Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Sande stadion laur., 14. okt. 2017 15:00
Sunndal
Sunndal
4-5 Referat
Vestnes Varfjell
Varfjell

Bane: Eidsvåg stadion tys., 10. okt. 2017 18:30
Eidsvåg
Eidsvåg
0-8 Referat
Vestnes Varfjell
Varfjell

Bane: Vestnes Idrettspark søn., 08. okt. 2017 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
4-2 Referat
Surnadal
Surnad.

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 82 60
2 KFK 22 81 50
3 Sunndal 22 41 46
4 Surnad. 22 11 40
5 Tomref 22 19 38
6 AK 22 18 37
7 Eide 22 17 35
8 Varfjell 22 4 34
9 Træff2 22 -40 16
10 Frei 22 -51 14
11 Elnesv. 22 -70 13
12 Eidsvåg 22 -112 1

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Godt forsøk, men ingen poeng mot topplaget PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
fredag 18. august 2017 20:09

Vestnes Varfjell yppa seg mot serieleiar Kristansund BK 2, men vart utan poeng etter at gjestane vann 2-1 i Vestnes idrettspark fredag. KBK 2 tok ei tidleg leiing, men Markus Brudseth utlikna etter eit nydeleg nedtak og skot forbi keeper. Like før pause gjekk gjestane opp i 2-1 i ein omgang der heimelaget hadde dei fleste store sjansane. KBK 2 styrte meir i andre omgang, samtidig som heimelaget vart slitne. Vertane fekk likevel nokre sjansar på kontringar, men fleire mål vart det ikkje i kampen. Heimelaget avslutta veldig ungt, med sju mann på 17 år eller yngre. Christian Enger fekk sin debut på A-laget.

Video i VarfjellTV | Bildegalleri | KBK 2 om kampen | Tidens Krav om kampen

KBK stilte med sine to mest erfarne spelarar frå start i Andreas Rødsand og Tor Erik Torske, begge med rundt 300 A-kampar for KBK, i tillegg var Erlend Sivertsen med frå A-stallen. Sivertsen hadde jobben med å stoppe Vestnes Varfjells stortalent David Sissoko, som spelte sin første kamp frå start i Amund Stavems karantenefråvær. Spissen var nære skåring etter sju minutt, men avslutninga gjekk i nettveggen. Heimelaget kom på mange angrep i starten, men nølande avklaring gav KBK 2 sjansen i andre enden. Torske var sist på 0-1-skåringa. I andre enden hadde Kanishi eit skot like utanfor, før Markus Brudeseth utlikna. Måndalingen, som spelte midtspiss i denne kampen, tok ballen elegant ned og sette den forbi KBK-målvakta. Rett før pause tok KBK leiinga på nytt etter ein lekker lobb frå Tobias Lysø rett før kvilen.

Vestnes Varfjell kom nære utlikning tidleg i andre omgang då Elling Olafsen var frampå, men headinga vart stoppa av ei refleksredning. Like etter heldt Fredrik Bergslid Varfjell inne i kampen med ei god redning. Det vart etter kvart mykje KBK 2 som styrte spelet mot eit slitent heimelag. Dei skapte nokre sjansar, men ikkje fleire og større enn at det var spenning heilt til siste sekund. Varfjell var nemleg ikkje ufarleg på kontringar. Sissoko fann innbyttar Jarle Løvik Salte framom mål, men skotet gjekk rett på keeper. Siste sjanse til poeng kom ved Brudeseth som skaut like utanfor.

Trenar Connor meinte laget hans var best i delar av kampen og hadde fortent poeng. Kollega Kurt Mørkøre i KBK gav følgande skryt til Tidens Krav etter kampen: Nei, det var en kamp hvor vi egentlig hadde hver vår omgang. Vestnes var gode, veldig gode, - og de hadde første omgangen. Andre omgang var KBKs, da styrte vi kampen.

Neste kamp er borte mot Eidsvåg, eit lag som står utan poeng. Eidsvåg-trenar Brakstad var på tribuna fredag - dei har berre sju poeng opp til sikker plass, og er absolutt ikkje ein motstandar å ta lett på.

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Kristiansund BK 2 1-2 (1-2)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 18. august 2017 kl 19

Vestnes idrettspark - 90 tilskuarar

Mål:

0-1 (12) Tor Erik Torske

1-1 (20) Markus Brudseth

1-2 (45) Tobias Lysø

Dommar: Anders Skorpen-Trøen, Malmefjorden

Ingen kort

Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Håkon Kjørvik, Sivert Nerheim, Liam Connor, Magnus Nerheim - Vegar Skare (Jonas Lervik 82.), Elling Olafsen (Yngve Solevågseide 80.), Ole-Gunnar Kjærstad - David Sissoko, Markus Brudseth (Christian Enger 87.), Tommy Kanishi Andreassen (Jarle Løvik Salte 69.)

Sist oppdatert fredag 18. august 2017 21:25
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Våre sponsorar