Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark tys., 04. jul. 2017 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
3-4 Eide
Eide

Bane: Vestnes Idrettspark fre., 30. jun. 2017 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
1-6 Sunndal
Sunndal

Tabellen

# Team K Mål P
1 KFK 12 54 33
2 KBK 2 12 44 33
3 Sunndal 12 21 27
4 Surnad. 12 5 25
5 AK 12 15 21
6 Tomref 12 8 19
7 Eide 12 3 17
8 Varfjell 12 -10 13
9 Frei 12 -21 10
10 Elnesv. 12 -42 7
11 Træff2 12 -24 6
12 Eidsvåg 12 -53 0

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Utan poeng i sjumålsthriller PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
tysdag 04. juli 2017 19:29

Vestnes Varfjell tar sommarpause etter å tapt 3-4 heime mot tabellnabo Eide. Heimelaget dominerte stort før pause og burde ha leia meir enn 2-0 etter mål av Elling Olafsen som skåra aleine med keeper etter innlegg frå Amund Stavem og Markus Brudeseth som sette hovudet til etter at Olafsen sin lobb gjekk over keeper, men ikkje over streken. Laget skapte mange sjansar i første omgang, alt etter 25 sekund sette Kanishi ballen over frå god posisjon. Amund Stavem sette balle i nettveggen, og både Håkon Kjørvik, Brudeseth og Kanishi hadde sjansen etter eit raid som Kjørvik starta. Kanshi skaut seinare stolpe og ut. Eide reduserte til 2-1 på ei corner rett før pause. Ballen gjekk i tverrliggar, returen hamna hos ein Eide-spelar som skåra på andre forsøk. Andre omgang starta med at Olafsen fekk ei heading etter corner redda på strek fr Skare og Brudeseth hadde gode sjansar frå kloss hald. Eide kom sterkare etter pause og det vart tidleg klart at denne kampen på langt nær var over. Oppgjeret eksploderte i løpet av tre minutt midtvegs i andre omgang. Først utlikna Eide til 2-2 på eit frispark som var heada tilbake i feltet, før Varfjell tok leiinga på ny ved Vegar Skare etter eit presist Stavem-innlegg framom mål. Like etter utlikna Eide på straffe etter holding på Søbstad som også sette straffa. Avgjersla kom etter eit frispark seks minutt før slutt, Igjen slått på bakre og denne gongen var det Varfjell-forsvaret som rota ballen inn føre eige mål i staden for å klarere utover, der fekk ein Eide-spelar krangla ballen i mål og det sto plutselig 3-4. Varfjell prøvde på ein sluttspurt, mellom anna ved å sette innpå landslagsspelar David Sissoko, men det vart med ei heading utanfor frå Olafsen etter innlegg frå Sissoko på stillinga 3-3. Dermed var årets bitraste tap eit faktum. Trøsten får vere at laget til tider spelte svært godt, dessverre vart dei hardt straffa på dødball. Alle Eide sine skåringar var dødballmål, og dermed utnytta det som har vore den største svakheite for årets Vestnes Varfjell-lag.

Dette var den andre av fire heimekampar på rad. Etter ferien kjem topplaga AK og KBK 2 på besøk.

Videoar i VarfjellTV | Bildegalleri frå kampen

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Eide og Omegn 3-4 (2-1)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Tirsdag 4. juli 2017 kl 19

Vestnes idrettspark - 95 tilskuarar

Mål:

1-0 (19) Elling Olafsen

2-0 (40) Markus Brudeseth

2-1 (45) Blikås

2-2 (75) Blikås

3-2 (76) Vegar Skare

3-3 (77) Stig Roar Søbstad, straffespark

3-4  (84) Samdal

Dommar: Eirik Hyldbakk Furu, Clausenengen

Gult kort: Vegar Skare, to til  Eide

Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Håkon Kjørvik, Sivert Nerheim, Liam Connor, Magnus Nerheim  - Karl Arne Stokkeland, Vegar Skare, Markus Brudeseth (David Sissoko 71.) - Amund Stavem, Elling Olafsen, Tommy Kanishi Andreassen

Sist oppdatert onsdag 05. juli 2017 10:47
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Våre sponsorar