Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark tys., 04. jul. 2017 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
3-4 Eide
Eide

Bane: Vestnes Idrettspark fre., 30. jun. 2017 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
1-6 Sunndal
Sunndal

Tabellen

# Team K Mål P
1 KFK 12 54 33
2 KBK 2 12 44 33
3 Sunndal 12 21 27
4 Surnad. 12 5 25
5 AK 12 15 21
6 Tomref 12 8 19
7 Eide 12 3 17
8 Varfjell 12 -10 13
9 Frei 12 -21 10
10 Elnesv. 12 -42 7
11 Træff2 12 -24 6
12 Eidsvåg 12 -53 0

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Sjanselause mot topplaget PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
fredag 09. juni 2017 21:00

Vestnes Varfjell tapte 0-6 borte mot KFK i 4. divisjon fredag. Det var ingen tvil om kva lag som var best, særleg før pause var Vestnes Varfjell på etterskot. Gjestane fekk ha ballen litt meir i andre omgang, og kom nærme ei redusering. I andre enden hindra ein god Fredrik Bergslid fleire baklengs. Angvik skåra tre for KFK.

Ein frekk lobb frå Amund Stavem i kampens første minutt kunne gitt gjestane ein flying start, men så styrte vertane det meste. 1-0 kom etter at Vestnes Varfjell ga frå seg ballen på midtbana. Denne stillinga sto seg lenge, men mot slutten av omgangen putta KFK tre gongar slik at det sto 4-0 ved halv tid. Ei heading over frå Sivert Nerheim var den andre halvsjansen me noterte for Varfjell i første omgang

Varfjell fekk ha ballen meir i andre omgang då KFK skrudde ned tempoet og også brukte heile innbyttarkvoten på 7 etter kvart. Det vart med to nye skåringar, samtidig som Varfjell ikkje makta å redusere. Magnus Nerheim skaut over etter flrearbeid frå Kanishi, Svein Erik Lange Male heada over, og på slutten kom den største sjansen då Karl Arne Stokkeland var nære med ei heading frå kloss hald som vart stoppa av keeper. Stokkeland spelte ein god kamp mot gamle lagkameratar og var sitt las beste saman med målvakt Bergslid. Jarle Løvik Salte var tilbake etter langt skadefravær, Vegar Skare og Markus Brudeseth  var mellom frafalla (begge jobb).

No ventar heimekamp mot Elnesvågen som viste gode takter med 4-0 borte mot Eidsvåg laurdag. KFK om kampen

Laget:

Fredrik Bergslid, Håkon Kjørvik, Kalle Stokkeland,  Svein Male, Justin Sætre - Sivert Nerheim, Yngve Solevågseide  (Kim Rodi Brudeseth 46.) Magnus Nerheim - Amund Stavem (Jarle Løvik Salte 86.) Elling Olafsen, Tommy Kanishi (Knut Stian Eik 78)

Gult kort: Justin Sætre (36)

75 tilskuarar på Kristiansund stadion

Sist oppdatert måndag 12. juni 2017 17:00
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Våre sponsorar