronny Leikarnes, Bjarne Nerheim og Gunnar Nerbø). Connor hadde nok hatt eit enno høgare kamptal om han ikkje hadde vore hovudtrenar i ti sesongar. Sidan sonen Liam hadde fått kvile etter gutelagskamp kvelden før, vart det ikkje far og son på bana samtidig denne gongen.

Mot Elnesvågen var kampen for lengst avgjort då trenaren kom innpå. Fræna-laget måtte helst vinne for å unngå nest sisteplassen som etter alt å dømme gir kvalifiseringskamper mot nummer tre i 5. divisjon om retten til å spele i 4. divisjon også neste år. Det var likevel Varfjell som gjekk rett i angrep og Markus Brudseth hadde nær skåra då han skaut like over krysset i kampens første angrep. Kampen jamna seg så litt ut før same Brudseth sette ballen forbi keeper etter pasning frå Sivert Nerheim til 1-0 etter 20 minutt. Så hadde Amund Stavem eit skot like utanfor før Tommy Kanishi skaut hardt og under keeper til 2-0 frå 16 meter etter at Brudseth lhadde lagt ballen tilbake til sin kaptein. Då var det spelt 32 minutt på Elnesvågen stadion. To minutt seinare var Brudseth igjen assistent då han spelte igjennom Jarle Løvik Salte som sette ballen til side for heimelagets målvakt. Same Salte hadde nær blitt tomålsskårar like før pause, men skotet gjekk frå tverrliggaren og ned på feil side av streken.

Trenar Connor åtvara i sin pauseprat mot å senke tempoet og tru at kampen var avgjort. Det var den i realiteten før to minutt var gått av andre omgang. Brudseth avslutta i stiolpen og Knut Stian Eik fekk æren av å sette inn returen til 4-0. Like etter fekk Elnesvågen lov til å redusere etter at Varfjell-forsvaret nølte med å avklare. I andre enden fekk Vestnes Varfjell etter kvart fritt spelerom. Særleg Amund Stavem og Tommy Kanishi, som begge var trekt ned på midtbana i denne kampen, herja med Elnesvågen. Og heilt framme var Brudseth alltid farleg. To gongar var han aleine med keeper før det det andre for dagen kom etter innlegg frå Knut Stian Eik. Hattricket vart fullført då han sette inn 6-1 på første stolpe etter corner frå Stavem fem minutt før slutt. Elnesvågen hadde også nokre sjansar i omgangen, men tre kvalifiserte redningar frå Fredrik Bergslid hindra fleire baklengs. Alt i alt ein godt gjennomført kamp mot eit Elnesvågen-lag som stilte svært ungt i tillegg til veteranane Kristian Benjaminsen og den tidlegare måltjuven Kjetil Brudseth. Surnadal er neste i det som blir årets siste heimekamp komande søndag klokka 15. Den utsette kampen mot Eidsvåg blir truleg spelt i siste veka og før laget avsluttar borte mot Sunndal.

Kampfakta:

Elnesvågen - Vestnes Varfjell 1-6 (0-3)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Laurdag 30. september 2017 kl 15

Elnesvågen stadion, 45 tilskuarar

Mål:

0-1 (20) Markus Brudeseth

0-2 (32) Tommy Kanishi Andreassen

0-3 (34) Jarle Løvik Salte

0-4 (47) Knut Stian Eik

1-4 (49)

1-5 (68) Brudeseth

1-6 (84) Brudeseth

Dommar: Anders Skorpen-Trøen, Malmefjorden

Gult kort: Dennis Nås, Elnesvågen (30)

Laget: Fredrik Bergslid, Justin Sætre, Sivert Nerheim, Håkon Kjørvik, Magnus Nerheim - Amund Stavem, Yngve Solevågseide, Tommy Kanishi Andreassen - Jarle Løvik Salte, Markus Brudeseth, Knut Stian Eik (Alexander Connor 85.)

Sist oppdatert laurdag 30. september 2017 23:37
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Våre sponsorar