Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Sande stadion laur., 14. okt. 2017 15:00
Sunndal
Sunndal
4-5 Referat
Vestnes Varfjell
Varfjell

Bane: Eidsvåg stadion tys., 10. okt. 2017 18:30
Eidsvåg
Eidsvåg
0-8 Referat
Vestnes Varfjell
Varfjell

Bane: Vestnes Idrettspark søn., 08. okt. 2017 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
4-2 Referat
Surnadal
Surnad.

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 82 60
2 KFK 22 81 50
3 Sunndal 22 41 46
4 Surnad. 22 11 40
5 Tomref 22 19 38
6 AK 22 18 37
7 Eide 22 17 35
8 Varfjell 22 4 34
9 Træff2 22 -40 16
10 Frei 22 -51 14
11 Elnesv. 22 -70 13
12 Eidsvåg 22 -112 1

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Leda to gongar, men endte utan poeng PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
laurdag 29. april 2017 01:16

Vestnes Varfjell ledet både 1-0 og 2-1, men måtte returnere utan poeng då laget gjesta fjorårets serievinnar Averøykameratene på bortebane fredag. Markus Brudeseth og Vegar Skare sytte for 2-1-leiing til pause. AK snudde kampen i andre omgang og sikra sigeren på eit unødvendig straffespark.

Tidens Krav om kampen | Bilde frå kampen | Videosnutt

Vestnes Varfjell fekk ein draumestart på Bruhagen-kunstgraset. Alt etter fem minutt sat ballen i mål. Amund Stavem la inn i feltet til Markus Brudeseth som på heil volley sendte ballen i boge over keeper. Første seriemål for måndalingen etter overgangen frå Åndalsnes i vinter.

Vestnes Varfjell kjempa godt og hindra laget som vann 4. divisjon i fjor i å få igang spelet sitt. Men etter ein halvtime kom AK rundt på kanten og Christoffer Folland, som skåra over 50 mål i fjor, kunne uforstyrra heade inn utlikninga.

Heimelaget styrte banespelet etter dette, utan å skape noko. Mot spelets gang gjekk i staden Vestnes Varfjell opp i leiinga att då Vegar Skare heada inn 2-1 etter innlegg frå Tommy Kanishi rett før pause.

Det var heimelaget sin tur til å starte best etter kvilen. Eit innlegg på bakre stolpe vart heada i mål av Joakim Hoset. Like før meinte Markus Brudeseth seg snytt for straffe då han fekk ballen litt for langt framom seg, men også vart stoppa av ein utrusande keeper. Også Amund Stavem meinte han hadde ei god sak då han var igjennom og vart skubba ut av balanse.

I staden var det heimelaget som fekk sjansen frå straffemerket. Ein unødvendig situasjon der Kanishi skulle skjerme ballen ut, ein AK-spelar fekk snappa ballen og vart hindra av ein utrusande Varfjell-keeper. Folland sette inn det som skulle vise seg å bli vinnarmålet.

Vestnes Varfjell prøvde å komme tilbake, men kom ikkje nærare enn eit skot like utenfor frå Amund Stavem. Også Vegar Skare kunne ha skåra sitt andre då han fekk ballen etter eit fint gjennomspillingen, men valgte å sentre framfor å skyte sjølv. AK hadde eit par gode forsøk i ein sjansefattig kamp.

God innsats heldt ikkje til poeng, men igjen viste laget at dei ikkje er så langt bak laga som er toppa i toppen av tabellen. Markus Brudeseth starta godt og var farlegaste angrepsvåpen saman med Kanishi og Stavem. Bak var Karl Arne Stokkeland igjen solid heilt til han hinka ut med skade.

Bortekamp nummer tre på rad ventar måndag då KBK 2 er motstandar.

Kampfakta:

AK - Vestnes Varfjell 3-2 (1-2)

Bruhagen kunstgras, 50 tilskuarar

Laget: Gabrielsen, Kjørvik, Lange Male, Stokkeland (Tangen 71.), Liabø (Eik 78.) - S Nerheim, Skare, Stavem - KR Brudeseth (M Nerheim 46.), M Brudeseth, Kanishi

Gult kort: Kanishi, Lange Male, M Nerheim

 

 

 

 

 

 

Sist oppdatert tysdag 02. mai 2017 16:20
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Våre sponsorar