Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Eidsvåg stadion fre., 25. aug. 2017 19:00
Eidsvåg
Eidsvåg
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 18. aug. 2017 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
1-2 Kristiansund BK 2
KBK 2

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 14 53 39
2 KFK 14 50 33
3 Sunndal 14 25 33
4 Surnad. 14 10 31
5 Tomref 14 12 25
6 AK 13 13 21
7 Eide 14 7 21
8 Varfjell 14 -9 16
9 Frei 14 -28 10
10 Træff2 13 -24 7
11 Elnesv. 14 -45 7
12 Eidsvåg 14 -64 0

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Tapte mot Eidsvåg PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
fredag 03. mars 2017 22:40

Vestnes Varfjell måtte sjå seg slått for første gong i år då divisjonskollega Eidsvåg vann 4-3 på Reknesbanen i Molde fredag. Eidsvåg starta klart best og var i leiinga 2-0 før ti minutt var spelt. Seinare auka bruntrøyene til 3-0 på straffespark. Vestnes Varfjell kom tilbake og skapte nokre store sjansar mot slutten av omgangen, mellom anna heada Elling Olafsen i stolpen og Svein Erik Lange Male sendte eit frispark frå lang avstand i tverrliggaren.

Eidsvåg skåra først også etter pause, men resten av kampen tilhøyrde Vestnes Varfjell. Amund Stavem, Elling Olafsen og Vegard Skare reduserte ein gong kvar. Laget hadde også i denne omgangen fleire avslutningar i stengene. Eidsvåg fekk ein spelar (Brakstad) utvist på slutten. Eidsvåg om kampen

Kampfakta:

Eidsvåg - Vestnes Varfjell 4-3 (3-0)

Reknesbanen fredag 3. mars 2017 kl 19.30

1-0 (3) Tore E. Klokseth

2-0 (6) Fredrik Dalum Sødahl

3-0 (19) Tore E. Klokseth (straffe)

4-0 (65) Pål Bergsvik

4-1 (67) Elling Olafsen

4-2 (78) Amund Stavem

4-3 (83) Vegar Skare

Laget: Gabrielsen, Solevågseide, Male, Kjørvik, M Nerheim - Skare, Stokkeland, S Nerheim - Stavem, Olafsen, M Brudeseth

Inn i pausen: Liabø og KR Brudeseth for Solevågseide og Kjørvik. Stokkeland flytta ned som midtstoppar

Sist oppdatert tysdag 14. mars 2017 14:54
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Våre sponsorar