Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Sande stadion laur., 14. okt. 2017 15:00
Sunndal
Sunndal
4-5 Referat
Vestnes Varfjell
Varfjell

Bane: Eidsvåg stadion tys., 10. okt. 2017 18:30
Eidsvåg
Eidsvåg
0-8 Referat
Vestnes Varfjell
Varfjell

Bane: Vestnes Idrettspark søn., 08. okt. 2017 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
4-2 Referat
Surnadal
Surnad.

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 82 60
2 KFK 22 81 50
3 Sunndal 22 41 46
4 Surnad. 22 11 40
5 Tomref 22 19 38
6 AK 22 18 37
7 Eide 22 17 35
8 Varfjell 22 4 34
9 Træff2 22 -40 16
10 Frei 22 -51 14
11 Elnesv. 22 -70 13
12 Eidsvåg 22 -112 1

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Sterk opphenting, men null poeng PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
søndag 25. juni 2017 16:19

Vestnes Varfjell tapte 3-4 i laurdagens bortemøte med Surnadal. Heimelaget var i føringa 4-1 ved pause. Tre av måla kom på corner, det gjorde også det eine reduseringsmålet før pause som Karl Arne Stokkeland var sist på. Vestnes Varfjell kom sterkt i andre omgang og reduseringar av Tommy Kanishi på eit flott langskot og ei stupheading av Magnus Nerheim gav ny spenning i kampen. Dessverre hadde ikkje laget krefter til å fullføre snuoperasjonen.

Bilde frå kampen | TK om kampen | Driva om kampen (+)

Vestnes Varfjell fekk ein marerittstart på Syltøran-graset med to baklengs før ti minutt var spelt. Karl Arne Stokkeland krangla inn reduseringa etter ein corner der Markus Brudeseth var nest sist på ballen. På stillinga 2-1 kom Varfjell meir med i kampen, men mot slutten av omgangen glapp det to gongar slik at heimelaget kunne gå til pause med komfortabel 4-1-leiing. Gjestane sleit med å få kontroll på ballen på den sleipe grasmatta, og heimelaget var det førande laget.

Kampbildet snudde etter pause. Stokkeland og Sivert Nerheim bytta plass. Ti minutt var spelt då kaptein Tommy Kanishi Anderassen fekk fulltreff og ballen fauk inn oppe i krysset. Ny spenning i kampen, og meir skulle det bli då ei avslutning inne frå innbyttar Jarle Løvik Salte kom i retur frå keeper. Magnus Nerheim sto umarkert ved bakre stolpe og sette inn 4-3 frå kloss hald. Det skulle borge for ein real sluttspurt frå bortelaget, men dessverre var det ikkje nok krefter att til det. Surnadal kom i staden til nokre sjansar og kontrollerte til slutt i land sigeren.

Heimelaget hadde storskårar Bjørnar Dalsegg Sæter på heimlån i denne kampen. Han kom ikkje nærare enn eit tverrliggarskot. No gjenstår to heimekampar, mot Sunndal fredag og Eide tirsdag før laget tek ferie.

Kampfakta

Surnadal - Vestnes Varfjell 4-3 (4-1)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Laurdag 25. juni 2017 kl 14.30

Syltøran stadion, 150 tilskuarar

Mål:

1-0 (4) Næss
2-0 (9) Høvik
2-1 (18) Stokkeland
3-1 (39) Kvendset Andersen
4-1 (42) Brøske
4-2 (56)
Kanishi Andreassen
4-3 (75) M Nerheim

Laget: Laget: Bergslid, Kjørvik (Solevågseide 79.), Stokkeland, Connor, Liabø (Eik 85.) - Brudeseth (Løvik Salte 72.), S Nerheim, Skare, M Nerheim, Kanishi - Olafsen

Dommar: Karl Edvard Brendskag, Dahle

Gult kort: Magnus Nerheim (85), eitt til Surnadal

 

Livedekinga frå kampen:

Surnadal
4
FT
3
Vestnes Varfjell
4
FT
3
  • Næss4
  • Høvik9
  • Kvendset Andersen39
  • Brøske42
  • 18Stokkeland
  • 56Kanishi Andreassen
  • 75Nerheim
4
Mål, Surnadal (1-0), Hallvard Næss. Målgivende, Stein Todalshaug.
Hallvard Næss sist på ballen i duell med Karl Arne Stokkeland.
9
Mål, Surnadal (2-0), Knut Ola Hamnes Høvik. Målgivende, Stein Todalshaug.
18
Mål, Vestnes Varfjell (2-1), Karl Arne Storås Stokkeland. Målgivende, Markus Moen Brudeseth.
Også denne corneren endar i mål.
39
Mål, Surnadal (3-1), Erik Kvendset Andersen. Målgivende, Stein Todalshaug.
42
Mål, Surnadal (4-1), Vegar Brøske. Målgivende, Stein Todalshaug.
Dagens mest presise hjørnespark endar i dagens fjerde cornermål! Vegar Brøske krigar ballen kontant i mål ved bakre stolpe. Rein maktdemonstrasjon av Surnadal-kapteinen.
56
Mål, Vestnes Varfjell (4-2), Tommy Kanishi Andreassen.
Vegar Brøske vinn duellen på corneren, men Kanishi Andreassen dundrar returen i mål. Dagens reinaste treff på ballen!
75
Mål, Vestnes Varfjell (4-3), Magnus Nerheim.
Etter nokre spennande sluttminutt bles dommaren i fløyta for siste gong, og Surnadal tek alle tre poenga. Heimelaget var klart best før pause, men gjestane frå Vestnes heva seg kraftig i andre omgang, og vinn den 2-0. Alt i alt er det likevel greitt at Surnadal vinn, trass ein svak andreomgang. Kaptein Vegar Brøske kåra til Surnadal sin bestemann, medan keeper Bergslid stod ein god kamp for bortelaget.
Velkommen til liveoppdatering av 4. divisjonskampen mellom Surnadal og Vestnes Varfjell på Syltøran stadion.
Vi har ikkje fått bekrefta lagoppstillinga til bortelaget, så det kan komme endringar der.
Det er verdt å merke seg at Surnadal har Bjørnar Dalsegg Sæter tilbake til denne kampen. Angriparen er på utlån frå Holmen, der han har scora 15 mål på 20 kampar i den kanskje sterkaste 3. divisjonsavdelinga i landet. Eldstebror Dalsegg Sæter startar på topp for heimelaget.
Bortelaget har ikkje med bortedrakter til Surnadal, og stiller for anledninga i heimelaget sine kvite bortedrakter.
Lagoppstilling klar.
0
Avspark.
4
Stor sjanse til Surnadal! Bjørnar Dalsegg Sæter vert fint spelt fram skrått ute til høgre, men keeper Bergslid vartar opp med ei fin redning. Blir liggande etterpå, keeperen.
4
Corner, Surnadal, Stein Todalshaug. Sjølvmål, men 1-0 til Surnadal!
4
Mål, Surnadal (1-0), Hallvard Næss. Målgivende, Stein Todalshaug.
Hallvard Næss sist på ballen i duell med Karl Arne Stokkeland.
6
Pangstart for heimelaget, som er ubeseira på heimebane. Målet kom etter at ein forsvarar ved første stolpe flikkar ballen i eige mål.
7
Surnadal farleg frampå igjen. Andreas Dalsegg Sæter slår inn frå venstre, men Hallvard Næss når ikkje fram inne i boksen.
8
Håkon Bredesen til dødlinja ute til venstre etter å ha blitt flikka fri av Erik Andersen. Bergslid held innlegget i fast grep.
9
Ny corner til heimelaget etter at Stokkeland klarerar eit innlegg frå Lars Mogstad.
9
Corner, Surnadal, Stein Todalshaug.
9
Mål, Surnadal (2-0), Knut Ola Hamnes Høvik. Målgivende, Stein Todalshaug.
10
Corner er mål for Surnadal i dag. Todalshaug sin corner går forbi første duell, og der kjem Høvik og regelrett spring ballen i mål frå kort hald.
12
Rett og slett fullstendig Surnadal-dominans dei første ti minutta på Syltøran. Overbefolkar Vestnes sin halvdel og lar ikkje heimelaget få fred med ballen.
16
Ny kjempesjanse til heimelaget. Bjørnar Dalsegg Sæter blir spelt gjennom. Prøvar å spele på tvers til Erik Andersen, men Vestnes Varfjell får rydda unna.
17
Corner, Vestnes Varfjell, Magnus Nerheim. Mot første stolpe, der Høvik og Stokkeland er i duell. Ut til ny corner.
17
Corner, Vestnes Varfjell, Markus Moen Brudeseth.
18
Mål, Vestnes Varfjell (2-1), Karl Arne Storås Stokkeland. Målgivende, Markus Moen Brudeseth.
Også denne corneren endar i mål.
19
Alle måla har komme på hjørnespark, sjølv om ingen av dei tre har vore veldig godt slått. Også dette sprett forbi duellen ved første stolpe, og Stokkeland skyt via keeper Meese og i nettet.
21
Det har jamna seg meir ut no. Vestnes Varfjell har naturleg nok fått ei vitamininnsprøyting etter reduseringa. Karl Arne Stokkeland har for øvrig allereie rukke å score i begge måla i dag.
21
Tverrliggar frå Bjørnar Dalsegg Sæter!
22
Stein Todalshaug med eit fantastisk dribleraid ned mot dødlinja ute til høgre. Spelar 45 til Bjørnar Dalsegg Sæter, som halvveis liggande skyt i tverrliggaren. Returen endar hos Erik Andersen, som skyt via ein Vestnes-spelar til corner.
22
Corner, Surnadal, Stein Todalshaug. Endar til slutt hos Hallvard Næss, som skyt utanfor.
23
Kaos på i Vestnes-boksen! Stein Todalshaug med nydeleg stikkar til Hallvard Næss, som slår inn. Keeper Bergslid boksar rett opp, og ballen dett ned på streken. Der er ein Vestnes-spelar, som får klarert.
23
Corner, Surnadal, Stein Todalshaug. Ein Vestnes-spelar headar ut i returrommet, der Bjørnar Dalsegg Sæter fyrar over.
28
Stein Todalshaug bryt ei horribel tversoverpasning i Vestnes-forsvaret, og slår gjennom til Bjørnar Dalsegg Sæter på første touch. Han avsluttar tidleg, men får ikkje skikkeleg klem på skuddet, og Bergslid reddar greit. Burde nok scora der.
28
Eit frispark frå Lars Mogstad ute til høgre finn Bjørnar Dalsegg Sæter, som frå skrå vinkel prøver å slå inn mot Erik Andersen og Hallvard Næss. Keeper Bergslid fangar.
31
Lars Mogstad drar til frå 20-25 meter, men det knallharde skotet går midt på Bergslid.
33
Næss og Mogstad kombinerar ute til høgre, før sistnevnte slår inn. Bjørnar Dalsegg Sæter ragar høgst inne i feltet, men headinga går utanfor.
35
Nesten kopi av sjansen for eit par minutt sidan. Næss slår inn denne gongen, og stussen frå Bjørnar Dalsegg Sæter går over Bergslid, men også utanfor mål.
36
Vestnes Varfjell med godt innlegg frå høgresida. Avslutninga går via ein SIL-forsvarar og trillar ufarleg inn til Meese.
39
Mål, Surnadal (3-1), Erik Kvendset Andersen. Målgivende, Stein Todalshaug.
41
Surnadal med 15 pasningar innad i laget før det som er ei nydeleg scoring av heimelaget! Stein Todalshaug har ballen ute til venstre ca 30 meter frå mål, før han chippar inn bak forsvaret til Vestnes Varfjell. Der har Erik Andersen starta perfekt, og 2000-modellen styrer ballen strålande i mål med hovudet.
42
Ny sjanse til Andersen, som tydeleg har sjølvtillit no! Startar nok ein gong inn bak forsvaret til bortelaget, og kjempar til seg ballen før han slenger seg fram og sender ballen mot ein utrusande Bergslid. Keeperen avvergar.
42
Corner, Surnadal, Stein Todalshaug.
42
Mål, Surnadal (4-1), Vegar Brøske. Målgivende, Stein Todalshaug.
Dagens mest presise hjørnespark endar i dagens fjerde cornermål! Vegar Brøske krigar ballen kontant i mål ved bakre stolpe. Rein maktdemonstrasjon av Surnadal-kapteinen.
44
Stein Todalshaug, som startar sin første kamp etter skaden han fekk i bortekampen mot Sunndal, har altså hatt fire målgjevande pasningar i løpet av dei første 42 minutta.
45
No er det berre Surnadal igjen. Bjørnar Dalsegg Sæter avsluttar mot hjørnet frå 16-17 meter, men Bergslid med ei fantastisk redning til corner.
45
Corner, Surnadal, Stein Todalshaug. Knut Ola Høvik headar over.
46
Pause.
Første omgang er over, og for ein underhaldande omgang vi har fått på Syltøran stadion! Surnadal starta forrykande, før Vestnes kjempa seg inn i kampen og reduserte til 2-1. Mot slutten av omgangen tok heimelaget over igjen, og er fortent i føringa. Fire cornermål, fire Stein Todalshaug-assists og Karl Arne Stokkeland-scoring i både rett og feil bur. Vestnes Varfjell-keeper Fredrik Bergslid har stått ein god førsteomgang, og nekta Surnadal sin sommarferierande storscorar Bjørnar Dalsegg Sæter scoring så langt.
45
Start andre omgang.
47
Vi er i gang med dei siste 45 minutta på Syltøran.
53
Høgreback Lars Mogstad med innlegg som havnar på hovudet til venstreback Håkon Bredesen. Headinga går høgt over.
56
Corner, Vestnes Varfjell, Magnus Nerheim.
56
Mål, Vestnes Varfjell (4-2), Tommy Kanishi Andreassen.
Vegar Brøske vinn duellen på corneren, men Kanishi Andreassen dundrar returen i mål. Dagens reinaste treff på ballen!
60
Spillerbytte hos SurnadalSindre Hyldbakk Kvande går ut, Ingebrigt Løfaldli kommer inn.
60
Spillerbytte hos SurnadalErik Kvendset Andersen går ut, Geir Bævre kommer inn.
61
Dobbeltbytte for heimelaget. Venstrekant Andersen og indreløpar Hyldbakk Kvande ut. Ingebrigt Løfaldli tek plass på kanten, medan Geir Bævre kjem inn på midten.
62
Frispark til Vestnes Varfjell ti meter inn på Surnadal sin halvdel. Skal løftast inn i feltet.
62
Høvik klarerar.
65
Stein Todalshaug med god avslutning frå langt hald, Fredrik Bergslid med ei flott redning til corner.
65
Corner, Surnadal, Geir Bævre. Over alle og ut til fem-meter.
67
Ifølge sikre kjelder i Surnadal-miljøet var Hallvard Næss sist på det første målet, ikkje Stokkeland.
68
Vestnes Varfjell har løfta laget høgare i bana etter pause.
68
Corner, Vestnes Varfjell, Magnus Nerheim. Går borti ein Vestnes-spelar og ut til utspark.
71
Nesten for heimelaget! Ingebrigt Løfaldli spelt gjennom ute til venstre, men keeper Bergslid avvergar. Returen trillar imidlertid ut i feltet, der Stein Todalshaug får avslutta. Ein Vestnes-spelar får blokkert ut til innkast.
71
Innlegg frå Håkon Bredesen, men keeper Bergslid fangar nok ein gong.
72
Spillerbytte hos Vestnes VarfjellMarkus Moen Brudeseth går ut.
Usikker på kven som kjem inn her, i og med at draktnumra ikkje stemmer overeins med kamprapporten.
75
Mål, Vestnes Varfjell (4-3), Magnus Nerheim.
78
Ny spenning i kampen. Vestnes kjem til avslutning inne i feltet, men Meese reddar. På returen står ein Vestnes-spelar, som vi trur er Nerheim, umarkert ved bakre stolpe. Frå kloss hald sett han inn 4-3. Surnadal-spelarane vil ha offside, men scoringa er godkjent.
79
Surnadal litt rysta no. Mange feilpasningar, og Vestnes vinn alt av andreballar. Skudd frå Olafsen, men går utanfor.
80
Spillerbytte hos Vestnes VarfjellHåkon Ødegård Kjørvik går ut.
Usikker på kven som kjem inn.
82
Sjanse til heimelaget når Ingebrigt Løfaldli sitt innlegg finn Hallvard Næss ved bakre stolpe. Får ikkje klem på stupheadinga si, og Bergslid reddar enkelt.
82
Vestnes Varfjell pressar veldig høgt no, medan Surnadal prøvar å køyre overgangar.
83
Spillerbytte hos SurnadalHallvard Næss går ut, Odd Egil Undlien kommer inn.
Odd Egil Undlien inn på topp for Surnadal. Bjørnar Dalsegg Sæter ut på høgrekanten.
84
Flott raid av Ingebrigt Løfaldli inn i boksen til bortelaget, men får aldri skuddmulegheit, og skaffar til slutt corner.
84
Corner, Surnadal, Geir Bævre. Altfor lang og ut til innkast på motsett side.
86
Gult kort til Vestnes sin spelar nummer ni. Ifølge kamprapporten er det Magnus Nerheim.
86
Stein Todalshaug curlar frisparket høgt over.
87
Kampen har stabilisert seg litt igjen no. Tempoet betraktelig lågare enn i første omgang.
87
Corner, Surnadal, Stein Todalshaug. Inn mot første stolpe, Bergslid og Brøske i duell. Ny corner, til store protestar frå bortelaget.
87
Corner, Surnadal, Stein Todalshaug. Bjørnar Dalsegg Sæter vinn første duellen, men andreballen blir klarert.
91
Dagens Surnadal Sparebank SIL-gutt er kaptein Vegar Brøske.
91
Gult kort, Surnadal, Stein Todalshaug. Chippar ballen i mål etter at det er blåst offside.
91
Spillerbytte hos SurnadalStein Todalshaug går ut, Ørjan Nes Haugen kommer inn.
92
Skudd frå Løfaldli. Midt på Bergslid.
93
Stopp i spelet på grunn av krampe på Karl Arne Stokkeland.
95
Slutt.
Etter nokre spennande sluttminutt bles dommaren i fløyta for siste gong, og Surnadal tek alle tre poenga. Heimelaget var klart best før pause, men gjestane frå Vestnes heva seg kraftig i andre omgang, og vinn den 2-0. Alt i alt er det likevel greitt at Surnadal vinn, trass ein svak andreomgang. Kaptein Vegar Brøske kåra til Surnadal sin bestemann, medan keeper Bergslid stod ein god kamp for bortelaget.
Vi takkar for følgjet frå Syltøran i det som har vore ei fin oppladning til ein storslagen laurdag under Norsk Laksefestival i Vårsøgbygda Surnadal.
4. divisjon - Nordmøre
Stadion
Syltøran Stadion
Dato 24.06.2017 14:30
Runde 10

 

Sist oppdatert måndag 26. juni 2017 19:51
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Våre sponsorar