Banner

Sesongmeny

Neste kamp
laur., 30. sep. 2017 15:00
Elnesvågen
Elnesv.
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 22. sep. 2017 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
2-6 Kristiansund FK
KFK

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 18 75 51
2 KFK 19 62 43
3 Sunndal 19 38 43
4 Surnad. 18 1 34
5 AK 19 19 33
6 Tomref 19 18 33
7 Eide 19 12 29
8 Varfjell 18 -12 22
9 Frei 19 -41 14
10 Træff2 19 -21 13
11 Elnesv. 19 -65 10
12 Eidsvåg 18 -86 1

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Endeleg borteseier mot Træff 2 PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
søndag 21. mai 2017 14:02

Etter mange forsøk vart det seier borte mot Træff 2 for Vestnes Varfjell som vann 3-2 på Reknesbanen søndag. Sist laget tok poeng mot Træff 2 borte var i 2006 (sjå oversikt over tidlegare kampa her). Markus Brudeseth, Sivert Nerheim og Tommy Kanishi Andreassen skåra måla i ein kamp der laga veskla på å ha initiativet.

Vestnes Varfjell starta kampen best i regnveret på Reknesbanen og kom til gode skotforsøk ved Amund Stavem og Tommy Kanishi Andreassen. I andre enden måtte Varfjell-forsvaret reddet to gongar på streken i ein Træff-offensiv. Halvvegs i omgangen vart Markus Brudseth spelt igjennom i bakrommet, men keeper redda skotet. Så endte ein Elling Olfsen/Tommy Kanishi-kombinasjon med lobb over. Like etter var rollene snudd om, men skotet frå kloss hald gjekk utanfor. Træff, som kom sterkt utover i omgangen, hadde eit skot som skrudde i stolpen før laget kontra inn 1-0 like før pause. Skotet sneik seg forbi Varfjells unge målvakt Fredrik Bergslid, som elles sto trygt og godt. Magnus Nerheim kom nærast utlkning i første omgang, med ein susar i tverrliggaren.

1-1 sto det likevel rett etter pause. Varfjell braut etter ein Træff-corner. Karl Arne Stokkeland sendte i veg Markus Brudseth som frå spiss vinkel sette ballen vakkert i nettaket. Nokre minutt etter var bortelaget i leiinga. Træff-målvakta mista ballen og etter litt rot framom målet, fekk til slutt Sivert Nerheim pirka ballen over streken.

Træff 2 utlikna etter ein time, då Varfjell-forsvaret var for seine opp i presset på ballførar og ballen gjekk i boge via eit Varfjell-bein over keeper og i mål. Kampen sto no og vippa litt, men Varfjell var hakket farlegare når laget kom i angrep. 3-2 kom etter 67 minutt og var ein tru kopi av 1-1. Denne gongen var det Brudeseth som spelte fram Tommy Kanishi Andreassen. Kapteinen gjorde ingen feil og sette ballen kontant i nettaket frå skrått hald. Brudseth hadde sjølv ein sjanse til å auke, men skotet gjekk utanfor. Varfjell kontrollerte inn resten av kampen og tok med seg tre nye poeng over fjorden.

Neste kamp er heime mot Frei fredag 2. juni (spelefri til helga).

Laget: Fredrik Bergslid: Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male, Karl Arne Stokkeland - Sivert Nerheim, Vegar Skare (Yngve Solevågseide 63.), Markus Brudseth (Kim Rodi Brudeseth 85.) - Amund Stavem, Elling Olafsen, Tommy Kanishi Andreassen

Dommar: Terje Sorthe, Hjelset-Kleive. Gult kort Larhammer, Træff 2 (50)

Reknesbanen: 35 tilskuarar (10 Vestnes)

Sist oppdatert laurdag 27. mai 2017 07:14
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Våre sponsorar