Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 02. jun. 2017 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
--- Forhånds
Frei
Frei

Forrige kamp
Bane: Reknesbanen søn., 21. mai. 2017 14:00
Træff 2
Træff2
2-3 Vestnes Varfjell
Varfjell

Tabellen

# Team K Mål P
1 KFK 6 18 15
2 KBK 2 5 17 15
3 Sunndal 6 13 12
4 Tomref 6 7 12
5 AK 6 8 11
6 Surnad. 6 -4 10
7 Eide 6 7 8
8 Varfjell 6 -3 7
9 Træff2 6 -11 6
10 Frei 5 -8 4
11 Elnesv. 6 -28 1
12 Eidsvåg 6 -16 0

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Tapte lokaloppgjeret PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
tysdag 16. mai 2017 21:05

Tomrefjord kunne juble til slutt etter eit jamnt og tett lokalderby 16. mai. Heimelaget opna best og tok ei tidleg leiing. Eit utspark vart frå Varfjell-målvakta vart head tilbake av ein Tomrefjord-spelar. Ballen gjekk over og mellom to Varfjell-backar. Ken Robin Hildre tok seg av nedfallsfrukta, runda ein etrusande keeper og sette balle i mål frå skrått hald. Elling Olafsen utlikna like før pause. Eit langt framspel frå Karl Arne Stokkeland vart heada ned av Tommy Kanishi og Olafsen kunne enkelt sette ballen i ml. Vestnes Varfjell greidde å tilrive seg eit lite overtak utover i andre omgang, men greidde ikkje å omsette det i skåring. Tomrefjord låg lavt og satsa på kontringar. Det lukkast. 2-1 kom på eit langskot kvarteret før slutt. Det var to innbyttarar som sto for regien. Taklo la tilbake til Solbakken som fekk draumatreff på heil volley og ballen fauk inn ute ved stolpen.  3-1 etter kommunikasjonssvikt og ein regelrett bom av keeper. Djupvik snappa ballen og sette den i ope mål. Rundt 150 tilskuarar såg kampen i lett regnver. Vestnes Varfjell sleit med å få igang spelet sitt mot divisjonens gjerrigaste forsvar. Likevel hadde laget fleire gode sjansar både før og etter at heimelaget skåra i andre omgang: Amund Stavem skaut over på eit frispark frå god posisjon, Tommy Kanishi Andreassen hadde eit godt skot som keeper fekk slått til corner. På corneren vart eit frekt hælspark frå Karl Arne Stokkeland nesten farleg, men Tomrefjord fekk rydda unna. Mot slutten hadde Elling Olafsen eit skot like utanfor. Neste kamp er borte mot Træff 2 søndag. VarfjellTV: Sjå heile kampen her

Kampfakta
Tomrefjord - Vestnes Varfjell 3-1 (1-1)
4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Tomrefjord stadion, ca 150 tilskuarar
Tirsdag 16. mai 2017 kl 19
Mål:
1-0 (13) Ken Robin Hildre
1-1 (41) Elling Olafsen
2-1 (75) Aleksander Solbakken
3-1 (79) Simen Djupvik
Dommar: Kristoffer Lie Førde, Rival
Gult kort: Markus Brudseth (36) og Svein Erik Lange Male (77), Vestnes Varfjell; Daniel Holm Sundet (84) og Thomas André Brastad (90), Tomrefjord
Vestnes Varfjell: Adrian Gabrielsen; Adrian Liabø (Svein Erik Lange Male 46.), Karl Arne Stokkeland, Sivert Nerheim, Justin Sætre - Magnus Nerheim, Vegar Skare, Markus Brudseth (Ørjan Tangen 81.) - Amund Stavem (Knut Stian Eik 89.), Elling Olafsen, Tommy Kanishi Andreassen

 

Sist oppdatert onsdag 17. mai 2017 19:21
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Våre sponsorar