Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Syltøran stadion laur., 24. jun. 2017 14:30
Surnadal
Surnad.
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 16. jun. 2017 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
3-0 Elnesvågen
Elnesv.

Tabellen

# Team K Mål P
1 KFK 10 45 27
2 KBK 2 9 32 24
3 Sunndal 10 11 21
4 AK 10 21 20
5 Tomref 9 10 18
6 Surnad. 9 -1 16
7 Varfjell 9 -3 13
8 Eide 9 5 11
9 Frei 9 -17 7
10 Træff2 10 -19 6
11 Elnesv. 10 -38 4
12 Eidsvåg 10 -46 0

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Opna med sterkt bortepoeng og rekord-debut PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
fredag 21. april 2017 21:43

Vestnes Varfjell opna årets 4. divisjon med å spele 2-2 borte mot Eide i ufyseleg vær fredag kveld. Amund Stavem gav laget leiinga før pause, før heimelaget snudde kampen etter to mål av målsniken Stig Roar Søbstad. Eit kvarter før slutt dukka Karl Arne Stokkeland opp og heada inn ei fortent utlikning. Stortalentet David Sissoko debuterte for A-laget. Han blir ikkje 15 år før i desember, og slo dermed rekorden til Fredrik Bergslid frå i fjor som den yngste som nokon gong har spelt for A-laget til Varfjell. 14 år og 127 dagar lyder den nye rekorden. Debut i offisiell kamp var det også for nykommarane Markus Brudeseth og Kim Rodi Brudeseth.

BILDE FRÅ KAMPEN | TIDENS KRAV OM KAMPEN |

Ingen av laga greide å dominere i første omgang. 21 minutt var spelt då Justin Sætre sendte iveg eit skot som trefte begge stolpane. Vestnes Varfjell greide å halde trykket oppe, og Amund Stavem skaut laget i leiinga 1-0.  Dessverre svarte Eide like etter då eit frispark frå 25 meter sneik seg forbi Vestnes Varfjell-målvakta. Tommy Kanishi hadde ein stor sjanse til å sende gjestane tilbake i leiinga, men fekk ballen litt for brått på seg og skotet frå kloss hald gjekk rett på keeper. I andre enden reddar Gabrielsen meisterleg eit godt skot frå Søbstad og ei heading frå Halås. Dermed 1-1 ved halv tid.

Eide reiv til seg eit lite overtak i starten av andre omgang, men dei store sjansane utevart før Eide utnytta balltap frå Vestes Varfjell og kontra inn 2-1 ved Søbstad kvarteret før slutt. Like etter hadde same mann ein frekk lobb som trefte stolpen. I staden for 3-1, sørga Karl Arne Stokkeland for poengdeleing då han dukka opp på ein corner og heada kontant inn utlikninga.

Begge lag kjempa på for å få det avgjerande målet, men kampen ebba ut på 2-2. Eit rettferdig resultat i ein kamp som kunne ha bikka begge vegar.

Stokkeland får bestemannsprisen, plasseringssterk og sikker med ballen skapte han ro i midtforsvaret. Framover var Tommy Kanishi og Vegar Skare konstante truslar mot Eide-forsvaret.

Toppskårar dei siste sesongane, Elling Olafsen, har knekt nasen og var mellom dei som ikkje var med i troppen. Averøykameratene er neste kamp, den blir snudd og spelt på bortebane sidan Vestnes idrettspark skal få nytt kunsgras i neste veke.

Mål:

0-1 (23) Amund Stavem

1-1 (25) Stig Roar Søbstaf

2-1 (72) Søbstad

2-2 (78) Karl Arne Stokkeland

 

Laget: Gabrielsen; Sætre (Eik 85), Stokkeland, S Nerheim, Liabø (Sissoko 69) - M Nerheim, Skare, Stavem - Kanishi (Lange Male 89), M Brudeseth, KR Brudseth

Eide kunstgras fredag 21. april 2017 kl 19 - 130  tilskuarar

Gult kort: M Nerheim (60), Sætre (84), to til Eide

Dommar: Johannes Remøy, Rival

Sist oppdatert onsdag 26. april 2017 08:30
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Våre sponsorar