Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark tys., 04. jul. 2017 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
3-4 Eide
Eide

Bane: Vestnes Idrettspark fre., 30. jun. 2017 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
1-6 Sunndal
Sunndal

Tabellen

# Team K Mål P
1 KFK 12 54 33
2 KBK 2 12 44 33
3 Sunndal 12 21 27
4 Surnad. 12 5 25
5 AK 12 15 21
6 Tomref 12 8 19
7 Eide 12 3 17
8 Varfjell 12 -10 13
9 Frei 12 -21 10
10 Elnesv. 12 -42 7
11 Træff2 12 -24 6
12 Eidsvåg 12 -53 0

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Ny heimeseier PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
fredag 16. juni 2017 20:17

Det vart seier 3-0 heime mot Elnesvågen fredag. Elling Olafsen skåra det einaste målet i ein førsteomgang der vertane opne bra, men der Elnesvågen etter kvart tok litt over. I andre omgang skjerpa heimelaget seg og ny skåring av Olafsen og Svein Erik Lange Male sørga for tre nye poeng.

Varfjell opna best, og Sivert Nerheim hadde ein lobb over alt etter fem minutt. Etter dette fekk gjestane styre mykje, men det var likevel heimelaget som skåra først. Elling Olafsen plasserte ballen forbi keeper etter fint veggspel.  Eit par gode redningar av Bergslid heldt heimelaget i føringa. Markus Brudseth var nærme for Varfjell, men Elnesvågen fekk rensa unna. Elnesvågen hadde også ein ball inne. Der gjekk skotet først via begga stolpar og ut på bana igjen, men assistendommaren meinte at han som sette inn returen hadde dradd fordel av sin offsideposisjon før det første skotet gjekk. Også Varfjell hadde ein ball i mål ved Olafsen der det var vinka først.

Vestnes Varfjell skjerpa seg etter pause samtidig som Elnesvågen vart litt sluttkøyrde etter kvart. Magnus Nerheim var nærme 2-0 då han vart spelt igjennom, men vart hindra av ein god keeper. Så var innbyttar Vegar Skare nærme etter ein corner. Han datt også i feltet like etterpå, men dommar Sorthe ville ikkje dømme straffe. 2-0 kom etter ein dryg halvtime. Olafsen headar inn returen etter at keeper først hadde klarert eit firspark. Ein lur frisparkvariant etterpå lukkast nesten då ballen vart spelt flatt fram til Kanish som skaut rett på keeper. Like etter hadde gjestane ein stor sjanse. Også 3-0 kom på dødball. Eit firspark frå Amund Stavem vart slått inn i feltet der Svein Erik Lange Male hadde tatt turen fram frå midtstopparposisjon og heada ballen over keeper og i mål. Då var det fem minutt att.

Amund Stavem var på hugget i andre omgang og kom på fleire av sine kjente raid, men fekk ikkje korkje mål eller straffe då han var på veg igjennom. Tommy Kanishi var på skothald etter 35 minutt, en avslutninga gjekk utanfor. Rett før slutt hadde Olafsen nesten tråkla seg igjennom til ny skåring, medan Justin Sætre skaut i stolpen frå skrått hald på overtid.

Ingen stor kamp av heimelaget som har ein tendens til å sleppe seg nedpå mot dei antatt svakare laga. Det heldt likevel til tre nye poeng. Seieren var viktig for å unngå å hamne i botnstriden.  Neste kamp er borte mot Surndal før Sunndal kjem på besøk om to to veker.

Laget: Fredrik Bergslid; Håkon Kjørvik (Justin Sætre 61.), Svein Erik Lange Male, Liam Connor - Sivert Nerheim, Karl Arne Stokkeland, Markus Brudeseth (Vegar Skare 66.) - Amund Stavem, Elling Olafsen, Tommy Kanishi Andreassen

45 tilskuarar

Dommar: Terje Sorthe, Hjelset-Kleive

Gult kort: 1 til Elnesvågen

Sist oppdatert søndag 18. juni 2017 19:12
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Våre sponsorar