Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark tys., 04. jul. 2017 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
3-4 Eide
Eide

Bane: Vestnes Idrettspark fre., 30. jun. 2017 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
1-6 Sunndal
Sunndal

Tabellen

# Team K Mål P
1 KFK 12 54 33
2 KBK 2 12 44 33
3 Sunndal 12 21 27
4 Surnad. 12 5 25
5 AK 12 15 21
6 Tomref 12 8 19
7 Eide 12 3 17
8 Varfjell 12 -10 13
9 Frei 12 -21 10
10 Elnesv. 12 -42 7
11 Træff2 12 -24 6
12 Eidsvåg 12 -53 0

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Vann 3-0 "for halv maskin" PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
fredag 02. juni 2017 21:26

Vestnes Varfjell slo Frei 3-0 heime i Parken fredag etter skåringar av Markus Brudeseth, Amund Stavem og Elling Olafse (straffe). Sjå måla i VarfjellTV til høgre. Kampen var ikkje direkte velspelt og tempoet dårleg, men det heldt til ein komfortabel seier. Vestnes Varfjell hadde den første sjansen, men eit forsøk på brassespark frå Sivert Nerheim endte over etter ein corner. Amund Stavem hadde eit skot over etter 19 minutt. Frei var frampå to gongar før pause, men begge gongar hindra ei beinparade frå keeper Fredrik Bergslid skåring. 1-0 kom etter halvtimen. Sivert Nerheim sendte ballen fram til Tommy Kanishi Andreassen, keeper redda, men Markus Brudseth var først på returen.

Vestnes Varfjell heldt fram med å ha grei kontroll i andre omgang, men så lenge det sto 1-1 var det litt skummelt dei gongane gjestane kom på kontringar. Spenninga forsvann då Amund Stavem drog seg fri og sette inn 2-0 frå hjørnet av 16-meteren. Same mann skaffa straffespark då han gjekk over halve bana før han vart stoppa. Elling Olafsen sette inn straffen. Ingen stor kamp, men det var nok til å sikre tre viktige poeng. Det er heller ikkje kvar gong at laget heldt "nullen". Det skjedde ein gong i fjor, heime mot Åndalsnes (5-0), også då med unge Bergslid mellom stengene. Neste kamp er borte mot topplaget KFK fredag.

RBnett om kampen her (med fokus på keeper Bergslid) | Videoar i VarfjellTV: Høgdpunkt | Heile kampen

Kampfakta:

Vestnes Varfjell – Frei 3-0 (1-0)

4. divisjon fredag 2. juni 2017 kl 19
Vestnes idrettspark – 75 tilskuarar
Mål:

1-0 Markus Brudeseth (32)
2-0 Amund Stavem (68)
3-0 Elling Olafsen str (72)
Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male, Karl Arne Stokkeland - Markus Brudseth (Kim Rodi Brudseth 73.), Vegar Skare, Sivert Nerheim - Amund Stavem (Knut Stian Eik 85.), Elling Olafsen, Tommy Kanishi Andreassen
Gult kort: Varfjell: Amund Stavem (41). Frei: Roar Henden (90). Dommer: Ole Petter Lysgård, Kristiansen, Eide.

Sist oppdatert måndag 05. juni 2017 18:55
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Våre sponsorar